Skisse av Kierkegaard av Christian Olavius Zeuthen (1812–1890). Kilde: Wikimedia Commons

Moralske kvalar og etiske kvalitetar

Eg har gjort meg kvalar med denne bokmeldinga av Agnes Ravatns Stoisk uro og andre filosofiske smular. Ravatn (f. 1983) – ein ung og produktiv skribent, journalist og forfattar som skriv godt og fint, flytande nynorsk – har skrive nok ei vittig og innsiktsfull bok.

Publisert Sist oppdatert
Stoisk Uro og andre filosofiske smular av Agnes Ravaten, Samlaget 2018

Her driv Ravatn igjen vidd med seg sjølv og andre, og denne gongen også med filosofien som fag: «Er det berre eg, eller er faget filosofi litt skuffande? Det har alle føresetnader for å vere det mest interessante i verda, men så blir det likevel alltid akkurat litt for abstrakt, for kjedeleg, for tungt og for umuleg å relatere til eige liv» (s. 13). Mange har nok tenkt liknande tankar og kan nikke attkjennande, for her blir det spela på den eldste og mest utbreidde fordommen mot filosofi: At den er livsfjern og upraktisk.

I denne boka får lesarar med slike fordommar valuta for pengane, men dei får seg også ein leksjon i kva filosofi kan vere. Det er såleis tale om ei anti-filosofisk filosofibok, kor skjemt og alvor går saman i hag og ven sameining

Kort om boka

Tekstane i boka er opphavleg skrivne for den nynorske vekeavisa Dag og Tid, og tar opp slike moralske kvalar som botnar i vår uvisse om kva som er rett å gjere, om kva som er gyldige normer og verdiar, om korleis ein skal leve livet sitt. Kva for målestokkar har ein for dét? Kort sagt handlar boka om det moderne menneskets vaklande vurderingsevne i livsviktige saker.

Det går lett og ledig føre seg. Det heile er snedig og fiffig. Det er passeleg kvast og med ein klår eksistensiell klangbotn. Nivået til Ravatn – når det gjeld språkføring, kunnskap og innsikt – er så mange hakk høgare enn det me elles må tole i ålmenta, slik det utartar seg (folk seier faktisk dét) i alle meir eller mindre sosiale media, at ein gjer seg von om betre tider. Det er håp – for nynorsken, for kunnskap og innsikt, for filosofien og framtida!

Kvifor har eg då gjort meg kvalar? Som det går fram av denne meldinga, har det å gjere med måten emnet er handsama på, men òg med komposisjonen, sjangeren og stilen til Ravatn.

Lette, litterære grep

Boka er delt i to deler, kor «Stoisk uro» viser til fyrste del og «andre filosofiske smuler» viser til den andre delen og til Kierkegaard, men det er ingen stram komposisjon her, for delane viser berre til to ulike fasar i eit av Ravatn sine journalistiske prosjekt: Å teste ut etiske teoriar eller perspektiv i praksis.

Eg kunne altså ønskt meg ein stramare komposisjon, og så irriterer eg meg over at Ravatn lar «filosofi» gå opp i «etikk», men la meg starte med dei enklaste, språklege verkemidla: «Stoisk uro», «den kopernikanske bindinga», «kategorisk kråkespråk», «framtida i mine hender», «nettet snører meg saman», «som fisken i brakkvatnet». Eg vedgår utan atterhald at eg likar slike enkle språklege triks som får ein til å tenkje. Eg tenkjer: «Ja, stoisk uro – det har eg og tenkt! (eller: kvifor har ikkje eg tenkt på dét?)». «Ja! Den kopernikanske bindinga – for ei flott og treffande formulering! Det er jo dét det handlar om for Kant: Å binde oss til eit bestemt filosofisk perspektiv, slik Odyssevs batt seg til masta for å få høyre Sirenene syngje!», og så vidare.

