Anmeldelse
Dronekrigen
BOKOMTALE: Dronar forrykkar den tradisjonelle symmetrien mellom fiendar så fundamentalt at dei viskar ut grensene mellom krig og fred – men også grensene mellom kor det er krig, og når det er krig.
Av
Krig er ikkje det det ein gong var. Dei siste åra har den amerikanske staten sin bruk av dronar for å utføre militære oppdrag fått stadig meir og breiare merksemd. Både talet på sivile som blir drepne av droneangrep og at dei opererer i land som Pakistan og Jemen, som dei ikkje er i krig med, har hausta kritikk frå mange hald.
Den franske filosofen Grégoire Chamayou er forfattaren av boka Drone Theory, som gjer dronar og dronekrig til gjenstand for filosofisk refleksjon. Boka kom først ut på fransk under tittelen Théorie du Drone i 2013, så i engelsk utgåve to år seinare. Boka er delt opp i fem hovudbolkar som i tillegg til eit «forspel», ei innleiing og ein epilog, består av i alt 23 korte kapittel, som gjer boka lettlest. Chamayou refererer til og aktualiserer mange av kjenningane frå filosofihistoria, som mellom andre Hobbes, Kant, Hegel og Arendt. Likevel er Drone Theory ikkje ei bok som berre filosofar vil ha utbyte av å lese. Tvert om er ho skriven på ein måte som gjer det tydeleg at Chamayou ønsker å nå ut til ein brei lesarkrins, også utanfor akademia. Målet hans synest først og fremst å vere å gjendrive vanlege oppfatningar av kva dronar er, og korleis dei direkte og indirekte endrar kva det vil seie å vere i krig, forholdet mellom statar, og forholdet mellom den enkelte stat og statsborgarane.
Nokre av dei mest interessante passasjane i boka er der forfattaren går i rette med konkrete utsegn av ulike militære og politiske leiarar, som går god for bruken av dronar for militære føremål. Naturleg nok er det mange etiske og moralske problem som Chamayou går gjennom, men det blir også plass til refleksjonar som utvidar perspektivet til politisk filosofi og rettsfilosofi.
Kva er ein drone?
Den første delen i Drone Theory, «Technique and Tactics», gjev lesaren ei kort og grei innføring i dronane si utvikling. Historia startar under andre verdskrig. Då hadde ordet «drone» ein ganske meining i militær terminologi enn det har i dag. På den tida var dronar små fjernstyrte fly som vart brukte som mål i skytetrening (26). Etter kvart vart dronane brukt av amerikanarane i verkelege krigssonar, først som kanonføde for sovjetarane sitt luftvern i Vietnam, og etter kvart til overvaking og rekogniseringsverktøy i ulike konfliktar fram mot årtusenskiftet. Innan utgangen av 2001 vart dronar brukt som våpen av USA i Afghanistan (29).
Chamayou brukar Carl von Clausewitz sin definisjon av krig som duell, for å vise at dronar ikkje inngår i det ein tradisjonelt vil kalle krig og krigføring. Frå sitt spede utgangspunkt utvikla dronane seg teknologisk og vart utstyrte med overvakingsutstyr, som gjer det mogleg å spore «byttet». I sterk kontrast til møtet på slagmarka der fiendar slåst ansikt til ansikt, jaktar dronen på ein fiende som ikkje kan slå tilbake, og Chamayou ser dette i samanheng med at
the political rationale that underlies this type of practice is that of social defense. Its classic instrument is the security measure, which is ‘not designed to punish but only to preserve society from the danger presented by the presence of dangerous beings in its midst’ (35).
Jaktanalogien blir tatt med vidare når Chamayou etter kvart drøftar krigen mot terror, som han seier er uavgrensa både i tid og rom, og som ikkje finn stad på ein slagmark, men på ein global jaktmark (52).
Å snakke om dronar i jakttermar, framfor krigstermar, er eit grep som effektivt for å illustrere eit sentralt poeng ved væpna dronar: nemleg at dei forrykkar symmetrien i stridane partane dei inngår i så fundamentalt at dei viskar ut grensene mellom krig og fred, også grensene for kor og når det er krig.
