Achille Mbembe, vinnar av Holbergprisen 2024.

DET FINST BERRE ÉIN GRUNN TIL AT UNIVERSITETET SKAL EKSISTERE I DAG

Det gamle universitetet har avgått ved døden, meiner Achille Mbembe. Det nye må sørge for at vi reddar livet.

Publisert Sist oppdatert

 Intervjuet er tidligere publisert i Khrono.

— Det finst framleis nokre lommer for den frie tanken på universiteta, seier Achille Mbembe.

To bøker er tilfeldigvis stilt ut under ein TV-skjerm på møterommet på Hotel Norge i Bergen. «Calm» og «Great Thinkers». Begge titlane kler professoren. 

Han har ei knallraud dressjakke på, og har fått utdelt ei matchande mappe frå Holbergprisens sekretariat, med timeplan. «Holberguken» er tettpakka. Forutan den seremonielle prisutdelinga, går det slag i slag med meisterklasser, middagar, samtalar, forelesing, bankett og intervju.

— I denne mappa står kva eg skal gjere kvart einaste minutt denne veka!

Heime i Sør-Afrika, få dagar før Mbembe reiste til Bergen, har politikken og demokratiet gjort eit historisk sprang.

Regjeringspartiet ANC har tapt det reine fleirtalet i parlamentet. Det er første gong, etter at partiet og den tidlegare frigjeringsorganisasjonen kom til makta i det første demokratiske valet etter apartheids fall i 1994.

— Vi går inn i ei usikker sone. Men eg trur mange meiner dei gjorde det rette med å vere med å ta fleirtalet frå ANC. Det samla bidraget gjennom dei siste 30 åra ved makta er ganske miserabelt. No vil enten ei nasjonal samlingsregjering eller ein koalisjon tvinge seg fram, seier Mbembe.

Mykje av tida hans no for tida går med til arbeidet i ein organisasjon som arbeider for å utvikle demokrati og demokratiske modellar med røter og inspirasjon frå det afrikanske kontinentet. 

Prosjektet oppstod i kjølvatnet av ein rapport Mbembe skreiv på oppdrag for den franske presidenten Emmanuel Macron før det fransk-afrikanske toppmøtet i 2021. Men arbeidet med prosjekt på sida av og utanfor akademia betyr ikkje at Mbembe har mista trua på universitetet.

Han trur berre på ei anna form for universitet enn vi har i dag.

Verda sett frå Afrika

Ein av vår tids viktigaste intellektuelle, er den litt pompøse merkelappen Holbergprisen årleg set på vinnarane. Det er likevel ingen tvil om at Mbembe er ein av dei, og at han av mange blir rekna med blant dei store tenkarane i vår tid, og særskilt ein som opererer på tvers av fagdisiplinar.

Mbembe er dessutan den første vinnaren frå det afrikanske kontinentet, og har gjort det til program å «tenke verda frå Afrika», og då med like stor vekt på verda som Afrika.

Han er fødd i Kamerun, utdanna i Frankrike og har sidan 2001 hatt University of Witwatersrand i Johannesburg i Sør-Afrika som base. Bøkene hans er omsette til 17 språk, og han er medlem av vitskapsakademi både i Storbritannia og USA, der han mellom anna har undervist ved Harvard, Duke og Yale-universitetet. 

Mbembe er for internasjonal, akademisk superstjerne å rekne. Han har valt å bli i Sør-Afrika og tenke verda frå Afrika.

For 20 år sidan ville kanskje mange setje merkelappen «postkolonialisme» på arbeidet hans, og latt det vere med det. I dag er det eit langt meir grenseoverskridande og visjonært prosjekt han står i. 

Dei som trur Mbembe i dette prosjektet gjer seg til forkjempar for ekskluderande identitetspolitikk, eller å kaste vestlege filosofar på skraphaugen, tar feil. «På mange måtar er identitetskampane i vår tid det nye opiumet for folket, både blant elitane og massane», har han uttalt i eit tidlegare intervju, med referanse til Karl Marx' berømte utsegn om at «religion er opium for folket».

Med bakgrunn i historie, filosofi, antropologi, statsvitskap, litteratur og kunst arbeider Mbembe tvert imot for djupt fagleg samband, eit fornya «planetarisk» fellesskap i ei splitta verd, mellom menneske, og alle former for liv. 

Ein planet, alt liv

— Målet med kunnskapen, eitt av dei mange måla, er å bidra til framveksten av eit planetarisk medvit og fellesskap. Dei djupe økologiske endringane som påverkar verda i dag, og den eskalerande, teknologiske utviklinga, gjer at vi må orientere kunnskap og tenking mot desse utfordringane, seier Mbembe.