Det er eit «men» her: Det er lett å nære illusjonen om at den som skriv dette også har tenkt det, dette som ein sjølv kjem til å tenkje nå ein les. Det er fordi trua på at ein fyrst tenkjer og dinest finn passande ord og uttrykk for det ein har tenkt, slik at bodskapen kjem mest mogleg uhindra fram til mottakaren, framleis står så sterkt. Slik er det, trass i at både den lingvistiske vendinga i filosofien og personlege erfaringar fortel oss at det nok må vere annleis. Eit døme: Å leike seg med ord er noko av det kjekkaste som finst. Denne leiken startar tidleg og føder ofte tankar ein slett ikkje hadde tenkt før ordspelet starta. Likevel tenkjer me at når noko blir sagt og særleg når det står skrive, så må det også vere tenkt. Slik treng det altså ikkje vere, for språket rommar alltid meir enn det språkbrukarane maktar å tenkje, anten dei skriv eller les, talar eller lyder. Det er også grunnen til at det som er klårt formulert ikkje treng vere klårt tenkt, sjølv om det ofte er slik at det som er uklårt formulert er uklårt tenkt. Kva med det som er godt formulert – er det klårt eller uklårt tenkt, godt eller dårleg tenkt?

Språkbruk er altså ei av kjeldene til erkjenning, både for den som spelar seg med ord i skriveakta, for den som ditto strevar med å formulere ein tanke og eit argument og for den som nyt ordspela eller granskar argument i leseakta. Spørsmålet er om det estetiske spelet fører vidare til ekte innsikter i etiske og epistemologiske saksforhold, på same måte som strevet med å artikulere tankar og argument. Dét er ikkje sikkert, men det er mogleg. Er Ravatn sakleg sett på høgde med sitt eige, enkle og gode språk? Gjer ho det arbeidet som skal til for at dette ikkje skal bli for lettvint? Kjem saka til sin rett?

Ro, ro til stoisk ro, hoppande, springande, dansande, i lette sprang

Det er billeg å putte inn bokstaven «u» i uttrykket stoisk ro. Det kostar ikkje mykje og ein treng ikkje tenkje stort for å gjere det. Det er berre å føye til ein bokstav, så er det gjort, men kva handlar saka om?

Å ta noko med stoisk ro, vil seie å leggje avstand til det som uroar og rører til sinnet, slik at det blir klåra og ikkje tilgrumsa. Uroa er nettopp det som skal handterast, ved at ein distanserer seg frå kjeldene til uroa, slik at ein blir fri til å «ta det med ro». Stoikarane er sjølve urolege for kva ei slik tilkjempa ro kan føre med seg, så den uroa ligg allereie i den stoiske tanken. Sinnet er sjølv ei kjelda til uro, så sinnsro er eit mål, men denne roa er difor også eit problem. Så problemet er i alle fall uro. Difor måtte uroa til Ravatn, om ho skulle vere på høgde med det stoiske saksforholdet, handle om kva denne distanserte livshaldninga kan føre til, om det som gjer at ho har den motsette verknaden i høve til det ho skulle ha: Ei tilkjempa stoisk ro skulle gjere livet betre, men fører til ei totalt livsfjern haldning og eit tap av tilknyting til verda. Ein spør seg under lesinga av del ein om Ravatn er på høgde med dei etiske problemstillingane frå Sokrates og fram til Marcus Aurelius, kor det handlar om tilhøvet mellom dygd, kunnskap og lukke?

Nei, det er ho sjølvsagt ikkje, og kven kan vel seiast å vere dét? Spørsmålet er jo også kva ein kan lære av å lese filosofi, som kan vere til nytte i eige liv. Der tykkjer eg Ravatn har lukkast med å knyte ein liten flik av den etiske tradisjonen frå antikken inn i vår tid og gjere han relevant i sitt eige liv, og det er jo ikkje lite. Så difor kan eg lett tilgi flåset og at etikk blir pars pro toto for filosofi.

Det er også billeg å flotte seg med Kierkegaard i undertittelen og snakke om «filosofiske smular», sjølv om heile del to står i Kirkegaards teikn. Det ligg litt for nært slike overflatiske blødmer som amerikanarane kallar «wisecracks». Dei er kanskje meint som smålåtne og vittige vitneprov om vidd og pregnans, men kan like gjerne stå fram som prov på eit overflatisk sinn. Det er kanskje difor Pascal ein stad åtvarar mot folk med vidd. Dei er ofte forvirra, lettsindige og karaktersvake, med hang til nyting, posering og skodepel. Dei er estetikarar som forstiller seg sjølv og måler alt anna utifrå tvedelinga «interessant-keisamt», slik Kierkegaard har analysert det for oss og slik Oscar Wilde – av andre grunnar enn Kierkegaard – praktiserte det. Eit anna ord for dette er «dekadanse».