Droneetikk
Etter å ha gjort unna dei innleiiande diskusjonane om kva dronar er og kva dei gjer, vender Chamayou seg til dei etiske spørsmåla som naturleg nok heftar ved bruken av dei i strid. «Ethos and psyche» er namnet på boka sin andre del, som tar for seg dei som styrer dronane i kamp, som regel på andre sida av jorda frå der dronen er. I tillegg til å ta opp dei etter kvart velkjende psykologiske og traumatiske effektane desse operatørane rapporterer om, ser Chamayou også på korleis denne gruppa blir oppfatta innad i militæret og korleis det påverkar det militære etos om offervilje og mot. Han samanliknar dronar, som umogleg kan bli drepne i striden, med dei japanske kamikazepilotane, som nødvendigvis måtte døy i krigen. Dei to representerer i dagens situasjon to gjensidige føresetnader og økonomiske motpolar, med dronepiloten på den eine sida, og sjølvmordsbombaren på den andre. Med denne assymmetrien har det utvikla seg nye moralske oppfatningar om offervilje, der det å ofre livet framstår som fråstøytande, i sterk til kontrast til tradisjonelle krigarar (og sjølvmordsbombarar) som ser det å miste livet i strid som høgverdig.
Deretter skiftar fokuset frå dei som kontrollerer dronane, til dei som dronane er meint å angripe. Særskilt påstanden om at dronar står for ei humanitær vending i krigføring blir iherdig drive attende av Chamayou. Ideen om at dronane er humane er grunna i eit resonnement om at dei er gode fordi dei reddar liva til dei som tidlegare måtte utsette seg for fare. I tråd med det nye etoset i det amerikanske militæret, som har forlate offerviljen, blir liva til sivile «på den andre» sida nedvurdert. I tillegg til å imøtegå det konkrete innhaldet i argument for den humanitære vendinga, går Chamayou også begrepsbruken som blir brukt til å forsvare dronar etter i saumane. På denne måten viser han at i kva grad vendinga mot dronebruken faktisk er humanitær heng saman med kva side ein står på.
LES OGSÅ: Filosofer i krig • Utvidelse av kampsonen |
Det er som regel ikkje fagfeller sine argument og påstandar Chamayou tar opp til drøfting i Drone Theory, men ein motstandar finn han likevel i filosofen Bradley Jay Strawser, som har redigert boka Killing by Remote Control – The Ethics of an Unmanned Military, frå 2013. Strawser meiner moralen påbyr bruk av dronar der ein kan: «If you wish to kill in conformity with moral law, you have to use a drone» (137). Bak denne påstanden ligg det, skriv Chamayou, to premiss: for det første at det er gale å kommandere nokon til å ta ein unødig potensiell risiko for å døy; og for det andre at dette ikkje må føre til eit betydeleg tap av evne til å utføre operasjonen som skal gjennomførast. Samtidig tar Strawser atterhald om at dette ikkje må gå på bekostning av sivile liv. Men Chamayou stiller spørsmål ved om droneteknologien faktisk er i stand til å forhindre dette, gjennom å vere meir presise og kirurgiske enn tidlegare teknologi. Eit interessant poeng han trekk fram er at distansen mellom den som styrer dronen og den som blir angripen av han, blir prega av det Chamayou gjev namnet nekroetikk. I kontrast til tradisjonell etikk som handlar om korleis ein skal leve godt, handlar nekroetikk om korleis ein skal drepe godt. Denne forma for etikk ser han i samanheng med det påståtte humanitære aspektet ved dronane: «the targets are presumed guilty until they are proved innocent – which, however can only be done posthumously» (146).
Dei ulike etiske momenta som Chamayou drøftar i Drone Theory set fingeren på ulike sider ved korleis dronar blir rettferdiggjorte frå forskjellige hald, og særskilt måten han plukkar frå kvarandre bruken av «humanitær» bidrar med viktige innsikter, både om kva som faktisk ligg bak orda i debatten, og kva dei er meint å skjule.
Nyordet nekroetikk derimot er det meir usikkert kva bidrar med, og kan risikere å gi inntrykk av at det faktisk finnast ein gjennomtenkt etikk, når det, også frå eksempla Chamayou viser til, kanskje heller er snakk om usystematiske rettferdiggjeringar av noko som rett og slett er uetisk.
