Anmeldelse
Dikting om dikting
BOKOMTALE: Diktet om diktekunst til ein av dei største romerske diktarane har for første gong blitt omsett til norsk i bunden form.
Av Matti Garnes Wiik, førsteamanuensis i klassiske fag (latin) ved Universitetet i Bergen
Dette verket er mellom dei viktigaste litteraturteoretiske tekstar frå antikken. Fram til romantikken var Brevet om diktekunsten normgjevande for litterær produksjon. Det inneheld mellom anna talrike råd om kva diktaren bør gjera og kva han ikkje bør gjera ut frå ein estetikk der organisk samanheng og truverde har avgjerande vekt. Det første Horats gjer i Brevet om diktekunsten, er å gå vegen om målarkunst for å syna kor viktig organisk samanheng er i god dikting. Han vender seg til adressatane, og spør retorisk om dei ikkje ville dra på smilebandet dersom dei såg eit kunstverk av ein vanskapning ihopsett av fisk, fugl, menneske og hest. Gjennom dette negative dømet poengterer Horats at til liks med ein god kunstmålar, bør diktarane leggja vinn på å skildra heilskapen harmonisk og avbalansert. Diktaren må gje ans på det høvelege og sømelege i kvar samanheng. Mellom anna lyt personskildringar høva til rolla som personen skal spela. Såleis er det ikkje rart at verket fekk stor innverknad hjå klassisistiske diktarar på sekstan- og syttanhundretalet.
Form og tradisjon
For lesarar og diktarar i dag kan nok krava om at dikting skal vera regelbunden og følgja tradisjonen vera mindre aktuelle enn mange av dei andre gode råda Horats gjev. Så er det desto større grunn til å peika på at Horats ikkje treng reknast for så regelbunden som ein kan få inntrykk av i bruken og forståinga av Brevet om diktekunsten gjennom historia. Når det gjeld dette, let omsetjaren Horats sjølv tala klårt. Så tidleg som i vers 23 seier han følgjande: «Gjør som du vil, bare formen blir enkel og utgjør en enhet.» Diktaren har stor fridom dersom han elles gjev ans på krava til at dikta skal vera lette å skjøna og at det er god indre samanheng i dei. Dessutan bør det òg nemnast at nyare forsking har interessert seg for det motsetnadsfulle og ironiske hjå Horats.
I antikken var dikting og litteraturteori i stor mun to sider av same sak, og Brevet om diktekunsten er eit av dei fremste døme på det: Diktet er eit dikt om dikting skrive av ein av dei fremste diktarar i antikk litteratur. Det klåre skiljet mellom faglitteratur og skjønnlitteratur i vår moderne tekstkultur fanst ikkje i den greske og romerske verda. Det fall ikkje meir naturleg å skriva filosofi og naturvitskap på prosa enn på vers. Berre tenk på lærediktet De rerum natura av Lukrets, der heile det epikureiske filosofiske systemet vart lagt fram i heksameterliner. Ikkje med dette sagt at genrekonvensjonane hadde gjort det uråd for Horats å ordleggja seg på prosa, men den bundne forma let poetisk praksis og teori flyta i hop. Brevet om diktekunsten er heller ikkje eit læredikt i den meining at det legg fram sitt emne på systematisk vis i læremeistertone. Overgangen mellom dei ulike tema er assosiativ, og det kan vera vanskeleg å peika ut i kva vers det eine emnet sluttar og det andre byrjar. Diktet er ein litterær versepistel eller eit brev på vers, der kommunikasjonssituasjonen opnar for å gjera presentasjonen av stoffet meir munnleg enn det som er vanleg i didaktisk poesi. Det er utforma som eit brev til stormannen Piso og hans søner. I staden for å ordleggja seg i abstrakte vendingar, let diktaren teorien koma til orde i menneske, situasjonar og handlingar, og dette er det lett å gleda seg over som diktekunst.