No er det ingenting i vegen for å ta med seg eit lett og flytande språk inn i det etiske stadiet, men det fører lett vidare til slapt språk og spissborgarleg moralisme, som er utan brodd, konsekvent hyklerisk og manglar eit motstykke i handling. Ved enden av det etiske stadiet ventar i fylgje Kierkegaard spranget over i det religiøse. Då skal ein kaste seg ut på djupet, når den eldste visdomen om at alt er fåfengd endeleg går opp for ein, når korkje det «lette» estetiske eller det «tunge» etiske stadiet stiller sinnet i ro eller livet tilfreds.

Frå det lette, via det tunge til det djupe, ja, slik skulle gangen frå det estetiske via det etiske til det religiøse gå, men få av dei som i dag diggar Kierkegaard vil ta det siste spranget, heller ikkje Ravatn: for det endelege målet, det religiøse stadiet, er det stadiet «der alt blir heilt sprøtt: Der skal ein ikkje berre miste fortfestet, men kaste seg utpå heile sytti tusen famnars djup og tru på Gud av hjartans lyst, eine og åleine fordi det ikkje finst noko som er så utruverdig som Gud!» (s. 72).

Om ein ikkje finn seg ein kyrkjelyd å vere i, kan det religiøse stadiet ende opp i kvietisme på den eine ytterkanten eller terrorisme på den andre. Den fromme mystikaren kan fjerne seg frå verda – la den vere som den er – og la sjela finne kvile hjå Gud, medan den religiøse fanatikaren kan slå lag med den politiske nihilisten, for å jamne den dekadente filisterverda med jorda og slik reie grunnen for ein ny himmel og ei ny jord.

Då blir spørsmålet til del to i boka dette: Er det så enkelt å lese Kierkegaard som Ravatn og andre norske forfattarar ser ut til å meine, som ein eksistensialist med ein for vår tid passeleg «autentisitetens etikk»? Ja, det er tydelegvis dét, men det er i mine auge ein lesemåte som kuttar alle band til Kant og den tyske idealismen, og med det blir tre utfordringar sett til side: (1) Den om å tenkje over forholdet mellom filosofi og ikkje-filosofi (t.d. det religiøse), (2) den om å tenkje igjennom forholdet mellom den personlege avgjerda og dei antropologiske strukturane og (3) den om å tenkje over forholdet mellom den einskilde og systemet. Dei er alle tre utfordringar som blir tatt opp innan det som blir kalla «filosofisk antropologi», som eg gjerne slår eit slag for.

Det er elles påfallande at eit utprøving av utilitaristisk nytte og nytingsetikk er heilt fråverande i boka. Det er rett merkeleg, ettersom det er ein filosofi nettopp seier at handlingar må målast utifrå kva fylgjer dei får. Den har dessutan har klåre tilknytingspunkt både til den etiske tradisjonen frå antikken (den med vekt på lyst, nyting og lukke) og i ein viss grad til den moderne eksistensialismen (med vekt på individet sitt ansvar for eiga lukke). Det er også denne filosofiske tradisjonen mange i dag stør seg til, som er mot fattigdom og for dyreveldferd, vegetarianisme og veganisme. Kanskje det er fordi denne nytte- og nytingsfilosofien er ein vesentleg del av det problemet som Ravatn baksar med i denne boka?

Litt om metoden

Spørsmålet denne meldaren stiller er altså om den utprøvinga av ulike filosofiske posisjonar som Ravatn gjer, er like billeg og kostnadslaus som det er å vri og vrenge på ord og uttrykk. Det er synd om det skulle vere slik, og synd skal her stå for både den vanlege meininga på norsk («dumt og litt leit») og den greske originalen: hamartêma. Det er det greske ordet for «mistak», som i Det nye testamentet er omsett med ordet «synd». Det er ikkje tilfeldig at eg dreg inn dette, for ein viktig motivasjonen for prosjektet er nemleg denne: «Eg hadde latt meg søkke ned i ei hengemyr av dødssynder: rastløyse, apati, kikkarmentalitet, egosentrisme og idioti» (s. 13). Denne hengemyra av dødssynder kunne kanskje filosofien hjelpe unge Ravatn med å kome ut av?

