Anmeldelse
Vitskapsfilosofisk danningsreise
BOKOMTALE: Boka Vitenskapsteori for humaniora tar lesaren med på ei danningsreise 20. hundreåret, som modererer kontrasten mellom analytisk og kontinental vitskapsfilosofi.
Av Rasmus Slaattelid, førsteamanuensis ved Senter for vitenskapsteori, Universitetet i Bergen
Dei humanistiske faga er i vinden. Humaniorameldinga kom i mars, Forskningsrådet evaluerte norsk humanistisk forsking i mai, og i følgje kunnskapsministeren skal den komande revisjonen av langtidsmeldinga reflektere humanioras rolle som «sjølvstendige kunnskapsleverandørar i møtet med vår tids store samfunnsutfordringer»1. Når Stefán Snævarrs bok Vitenskapsfilosofi for humaniora kjem ut same år, kunne ein snart kome på den tanken at boka vil melde seg på i debatten om humanioras rolle. Dette reiser straks spørsmålet om kva for tema som er vitskapsfilosofisk relevante, og kva som ikkje er det. «Vitenskapsfilosofi», skriv Snævarr, «er filosofien om vitenskapenes natur og deres metodologi(er)». I «vitenskapenes natur» inngår spørsmål som «hva er viten», «hva er en vitenskapelig forklaring», «hva er fortolkning, observasjon, og eksperimenter», og «er humaniora og naturvitenskap to alen av samme stykke?» (s. 13) Snævarr dreg innleiingsvis eit skarpt skilje mellom vitskapsteori og vitskapsfilosofi, og definerer det siste relativt snevert slik at spørsmål knytt til vitskapane sitt høve til historisk og sosial kontekst, til politikk og verdispørsmål fell utanfor. I dette perspektivet er det irrelevant kva Stortinget måtte meine om verdien av humanistisk forsking. Det er likeeins irrelevant korleis humanistisk forsking går føre seg i praksis. I staden står metodiske spørsmål i fokus, analyser av sentrale omgrep i vitskapsfilosofien, og ein gjennomgang av vitskapsfilosofiens historie.
Første halvdel av boka drøftar sentrale skuleretningar i 1900-talets vitskapsfilosofi, som logisk emprisme og kritisk rasjonalisme, fram til Thomas Kuhn og Arthur Danto. Andre halvdel tek opp humanistiske fags vitskapsfilosofi spesifikt, ei innføring organisert i tematiske bolkar om framveksten av historiefaget, hermeneutikk i ulike variantar, poststrukturalisme, postmodernisme, og feministisk kritikk. Boka er såleis ikkje ei lærebok i humanioras vitskapsfilosofi, men snarare ei innføring i generell vitskapsfilosofi, supplert med ei drøfting av grunnlagsproblem i humanistiske fag.
På desse premissane fungerer boka godt. Snævarr skriv seg inn i ein norsk læreboktradisjon der vitskapsfilosofar som Kjell S. Johannessen, Erik Brown, og Dagfinn Føllesdal, Lars Walløe og Jon Elster høyrer til førelegga. Boka er gjennomarbeidd, språkføringa levandegjer skuleretningar og posisjonar. I Snævarrs forteljing finn du både «skap-hermeneutikere» og «hardbarkede analytiske vitenskapsfilosofer». Det styrande prinsippet for framstillinga er ei inndeling av vitskapsfilosofien i to delar; «analytisk og pragmatisk vitenskapsfilosofi» og «kontinental vitenskapsfilosofi». Dette grepet kan vere nyttig didaktisk, det skapar kontrast mellom vitskapsfilosofiske posisjonar, og ordnar narrativet på ein klår og oversiktleg måte. Det er også djupt problematisk så snart analysane går under overflata på filosofiske spørsmål. Ålmenne utsegn som at analytiske filosofar «legger vekt på klar fremstilling, og er orientert mot matematikk og naturvitenskaper og/eller sunn fornuft», medan «[k]ontinentalfilosofer [ofte]skriver på en vanskelig, høytravende måte eller på et litterært vis» (s. 15) er filosofisk sett lite informative og historisk tvilsame. Vidare får vi vite at dei analytiske vitskapsfilosofane ofte er «skeptiske til kontinentalfilosofene, som de mener driver tungetale og fremsetter teorier som svever i den løse luft», medan dei kontinentale «kvitterer med å kalle analysene til sine motstandarar for innhaldstomme» (same stad). Referansen til Alfred J. Ayer (1910-1989) mot slutten av det aktuelle avsnittet kontekstualiserer implisitt desse stereotypiane, men let oss ikkje få vite om forfattaren deler Ayers oppfatningar om «kontinentalfilosofane».
Ved å kolportere ein polemikk artikulert av den 25 år gamle Ayer i 1936, mot det han kalla metafysikk, og bruke denne til å strukturere boka, får Snævarrs framstilling allereie frå første kapittel eit lett utdatert preg. Ettersom eg arbeider meg gjennom boka vert det gradvis klart at Snævarr brukar denne skarpe todelinga meir som eit litterært grep for å skape driv i framstillinga, enn som eit analysereidskap for å skildre ein fundamental skilnad. Om ein ser boka under eitt, nyanserer analysane denne enkle motsetninga, og mot slutten får ein ei kjensle av at forfattaren har invitert den unge Ayer, og lesaren, med på ei danningsreise gjennom vitskapsfilosofien i det 20. hundreåret, som modererer den innleiande kontrasten mellom analytisk og kontinental vitskapsfilosofi etter kvart som dei vitskapsfilosofiske problema vert utvikla og drøfta.
Notar
1 Røe Isaksen, Torbjørn (2017) Høringsbrev for revisjon av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 12. mai 2017. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/innspill-til-revidering-av-langtidsplanen-for-forskning-og-hoyere-utdanning/id2553215/ (lasta ned 31.10.2017)