Det planetariske prosjektet svevar høgt over nasjonalstatane og ser kloden utanfrå, ei verd utan grenser. Mbembe meiner dette jordnære og samstundes svimlande perspektivet er nøkkelen til å skape framtida, ja, nødvendig for at det skal bli ei framtid.

— For oss som borgarar av jorda, vi som bur i denne vesle fliken av ein galakse, er eit planetarisk prosjekt ein føresetnad for at vi skal vare. Det kan vi ikkje ta for gitt i dag. Og då tenker eg ikkje berre på oss menneske, men alt liv. For at vi skal kunne reparere og ta vare på planeten, dele på han, gi omsorg, må vi samle oss, seier Mbembe.

Ikkje berre er tida for eit snevert, eurosentrisk blikk på planeten passé i Mbembes skjema. Han meiner også at det å setje mennesket i sentrum for alt liv, er ein avleggs måte å tenke på.

Samstundes, på jorda, finst splittande og ikkje alltid så fruktbare kranglar på universiteta, der omgrep som «identitetspolitikk», «kanselleringskultur» og «avkolonisering» blir kasta fram og tilbake.

Som kjent er Holberg-statuane, minna etter mannen som har gitt namn til prisen Mbembe no får, blitt forlangt fjerna i avkoloniseringas namn. 

— Kanselleringskultur er ein realitet

Både postkolonialisme, eit teoretisk og vidfemnande omgrep, og det meir konkrete og politiske «avkolonisering», er tett knytt til Mbembes akademiske arbeid.

Kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om avkolonisering no for tida?

— Det er eit polemisk omgrep. Når vi snakkar om avkolonisering, reflekterer det truleg ikkje omfanget av utfordringar vi står overfor, seier Mbembe.

Mbembe vil slettes ikkje polarisere, blokkere, separere, stenge av. 

Han vil opne opp. 

Achille Mbembe brukar mykje av tida si utanfor universitetet der han arbeider med å utvikle demokratimodellar med røter i det afrikanske. Utgangspunktet var ein rapport han skreiv på oppdrag for den franske presidenten, Emmanuel Macron i 2021.

— Eg ønskjer eit universitet utan stengsler, utan «vegger», som tar opp alle dei ulike språka, tradisjonane og former for kunnskap som vi menneske har skapt, og som til no ikkje har vore synlege, og som vi kan dele, seier han.

— I den norske ytringsfridomskommisjonens rapport heiter det mellom anna at kanselleringskultur er eitt av problema som held akademikarar tilbake frå å delta i den offentlege debatten. Kva tenker du om det? 

— Kanselleringskultur er ein realitet. Men ikkje i Sør-Afrika, dei kreftene som dyttar i den retninga er ikkje dominerande på sørafrikanske universitet. I dag er der framleis rom for debatt og usemje. Men det er ein risiko for at det kjem. Vi må vere på vakt. 

— Det er altså plass til fritenkarane på universiteta?

— Det finst framleis lommer for den frie tanken, i relativt demokratiske samfunn. Men desse lommene er blitt trongare, og det blir færre og færre av dei. Dette legg press på den akademiske fridomen, ytringsfridomen. Det er sant at du ikkje alltid kan seie kva du vil. I USA er visse tema unemnelege. Der er ting eg kan seie i Sør-Afrika, som eg ikkje kan seie i for eksempel Tyskland og USA.

— I diskusjonar om avkolonisering på universiteta, også her i Noreg, blir debatten raskt polarisert. Dei som er kritiske til avkolonisering, peikar ofte på avkolonisering som ein trussel mot vitskapen, at pensum blir politisert, at det undergrev dei grunnleggande akademiske prinsipp og tradisjonar. Kva tenker du om denne kritikken?

— Kravet om avkolonisering kan kritiserast frå ulike vinklar. Ein av dei er å peike på at vitskapen skal vere autonom. Men ofte ligg det ideologiske interesser bak som ikkje er relatert til vitskap. Vitskap bør ikkje berre vere ei oppmoding om objektivitet. Vitskapen må vere genuint upartisk. Derfor finn eg den konservative kritikken lite overtydande. Reell avkolonisering bør ikkje handle om erstatte det vestlege, men å opne for ein dialog mellom dei ulike tradisjonane som til saman er vår felles arv. Å avgrense utdanning og forsking til det vestlege er meiningslaust. Vi må opne for heile den globale, menneskelege skaparkrafta. Dette er heilt avgjerande i den tette veven av ei verd vi lever i. Dette er den verkelege utfordringa i vår tid.