Då kunne ein leiast til den tanken at heile det prosjektet som boka spring ut av, nemleg tanken om «å lære meir om dei ulike filosofiske skulane ved å teste korleis dei eigentleg fungerer i praksis, i dagleglivet» (s. 7) var eit mistak, ein feil som botnar i ein fordom og ei sviktande innsikt både i livet og filosofien. Då ville heile freistnaden på å bruke filosofien og setje den på prøve vere dømt til å feile, fordi det er ei handling som er sett i gang «mot betre vitende».

Javel, korleis dét? Er det ikkje ein god idé å prøve ut korleis ein filosofi fungerer i praksis? Mykje kan jo høyrast bra ut i teorien, utan å duge i praksis. Det veit vel alle? Og alle veit at praksis jo må vere sjølve prøvesteinen for all teori, anten han kallar seg filosofi eller noko anna, eller? Vel, i mine auge er denne premissen for prosjektet forhasta. Det vil ikkje seie at han er falsk, men at han er ureflektert. Den er ei gjengs meining, det grekarane kalla eit enthymem, ein underliggjande premiss som Ravatn tar for gitt og legg til grunn i prosjektet, utan eigentleg å tenkje over han. Hadde ho gjort dét, kunne ho kanskje ha oppdaga litt av den rike, filosofiske litteraturen om aktualiteten i arven frå antikkens etiske tradisjon (kjende namn som Alisdair MacIntyre, Martha Nussbaum og Julia Annas melder seg straks) i staden for å plukke tilfeldige lesefrukter frå histen og pisten.

No er eg kanskje urettvis, men det er noko med denne metoden som får meg til å bruke ordet mistak, for ikkje å seie misbruk. Metoden er denne: Å lettbeint raske saman ting ein finn her og der, framfor alt på nettet, for så å sy det saman til ein tekst med ein passeleg (sjølv)ironisk tone, med småsarkastiske utfall mot eitt og hitt, i pur «[s]krive og nedrakkingsglede» (s. 7). Eg skal ikkje seie at det er sjokkerande, for dette er ein rett så vanleg og produktiv metode, men det er nokså ubehageleg når Ravatn utan vidare fortel oss at ho har «rett og slett henta setningar eller heile avsnitt frå elevtekstar på daria.no» (s. 10). Ære vere Ravatn for at ho er ærleg, men er slikt ferdalag heilt i orden mellom journalistar og forfattarar i dag, så lenge ein opplyser om det? Her ligg det i mine auge eit etisk problem som Ravatn frekt koketterer med og som ho heller burde reflektere over. Men: Det er menneskeleg å feile, mistak fører som kjent til innsikt og det er også mykje å lære av andre sine feil.

Sjangerkategorimistak og stilproblem?

Metoden er elles å ta det på alvor, det som blir sagt og skrive av filosofar, å ta det på ordet, ta det aldeles bokstavleg, for på den måten å gjere dei leste orda om til handling i kvardagen. Men då blir det også ofte på sin plass å tale om det filosofar generelt kallar eit kategorimistak, i dette tilfellet eit sjangermistak: Teoretiske arbeid som er meint å vere ei hjelp til innsiktsgjevande ettertank, dei tar ein som manualar til etisk-estetisk livskunst, på lik line med oppskrifter i sjølvhjelpsbøker: Om du vil «både vere god og ha det godt» (s. 7), gjer slik og slik! I den antikke etiske tradisjonen kan det nok vere gode grunnar til å lese filosofibøker som instruksjonsbøker til livet, men då meir som hypomenmeta eller påminningsbøker om kva som er viktig i livet, og problemstillingane i denne tradisjonen er ikkje mindre aktuell i dag, men nokre tankar om kvifor relevans for livet skal vere eit mål på om ein filosofi har noko føre seg kunne altså vere på sin plass.

