Wittgensteinhuset og «bøtteheisen». Det avgjerande kriterium for Wittgenstein sitt val av arbeidsplass var arbeidsro.

FILOSOFEN SOM FÅ FORSTÅR, MEN SOM MANGE FATTAR

Wittgensteinhuset blei gjenreist i 2018 og har sidan den gong opplevd stor interesse frå publikum. Folk kjem frå heile verda, og fleire har kome eins ærend til Skandinavia berre for å oppleve «fjellhytta».

Publisert Sist oppdatert

You can not lead people to what is good.
You can only lead them to some place or other.
The good is outside the space of facts1

Wittgensteinhuset i Skjolden vart attendeført i 2018 og åpna i 2019. Filosofiinteresserte har kome eins ærend til Skandinavia berre for å oppleve «fjellhytta». Gledeleg og overraskande har det vore å registrere alle dei ulike faglege bakgrunnane blant dei besøkande.

I ein driftsperiode på fem år har me i «Stiftinga Wittgenstein i Skjolden» hatt stor glede av å syne fram det attendeførte huset til filosofen til oppimot 15.000 vitjande. Spesielt interessant har det vore å koma i kontakt med- og treffe dei særskilt dedikerte.

Filosofi er ikkje eit fag, hevdar Wittgenstein sjølv. At filosofi er eit middel, har synt seg i desse fem åra. Gjennom attendeføringa av Wittgenstein-huset har me fått svært interessante bevis på dette: entusiastar innan eit mangfald av ulike disiplinar har fått stimulans av denne filosofen. «Stiftinga Wittgenstein i Skjolden» har som primær oppgåve å ivareta huset og legge forholda best mogeleg til rette for besøkande. Våre lokale guidar har ikkje filosofisk fagkompetanse. Utan denne bakgrunn finn me det utfordrande å formidle Wittgenstein sin filosofi på eiga hand. Men Universitetet i Bergen har, som ein av fem partar i stiftinga, formulert essensen i filosofien som vegleiing. Ei trøyst er å konstatere, at òg fagfilosofar ofte har vanskar med formidling av filosofien, noko av grunnen til behovet for fagseminar. I 2023 vart det avvikla to filosofiseminar i Skjolden og ei samling av filosofistudentar.

Forfattarro

Tidleg på vårparten mottok me dette inderlege ynskjet:

Ludwig Wittgenstein har hatt enorm betydning for moderne filosofi.

«… My deepest hope, however, has been to be able to stay – even if for just a few days – in Wittgenstein’s cabin itself. I think that I would only be able to get a full sense for what Wittgenstein’s retreats to his cabin must have meant for him if I can stay there through the night – feeling something of the solitude that he must have felt, with no-one nearby, and nothing left but silence and time for introspection.

I would intend to spend my time there simply meditating, thinking, reading, and writing – and looking out at the view over the lake. (….) If I could also ‘live’ in the cabin for even a small part of my visit I would be more grateful than I could say.»

Oppattføringa av Wittgenstein-huset ville ha vore utan meining om denne førespurnaden ikkje skulle bli imøtekomen. Ved konstruktiv dialog klarla me dei få naudsynte tiltaka og takken var djup og varma oss alle:

«As I’m now approaching my final nights in the house, I am appreciating them even more, and gaining some wonderful insights. My stay will end up having a big impact on the shape of the book that I am writing, and it has had a very significant impact on me as well.»

Det har synt seg, huset og fjellhylla har utløysingskraft.

Dokumentert stillheit

Det avgjerande kriterium for Wittgenstein sitt val av arbeidsplass var arbeidsro. Å ikkje bli forstyrra var grunnleggjande, ro og stillheit ein føresetnad.

Paradoksalt kjentes det, då me fekk mail frå Dr. Kerry William Purcell, Senior Lecturer in Design History, med presentasjonen av sitt prosjekt:

«I am currently working on a sound project documenting the life of Ludwig Wittgenstein through location-based recordings. Travelling from the site of the Palais Wittgenstein in Vienna, via the Haus Wittgenstein, Trattenbach, Cambridge University, and many more locations, the project aims to create the first ever audio collection of key locations in his life. Of course, a key location in this project is the Skjolden cabin.»

Interessant skal det bli å få presentert stilla i Skjolden i decibel sett opp mot den akademiske støyen Wittgenstein flykta frå i Cambridge.