Den mekaniserte staten
Noko av det som har ført til mykje kritikk av den amerikanske hæren sin dronebruk er det skjer i mildt sagt juridiske gråsoner. I boka sin fjerde del, «The Principles of the Philosophy of the Right to kill», ser vi rettsfilosofiske problem som kjem i forlenginga av dei etiske drøftingane som Chamayou gjorde i dei to førre delane. Igjen går han bak ordbruken, og vil vise korleis premissa som det akademiske feltet militæretikk går ut frå ikkje samsvarer med den røynda dronane fører med seg. Først nemner han nokre sentrale punkt om lov i krig, og legg vekt på at krig er den spesielle situasjonen når fiendar gjensidig har lov til å ta kvarandre sine liv. Som allereie har blitt tydeleg, er krig i klassisk forstand noko som vi i liten grad finn der dronane vert brukt, fordi dei opererer i situasonar med ein assymetri der den eine sida ikkje blir utsett for fare, og såleis strekk ikkje dei krigsjuridiske termane til. I tråd med dette har det vist seg vanskeleg å vite kva juridisk rammeverk som kan nyttast for å rettferdiggjere dronar (167). Samtidig opnar dette for å tilpasse rettferdiggjeringa, alt ettersom kva som passar i den aktuelle situasjonen: «This would give rise to a curious legal hybrid, somewhere between warfare and policing, that could benefit from the liberalities of both regimes without being obliged to accept the constraints of neither» (172).
Mot slutten av boka drøftar Chamayou kva det har å seie for forholdet mellom staten og borgarane at maskiner – og ikkje menneske – utkjempar krigar (177). Han viser på den eine sida til Hobbes og hans idé om suverenen, Leviathan, som representerer statsmakta, og som er bygd opp av kroppane som tilhøyrer staten sine borgarar. Avtalen mellom suverenen og borgarane er i Hobbes sitt bilde at så lenge suverenen beskyttar borgarane kan han krev at dei er lydige overfor han. På den andre sida står Kant, som med sin republikanske filosofi meinte at borgarane sjølv må bestemme om det skal bli erklært krig, som dei sjølv måtte delta i, for på den måten å minimere sjansen for at krig faktisk bryt ut. Men Chamayou meiner at Kant ikkje tok høgde for det scenario som med dronane har blitt verkeleg, nemleg at borgar-krigaren blir erstatta med teknologi (187). Ved at dei tar over rolla som krigsutøvarane reduserer dronane både politiske, økonomiske og etiske kostnader ved å ved valdsutøving (189).
LES OGSÅ: Hobbes’ kunstige suverene person • Staten og friheten |
Ikkje berre er det sjølva dronen som manglar eit subjektivt sjølv, men er dev at eit apparat som, skal vi tru Chamayou, forsøker å fjerne subjektivitet på alle nivå. Når staten kan handle utan å måtte lite på at det finnast borgarar som er villige til å faktisk utføre handlingane forsvinn også moglegheita for motstand. Chamayou tolkar bruken av dronar i krig ikkje som eit middel fram mot målet om å gjere krigar meir humane eller etisk gode, men ei framifrå løysing på problemet med å handtere ulydnad overfor suverenen, i form av eit regelstyrt og automatisert statsapparat, der etikken er redusert til å følgje reglane staten sjølv har etablert: «The dream is to construct a bodiless force, a political body without human organs, replacing old regimented bodies of subjects by mechanical instruments that would, if possible, become its sole agents» (221).
Med Drone Theory har Chamayou levert eit vektig filosofisk bidrag i debatten om væpna dronar. Boka sin tittel kan framstå som litt misvisande då ho ikkje først og fremst leverer ein heilskapleg teori om droner, men gjev filosofiske tilsvar til synspunkt, påstandar og argument i debatten om militære dronar. Boka sin siste del knyter likevel saman trådane på ein måte som ser dronane og deira påverknad på samfunnet generelt på ein overordna og systematisk måte, som i lys av velkjend dronekritikk viser dei djupareliggjande problema. Slik opnar Drone Theory lesaren til å tenke over korleis det å tilpasse institusjonane og lovene våre til tankelaus teknikk, risikerer vi frårøve oss sjølve ansvaret som ligg til grunn for evna og fridomen til sjølv å handle.