Brevet om diktekunsten i kontekst
Sundt gjev godt greie for den litteraturteoretiske bakgrunnen til Brevet om diktekunsten i ei innleiing til sjølve omsetjinga. Jamvel om presentasjonen av attdiktinga hans er mynta på ålment interesserte lesarar utan djup bakgrunnskunnskap om antikk litteraturteori, har han ikkje falle for freistnaden å fara med harelabb over temaet. Ei innleiing av dette slaget gjev ikkje rom for å ta med alt for mykje, men han nøyer seg ikkje berre med generelt å nemna Poetikken av Aristoteles og bruken av hellenistisk dikting og litteraturteori i romersk poesi mellom føresetnadene for diktverket. Lesarane får òg glytta inn i forskingshistoria der Sundt ser dette tenleg. Mellom anna kjem han inn på at særskilt éin teoretikar, Neoptolemos frå Parion, må ha vore det viktigaste intellektuelle førebiletet for Brevet om diktekunsten. Slikt etter måten detaljert fagstoff kan nok mange gonger te seg tungt og turt for lesarar utan fagbakgrunn. Her har det likevel lukkast Sundt å gjera forskinga på den litteraturhistoriske samanhengen til verket levande. Han fortel korleis antikkforskarar har grave ut to tusen år gamle hus, og funne forkola restar av papyrus som dei omsider har greidd å lesa og bruka til å kasta nytt ljos over diktet han har omsett. På dette viset stør ikkje omsetjaren berre opp kring ambisjonen om å gjera verket lesande for eit moderne publikum utan mykje kjennskap til klassiske språk. Han har òg gjeve det ei lesande innføring.
MER OM ANTIKKEN: Munter misantropi • Klassiker i ny form • Gudenes teater |
Sundt syner at han kan formidla forsking for ein brei lesarkrins. Skulle eg ynskja meg noko meir i innleiinga, hadde eg gjerne sett at han hadde gått nærare inn på tilhøvet mellom form og innhald. Han nemner, som sagt, at diktet er utforma som eit brev til Pisoane, ei aristokratisk ætt i Roma. Det var truleg først den namnkunnige retorikklæraren Quintilian som sette tittelen Brevet om diktekunsten på verket, og dermed gjorde denne epistelen til eit læredikt. Den epistulære tittelen Ad Pisones, «Til Pisoane» vitnar om at diktet òg har ein kontekst bunden til historiske personar og sosiale strukturar. Dette gjer meg nyfiken på tilhøvet mellom brevstilen og emnet i diktet.
Ars Poetica er eit krevjande dikt å omsetja. Dei stilistiske skilnadene mellom latin og norsk er svært store. Dei to tusen åra som skil oss frå den augusteiske perioden i romersk litteraturhistorie, gjer konteksten framand. Dette set store krav til omsetjaren når han skal gjera det mogleg for lesarane i dag å skjøna diktet.
God omsetjing
Diktet er omsett på heksameter. Jamvel om prinsippa for bruken av dette versemålet på norsk er ulike frå dei som rår i latin, tek den bundne forma vare på viktige delar av den nimbus og stil som originalteksten har. Dessutan er verselinene til hjelp for lesarane når dei tek seg gjennom teksten. Det visuelle uttrykket på boksidene med line som følgjer etter line lokkar oss frametter. Ulempa er at omsynet til fordelinga av trykklette og trykktunge stavingar kan gjera det vanskelegare å omsetja noggrant (meldaren har sjølv røynsle med slike problem), men dette er eit problem for omsetjaren. For lesarane er versemålet ein del av den litterære opplevinga. Det er eitt av døma på korleis Sundt lojalt følgjer opp den horatiske ideen om å kombinera det nyttige med det hugnadsame. I tillegg er det krav om at det korkje skal brukast invertert ordstilling eller opptakt. Somme stader må difor noko trekkast frå, medan det andre stader må leggjast til noko dersom formkrava skal stettast.
