Nyheter
Salongen inviterer til musikkfilosofisk dialog!
AKTUELT: Salongen sine lesarar er herved invitert til «Tenking, lytting og deltaking: musikkfilosofisk dialog» i Oslo, 24. oktober.
For mange filosofar har musikk stått i ei særstilling som kunstform. Musikken har ei eiga evne til å gripe oss og bringe fram meiningsfulle strukturar, som ikkje refererer til noko utanfor seg sjølv. Samtidig er musikalske erfaringar noko av det som knyttar menneske saman, gjennom både passiv lytting og aktiv deltaking. Salongen inviterer derfor til arrangementet «Tenking, lytting og deltaking»: ei utforsking i kvifor og korleis musikk er meiningsfullt, og kva vårt forhold til musikk kan fortelje oss om den menneskelege veremåte.
Komponist og professor ved Norges musikkhøgskole (NMH) Lasse Thoresen har sidan 1970-talet vore sentral i utviklinga av auditiv sonologi, som i ein kombinasjon av fenomenlogiske og strukturalistiske tilnærmingar til lytting gir nye metodar for å analysere musikk. Dette arbeidet resulterte i 2015 i boka Emergent Musical Forms – Aural Exploration. I dette omfattande verket legg Thoresen fram grundige drøftingar av det filosofiske grunnlaget som den auditive sonologien bygger på. I tillegg viser han korleis auditiv sonologi opnar opp for å la klingande strukturar som øyret intuitivt fangar opp vere i fokus.
Musikkfilosof Peder Christian Kjerschow har gjennom ei årrekke skrive fleire bøker og artiklar om musikkfilosofi, der ein raud tråd har vore musikken si evne til å gripe den som lyttar. Ved å knyte musikkerfaring til tenking, erkjennelse og erfaring argumenterer han for at vårt forhold til musikk går forut for språket, og vanskeleg lar seg redusere til kjensler, eller forklare med språklege omgrep.
24. oktober vil Thoresen og Kjerschow presentere nokre hovudtrekk i sine respektive arbeid, og bruke det som utgangspunkt for ein samtale om ei rekke musikkfilosofiske spørsmål. I tillegg vil vi høyre Thoresen sin klaverkomposisjon Solspill framført av pianist og stipendiat ved NMH, Ingfrid Breie Nyhus.
Velkomen!
Tid: Måndag 24. Oktober, kl. 19.00
Stad: Sentralen (Produksjonsrom 1), Øvre Slottsgate 3, Oslo.
Inngang: Gratis
Om bidragsytarane
Ingfrid Breie Nyhus spelar både folkemusikk, klassisk og samtidsmusikk. I 2015 gav ho ut tre CD-ar, som alle sprang ut av stipendiatprosjektet hennar ved NMH «Tradisjoner på spill – fortolkning og utøving mellom slåtter og pianisme». På den eine av desse, Abstraction in Folk Art gav ei særeigen tolking av Lasse Thoresen sin komposisjon Solspill. Nyhus har blitt beskriven som ein «klangvirtous», og har var den første til å motta den Norske Solistpris i 2005.
Lasse Thoresen studerte komponisjon under Finn Mortensen ved NMH, og deretter elektorakustisk musikk og komposisjon under Werner Kaegi ved Institute of Sonology i Utrecht. Thoresen har sidan 1988 vore professor i komposisjon ved NMH, og er mellom dei mest anerkjende norske komponistar, med verk som Stadier i den indre dialog (1981), Solspill (1983). I 2010 vart Thoresen tildelt Nordisk Råds Musikkpris for dei fire vokalverka i hans Opus 42 (2006-2010). I tillegg har han sidan 70-talet vore sentral i utviklinga av auditiv sonologi, og har førelest om sine analysemetodar over heile verda.
Peder Christian Kjerschow er utdanna sivilingeniør og sangpedagog, og er cand. philol med musikk som hovudfag. I tillegg å ha jobba som lærar og rektor ved Nansenskolen i ei årrekke har Kjerschow gitt ut fleire bøker om musikkfilosofi. I 2014 redigerte han boka Musikken – fra grepethet til begrep, med omsettingar av musikkfilosofiske tekstar frå Platon og fram til John Cage. Kjerschow sine faglege arbeid er prega av ei evne til å tolke grunnleggande musikkerfaringar inn i større metafysiske og eksistensielle samanhengar.