Og så er det dette, noko som plagar meg litt med både sjangeren og stilen til Ravatn: Å ta det som er skrive bokstavleg, er å ta det som står skrive i overført tyding – bokstavlig talt, som ein seier. Dette er typisk for journalistar: Når dei meiner noko i overført tyding, seier dei «bokstavlig talt!» Det er ein eigen journalistmetafor for at «no talar eg i overført tyding, altså, bokstavlig talt!», utan at dei gir teikn til å forstå kva dei held på med. Her hjå Ravatn skal noko overførast frå tekst til handling, som om det var mogleg å gå beinvegs frå leseakta til handlingslivet, men då blir prosjektet i mine auge tufta på det Jean-Paul Sartre kalla vond tru (mauvaise foi): ein latar som om ein trur på noko ein eigentleg ikkje trur på, noko ein innerst inne veit er sjølvluring, berre for å underhalde seg sjølv og andre med illusjonar om kva ein sjølv er eller ikkje er eller kan bli til.1 Denne særeigne journalistsjangeren og -stilen er prega av det Alfred N. Whitehead kallar «the fallacy of misplaced concreteness», som er å forveksle ei tru, ei meining eller eit omgrep med den konkrete referansen for denne, den referansen som ein tilfeldigvis sjølv har eller kjenner til.2

Eit døme frå boka: «Berre så me veit kva me snakkar om: Ei famn er altså omtrent 188 centimenter, så 131 600 meters djup er det Kierkegaard meiner det er rimeleg å kaste seg ut på» (s. 73). Dette er jo vittig, sjølvsagt er det vittig, og slikt held jo komikarar heilt medvitne på med, og då kan det vere innsiktsgjevande. Stilen til Ravatn er elles reflektert, herleg ærleg og rett fram, så denne teknikken med å vere hyperkonkret fungerer ganske godt, sjølv om den også er nokså lettvint. Andre gongar er denne typen malplassering uforvarande, misforstått eller direkte dum, og det er då det går gale. Det har Ravatn elles eit fint lite stykke om i boka, under overskrifta «elegi for ein komikar», kor det handlar om skilnaden mellom ironi og humor og om kor gale det kan gå med dårlege vitsar som i tillegg er malplasserte. Ta og les!

Det er også eit anna spørsmål om sjanger her. «Essay» kallar ein i våre dagar alle tekstar som er velformulerte, subjektive og resonnerande, men Ravatn ligg her nærare kåseriet og reportasjen. Når tekstane er skrivne for Dag og Tid, må dei jo vere lett tilgjengelege, samt ha litt nynorsk kjekkaseri og motkulturell sprut i seg, men samstundes er det også ein pretensjon i desse tekstane, ein pretensjon frå forfattaren si side om å seie noko viktig om filosofifaget, kva det skal vere godt for og kva det kan lære oss om livet. Det er også ei melding til filosofifaget her: Kan hende skulle filosofifaget ta ein runde med seg sjølv om kva det vil seie å vere nyfiken, tenkje klårt og ta ansvar? Ein slik bodskap er kanskje lettare å få fram – til ålmenta og kanskje også til filosofiprofesjonen – i ei bok som dette enn i fagfellevurderte forskingsartiklar?

Mitt spørsmål blir om denne typen tekstar evner å bere fram noko vesentleg i så måte, noko som ikkje berre er pludder, skvalder og vissvas? Eg stiller meg litt tvilande, men vender attende til spørsmålet heilt til slutt. Fyrst vil eg seie litt meir om boka og korleis ho etter mitt syn bør lesast.

Til boka, til forfattaren

Eg les boka som ein liten danningsroman heller enn som ein serie essays om filosofi i teori og praksis. Ravatn fortel om ein veg ho har gått gjennom denne boka, ein veg som fører både lesaren og forteljaren frå den pur unge kvinna frå landsbygda, ho «som ein gong var så lovande, så nyfiken, så interessert i verda» (s. 13), via den framleis nokså unge kvinna som bur i Oslo og er «nesten fullstendig fri» (s. 9) og fram til den vaksne kvinna som bind seg og vender attende til landsbygda, til eit «aude og forlate småbruk i bygda Valevåg på Vestlandet» (s. 8).