Utdanning som apartheid

Ifølgje Mbembe er lærestader, universitet, forsking og høgare utdanning noko av det mest avgjerande for å gripe og takle utfordringa. Samstundes meiner han universitetet sjølv, som institusjon, for lengst er inne i djuptgripande endringar. 

Desse endringane går også i motsett retning av den Mbembe ønsker seg.

— Reell avkolonisering bør ikkje handle om erstatte det vestlege, men å opne for ein dialog mellom dei ulike tradisjonane som til saman er vår felles arv, seier Achille Mbembe.

«Universitetet slik vi kjende det er dødt» skreiv han for ei tid tilbake. 

Og vidare: «Uvitande om dette faktumet, kan mange land halde fram med å leve midt i ruinane i lang tid framover».

— Kva meiner du med dette?

— Det betyr at universitetet ikkje er eit offentleg gode, som er tilgjengeleg for alle. Mange universitet er stadig meir avhengige av privat finansiering. Ein del fagdisiplinar er avvikla, særleg innanfor humaniora — alt på grunn av ei snever oppfatning av kva kunnskap som er relevant og kva som ikkje er det.

— Du snakkar også om eit «globalt apartheid» som er under utvikling i høgare utdanning?

— Når staten trekker seg tilbake og overlét dette til marknadskreftene, betyr det at høgare utdanning må kjøpast og seljast — til dei som har kjøpekraft. I for eksempel Sør-Afrika har berre eit mindretal råd til å betale, og mange fell frå. Det slår ut på «suksessraten». Og resultatet er at mange studentar frå middelklassen vel å reise til utlandet for å studere. Vi har sett nokon av dei mest kompetente og velståande studentane forsvinne til Canada, USA, Australia og New Zealand.

— I Sør-Afrika endar vi kanskje med fire eller fem toppuniversitet som vil vere i stand til å konkurrere på ein global arena: Witwatersrand, Universitetet i Cape Town, Stellenbosch og Universitetet i Pretoria. Og så vil vi få ein kohort av andreklasses universitet, «bush universities». Men i kva grad dette skjer, er påvarka av om styresmaktene vil investere i utdanningssektoren eller ikkje.

— Reiser også akademikarane, undervisarane og forskarane sin veg?

— Ja, vi har mista mange, særleg dei siste ti åra. Det har blant anna samanheng med manglande finansiering og infrastruktur, dårleg styring og mykje korrupsjon. Som ANC no endeleg blir straffa for.

— Men du har valt å bli, trass i problema, og trass i at du med den posisjonen du har som akademikar kunne ha jobba mange andre stader i verda?

— Ja. Fordi eg ønsker å bidra til utviklinga av ei sterk intellektuell sfære — i Afrika.

Så godt han kan

Han har farta til mange land og byar på planeten dei siste 30—40 åra. Bøkene hans, delvis forfatta på fransk og delvis engelsk, er omsett til 17 språk. No er han blitt kjentmann også på denne prikken på planeten, Bergen. 

Det er berre eit par år sidan han var her sist, og blei utnemnd til æresdoktor. I 2018 var han i byen for å vere med i Holbergdebatten. 

Denne gongen har Mbembe familien med seg når han tar imot den prestisjefulle Holbergprisen i aulaen til Universitetet i Bergen. Kona, den sørafrikanske litteraturprofessoren Sarah Nuttal, og dei to ungane deira, som har fått fri frå skulen heime i Johannesburg, kjem eins ærend for å vere med på storhendinga.

— Men neste veke må ungane på skule igjen, understrekar Mbembe, liksomstrengt. 

Han er stolt og takknemleg over grunnen til at han er her, men verkar ekte beskjeden, når det blir prat om pris og prestisje.

— Eg har aldri tenkt på den måten, at det eg driv med handlar om ære. Eg har berre tenkt, okey, det er dette eg verkeleg har lyst til å halde på med. Om eg greier å gjere det så godt eg kan, ja, så er det nok for meg. 

Født i Kamerun, studert i Frankrike, jobba i USA, slått seg ned i Sør-Afrika, på besøk i Noreg, fotografert på Festplassen i Bergen. Achille Mbembe er opptatt av finne fellesskap på tvers av stengsler og grenser på planeten vi bur på.

Mbembe tar ein tenkepause, vender blikket bak dei runde brillene mot trea og det blafrande lauvverket i parken utanfor dei store vindauga på hotellet. 

— Eg meiner verkeleg dette, at dette er den einaste legitime funksjonen universitetet har, om vi ser på kva verd vi lever i: Det finst berre éin grunn til at universitetet skal eksistere i dag — for å ta vare på og kultivere omsorg for livet, alt liv. I would like to imagine that kind of university.

Powered by Labrador CMS