Musikk og dans

Og apropos lyd: Musikk sto sentralt i Wittgensteinfamilien. Sjølv hadde Wittgenstein klarinett i huset i Skjolden og han var ein meistar i å plystre, truleg ein ikkje høgt rangert disiplin i den borgarlege heimen i Wien. Gledeleg var det då å få stadfesta at Wittgenstein sitt liv også har inspirert innan den musikalske verda: Komponisten John Andrew Wilhite-Hannisdal presenterte seg slik for oss:

«Jeg er komponist som planlegger nå et nytt verk om Ludwig Wittgenstein, inspirert av det han skrev i Skjolden gjennom årene. Verket blir bestilt av Den Norske Kirke (Gamlebyen og Grønland menighet, Oslo) som en slags serie messer, der jeg skriver en messe for hver påskedag i 2025 (7 totalt, én for hvert utsagn i Tractatus). Det skrives for gregoriansk kor (7 stemmer), med klarinett og vokalsolo. Jeg bodde noen dager på Eide Gard i vår og ble meget inspirert av omstendighetene og forsto noe helt annet om Wittgensteins filosofi og liv.

Vi vil gjerne fremføre verket i Urnes stavkirke (samt. Grønland kirke i Oslo), og jeg er veldig interessert i å skrive så mye av verket som mulig i Luster på Eide Gard, eller, og, hvis det er mulig, i selveste hytten til Wittgenstein når den er åpen (jeg vet at tilgang her er begrenset).»

Me i «Stiftinga Wittgenstein i Skjolden» ser på dette prosjektet som ei overraskande og verdfull utviding av mangfaldet i Wittgensteins verd. Det var ikkje tvil om vår støtteerklæring.

Musikk leidar til dans, eit ryggmargsmedel for kommunikasjon for oss alle, frå laurdagsdansen på brygga til operascena.

Wittgensteins mest kjente postulat «Det som det ikkje er mogeleg å snakka om, lyt ein teiga om», har utfordra søstrene Anna og Berit Einemo Frøysland frå Lærdal. Dei er begge profesjonelt utdanna innan dans som uttrykksmedel, tilknytta Kunsthøgskulen i Oslo og Ballettakademien i Stockholm. Inspirert av Wittgenstein har dei saman utarbeidd ein eigen forestilling basert på moderne dans som kommunikasjon. Me ser fram til at denne skal bli framført i Skjolden, kanskje i 2024.

… og film!

2023 vart også året for premieren på tre filmsnuttar om Wittgenstein i Skjolden. Den første av regissør Therese Jacobsen og fotograf Jørgen Nordby, som har arbeidd i nær ein 10-årsperiode med dokumentering av m.a. kontakten Wittgenstein hadde med dei lokale. I tillegg, (igjen, inspirert av Wittgenstein-huset) har Øystein Hallre – amatørfilmprodusent – produsert ein ikkje-autorisert film med ein svært god pedagogisk framstilling av både livet og læra til filosofen. Vi har også mottatt nok ein førespurnad om medverknad til eit prosjektet som vil marknadsføre Wittgensteinhuset og Skjolden internasjonalt, mot at me sponsar produksjonen i form av gratis guida tur til Wittgensteinhuset som loddtrekningspremie. Sjå: https://wittgensteinspoker.com/

Syning av den tapte stillheita

Prosjektet til Jasper van den Broek /De Bedachtzamen i Nederland var å utgje ei bok om stille arbeidsplassar:

«The monk’s cell is a wonderful illustration of a period of time seemed lost yet so many are in need of these spaces to experience some kind of ‘silence’. De Bedachtzamen is our non-profit blog on which we try to achieve this state of mind by writing about time and stillness in art, literature and film.»

Visjonen deira er «draumen om lys i stigande tåke». Sjå debedachtzamen.nl. Der er miniboka Monk’s cell publisert med eitt foto frå kvar av dei 15 «cellene».

For oss i «Stiftinga Wittgenstein i Skjolden» er innlemming i denne selektive samlinga tankevekkande, og det gir òg inspirasjon til eigne handlingar. Me vil gjerne få til ei utstilling av bileta av desse utvalde arbeidsplassane. Dette i ei gamal utmarksløe som ligg tett ved vegen i landbrukskulturlandskapet inn til Wittgenstein-huset, ei løe som stiftinga disponerar og no restaurerar. Utstillinga kan bli ei god innføring til Wittgenstein sin verden på vegen opp til Wittgenstein-huset for gjestene me guidar – ei guiding der me audmjukt innser at me ikkje maktar djup innføring i Wittgenstein sin tankeverden - men der vår teneste er «… to lead them to some place or other».

Sidan åpninga av huset har me også hatt gleda av – to lead them to some place – deltakarane på Knut Olav Åmås sitt årlege Wittgensteinseminar på Walaker Hotel. Loftet på huset, møblert med gamle bedehusbenkar, fungerar svært godt som intimt møtelokale.

So ynskjer me vidare framover velkomen inn til Wittgenstein sin «some place or other»; plassen der tankar kan finne, ikkje berre undring og inspirasjon, men òg etterlengta avklåring.

Noter

    1.  Ludwig Wittgenstein (1980). Culture and value. s. 3

Powered by Labrador CMS