LES OGSÅ: Jakten på Lukrets – og det moderne |
Peter Astrup Sundt har kome vel frå oppgåva etter mi meining. Eit godt utgangspunkt for omsetjingsarbeid er at det ikkje er orda, men innhaldet som skal omsetjast. Om Horats kan vera vanskeleg å lesa, står det i alle høve ikkje på målføringa til omsetjaren. Ho er i det store og heile enkel og grei å følgja. Alt i dei første versa av omsetjinga kan ein sjå at Sundt har funne god jamvekt mellom klår ordlegging og omsyn til drag ved språket som diktet opphavleg var skrive på. Norsken som omsetjaren skriv, har ein syntaks og ein stil som gjer at innhaldet vert lett å få med seg. Her er, som sagt, inga invertert ordstilling, og versemålet er ofte meir til hjelp enn til stelp: Ord som naturleg ville få større emfase i tale, vert ofte framheva med hjelp av dei trykktunge stavingane (jamvel om kursivering ofte syner lesaren dette), til dømes i vers 103: «Hvis du vil se meg gråte, da må du / selv føle smerte, for da vil din ulykke røre mitt sinn, men…» . Bruken av heksameteret vil eg såleis hevda gjev stilen ein meir munnleg klang enn om epistelen hadde vorte omsett på prosa.
Mellomspråkleg friksjon
Det dukkar av og til opp ord og vendingar som kan vera framande for den vanlege norske målbrukar. I vers 15, til dømes (for å halda meg til dei innleiiande versa), brukar han uttrykket «skinnende lapp», ei beinveges omsetjing av pannus purpureus, om overdriven tekstdekor. I vanleg norsk målbruk ville ein neppe bruka denne metaforen. Trass i dette meiner eg at Sundt har gjort rett i å la latinen koma til syne gjennom norsken på dette viset. Friksjonen mellom norsken og originalspråket kan gje innblikk i korleis ein kunne ordleggja seg på latin. Slik målbruk er dessutan forklart i fotnotar, så lesaren treng ikkje klø seg i hovudet lenge ved slike høve. Somme vil kan henda meina at diktet står i fare for å drukna i det store fotnoteapparatet som følgjer omsetjinga på kvar side. Sjølv meiner eg at dette er både turvande og bra. Skal det vera mogleg for lesarar i dag utan særskilde kunnskapar i språk, litteratur eller kultur å skjøna innhaldet i eit to tusen år gamalt dikt, er det inga ulempe at dei lett kan finna forklaringar på mytologiske og litterære allusjonar med eit blikk ned på sida.
I alt tykkjer eg at språket i omsetjinga byr på ei god blanding av det eksotiske og det attkjennande. Kvikke og rappe ord frå moderne, uformelt ordtilfang som scratch, til dømes, høver godt til det stilleiet Horats legg seg på i sine litterære brev. Andre slag vendingar, til dømes «ærverdig kåpe og maske» om det karakteristiske ved tragediane til Aiskhylos, minner lesarane på den store historiske og kulturelle fråstanden mellom dei sjølve og diktverket. Å referera til noko gjennom å nemna delar av heilskapen, ved dette høvet utstyr til bruk for skodespelarar, er ein typisk måte å ordleggja seg på i latin. Dette kunne ha vore omsett friare, men ved sin lojalitet til Horats tek Sundt vare på dei poetiske eigenskapane ved diktet og den antikke dåmen over det.
FORSKNING: Hva skrev egentlig Horats? |
Horats åtvarar diktarar mot å la vener og kjende vurdera deira eigen litterære produksjon. Skulle eg følgja rådet hans, burde eg nok ikkje ha skrive denne bokmeldinga. Underteikna har sjølv hatt med omsetjaren å gjera, og vonar å få gje ut eit verk i same serie som han. Det klassiske miljøet i Noreg er så lite at det er vanskeleg å finna folk som heilt uhilda kan døma om det som andre klassisk-filologar gjev ut. Eg vonar at det eg har skrive her òg vert sett som nokre synspunkt på omsetjing og på Horats ålment, og ikkje berre ein dom over ei omsetjing eg set høgt.