Denne forteljinga tar form som ein serie kåseri om filosofi i praksis, i ein slags gonzo-journalistisk reportasje-stil, og endar opp med ein naturalistisk livsfilosofi om det gode livet på landet, med støtte i Aristoteles « – filosofen som aldri kom til orde elles i denne boka – og hans tankar om lykke: Mennesket har visse ibuande behov, drifter og evner, som saman utgjer menneskenaturen. Får me tilfredstilt behova og driftene, og samstundes utvikla og utfalda evnene, opplever me livet som godt» (s. 9). Sjå der, der var den fliken av den etiske tradisjonen frå antikken som Ravatn knyter inn i sin tekst, sitt liv og vår tid.

Det springande punktet i boka – ein crux philosophorum eller tankekross, som blir det vendepunktet i forteljinga som fører fram til ei nyfigurering av forteljaren sitt eige liv – er delen om Kierkegaard, som i avsmak for all viraken kring «Kierkegaard-året» (2013) sluttar med å peike på David Henry Thoreau: Walden. Livet i skogen. Den påpeikinga indikerer nok eit nytt skriveprosjekt for Ravatn, tenkjer eg.

Ein kan seie at å vere nyfiken, tenkje klårt og ta ansvar, det er kva filosofien i det vesentlege har å lære frå seg. Ravatn ser ut til å ha tatt med seg noko av dette frå den filosofiske lektyren og inn i tekstane sine, men det ser også ut til å vere noko som på sett og vis allereie var der, i livet hennar.

Til sist

I tråd med den same haldinga som Ravatn har til filosofifaget, ei ambivalent haldning som eg kallar humoristisk-humanistisk, har eg stilt nokre spørsmål til prosjektet i boka og måten Ravatn har gjennomført det på. Kjem saka til sin rett?

Det er ein dobbel filosofisk pretensjon i teksten, slik eg ser det. Ravatn seier noko om filosofi til ålmenta og ho seier noko om filosofifaget til fagfilosofar. Det er kanskje urettvist av meg å seie dette, for Ravatn har nok ikkje hatt ein intensjon om å kommunisere noko direkte inn mot filosofifaget, til fagfilosofar. Det er likevel ein implisitt bodskap i teksten, som ligg i heile prosjektet om å teste filosofiens praktiske nytte. At den premissen er forhasta, tyder ikkje at han er falsk, som sagt. Det ligg såleis eit spørsmål om korleis ein skal oppfatte filosofien og lurer her. Har ein, for å spørje med Kant, eit Schulbegriff eller eit Weltbegriff om filosofi? Dei fagfilosofiske fornuftskunstnarane held på med sitt, men filosofien handlar ikkje berre om faget. Den handlar også om livet og om verda, og der råkar Ravatn på si vis sjølve saka. Ho har såleis ikkje skrive ei dekadent, men ei oppbyggeleg bok med etiske kvalitetar.

Det er her spørsmålet om sjanger og stil melder seg for fullt. Ravatn er godt klår over at dette er ei slags tulling med filosofien, ei tulling som er godt meint, men klarar tekstane hennar å bære fram noko vesentleg om filosofifaget, som kan tale til både lekmann og lærd? Med visse atterhald som eg ovanfor har gjort greie for, meiner eg at svaret er «ja». Ho lukkast med sin stil, sin sjarm og sitt sjangermedvit i å tulle seriøst med filosofien, med humor i staden for med ironi. Filosofien fortener og har godt av slik tulling. Eg har difor den same vona som Ravatn, om at denne boka «kan gi deg lyst til å lese ordentleg filosofi» og at ho i så måte «kan vere eit lykketreff» (s. 10).

Notar

1 Jean-Paul Sartre (1994): Erfaringer med de andre. Sartres eksistensfilosofi, utvalg fra L’être et le neant og fra Cahiers pour une morale. Utvalg og innledning ved Dag Østerberg. Oversettelse ved Halvor Roll og Dag Østerberg. Gyldendals Fakkelbøker. Ny rekke. Gyldendal norsk forlag, Oslo, s. 67-96. Jf. Også Ingmar Meland (1993) “Sartre og Soga om «vond tru»”. I: Gisle Selnes, Arild Utaker og Vidar Waag (Red.): Fortellingens retorikk, Senter for Europeiske kulturstudier, Universitetet i Bergen, Kulturtekster 2, Nr. 2. i Retorisk forums serie, Bergen, s. 8-24.

2 Whitehead, Alfred North (1997): Science and the Modern World, The Free Press (Simon & Shuster), New York [1925], s. 52.

Powered by Labrador CMS