STATEN OG LABORATORIET:
SHEILA JASANOFF OG DEN VERKSAME VITSKAPEN
Vitskap og teknologi blir ofte sett på som nøytrale fenomen. Likevel vil ulike statar regulere og ta i bruk desse på svært ulikt vis. Korleis har det seg at tilsynelatande nøytrale fenomen blir fortolka svært ulikt, og korleis heng variasjonen i fortolking saman med makt og maktutøving? Desse spørsmåla har Sheila Jasanoff dedikert karrieren sin til å undersøkje.
Ein skal vere forsiktig med å trekkje for tydelege linjer mellom ein akademikar sin biografi og deira akademiske interesser. Samstundes kan ein lett sjå føre seg at Jasanoff sin bakgrunn har forma interessa for forholdet mellom vitskapen og (andre) maktinstitusjonar og interessa for korleis dette forholdet kjem til ulikt uttrykk i ulike statar. Jasanoff vart fødd i Kolkata, India i 1944, men som tolvåring flytte ho til USA med familien. I 1973 forsvarte ho doktorgradsavhandlinga si i lingvistikk ved Harvard. Tre år seinare, i 1976, bestod ho juridisk embetseksamen ved same universitet.
Etter å ha praktisert juss i to år vart ho tilsett ved Program on Science, Technology and Society ved Cornell University. I 1998 vart ho tilsett som professor ved Harvard University, der ho i 2002 var med å grunnleggje studieprogrammet for Science, Technology and Society.1 Dette programmet har ho leidd sidan. Jasanoff har mottatt ei rekkje prisar for sine bidrag til vitskapen, og i 2022 fekk ho Holberg-prisen for sitt karrierelange arbeid. Samstundes har ho nyleg vore kontroversiell: Få månadar etter at ho vann Holberg-prisen vart ho skulda for å vere ei akademisk bølle med ein autoritær leiarstil.2 Sett i lys av Jasanoff sin karriere er denne kontroversen ironisk: Som akademikar verkar Jasanoff å ha eit ubevisst – eller verre, altfor bevisst – forhold til eiga makt, trass i at ho har bruka store delar av karrieren sin nettopp til å utforske forholdet mellom makt og vitskap.
Jasanoff sitt forfattarskap tek utgangspunkt i at vitskap og teknologi spelar ei sentral rolle i moderne samfunn, både som kjelde til makt og som middel for maktutøving. Ettersom desse fenomena har eit nøytralt ferniss er dei effektive verktøy for (mellom anna) staten. Likevel greier dei sjeldan å utøve ein uniform påverknad på tvers av tid og rom.3 Trass i opplysningstida si lovnad om at vitskapen kan avdekke universelle sanningar og eit påfølgjande narrativ om koplinga mellom teknologi og framsteg så fortset den menneskelege erfaringa å vere fleirfasettera. Dette, meiner Jasanoff, er fordi vitskap og teknologi er fenomen som må fortolkast for å bli verksame. Ettersom ulike statar – og borgarane deira – utfører denne fortolkinga på til dels svært ulike måtar så kan den same vitskapen eller teknologien produsere vidt forskjellige resultat.
For å betre forstå korleis Jasanoff tenkjer på forholdet mellom vitskap, teknologi og makt vil eg presentere tre sentrale omgrep frå forfattarskapet hennar. Fyrst vil eg presentere omgrepet samproduksjon, eit omgrep som – implisitt eller eksplisitt – er sentralt i heile Jasanoff sin produksjon. Deretter vil eg introdusere to omgrep som på kvart sitt vis konkretiserer samproduksjonsomgrepet: borgarepistemologi og sosiotekniske førestillingar. Før eg presenterer desse omgrepa i detalj er det naudsynt med ein grunnleggjande introduksjon til fagfeltet teknologi- og vitskapsstudiar (engelsk: Science & Technology Studies, frå no av forkorta STS). Hensikta med denne teksten er å gje ein introduksjon til Jasanoff sitt akademiske prosjekt, og ettersom størsteparten av arbeidet til Jasanoff høyrer til innanfor STS er det viktig å kjenne til nokre av dei sentrale innsiktene frå dette fagfeltet.
Teknologi- og vitskapsstudiar for nybyrjarar
STS er ein konstruktivistisk forskingstradisjon som vaks fram på 1970-talet. Fagfeltet starta som eit laust fellesskap med forskarar med ei delt interesse for sosiologiske tilnærmingar til vitskap og teknologi. Meir spesifikt bygde dei på ein viktig observasjon: Vitskap og teknologi er sentrale fenomen i moderne samfunn, fenomen som blir tilskrive stor kraft til å påverke samfunnet, samstundes som desse fenomena ofte blir behandla som separat frå samfunnet. Ettersom desse fenomena så tydeleg var – og framleis er – assosiert med makt var det naudsynt å forstå dei betre.
Om ein verkeleg skal forstå rolla til vitskap og teknologi i moderne samfunn må ein også vise det motsette: korleis desse fenomena er og blir vove saman med makt.
Ettersom STS-forskarane ønskte ei meir inngåande forståing av korleis vitskap og teknologi blir produsert gjekk dei til kjeldene. Ved å gjere studiar i laboratorium og designverkstadar kunne dei studere forminga av vitskap og teknologi i detalj.4 Desse studiane viste tydeleg at vitskap slett ikkje handlar om å hente inn fakta som allereie finst «der ute»: Vitskap er ein prosess der faktapåstandar blir konstruert og berre gradvis blir etablert som uomtvistelege fakta. Tilsvarande er ikkje teknologi ei ustoppeleg kraft som kjem utanfrå og formar samfunnet i sitt bilete. Menneske formar teknologien gjennom designprosessar, implementering og bruk. Desse studiane gjorde det tydeleg at både vitskap og teknologi er høgst sosiale fenomen, heller enn nøytrale fenomen med opphav utanfor samfunnet.
Om me vender tilbake til observasjonen om at vitskap og teknologi er sentrale fenomen i moderne samfunn så viser dei tidlege studiane innanfor STS at desse fenomena er sosialt konstruerte, og dermed også kan vere politiske. Dette seier likevel ikkje noko om korleis vitskap og teknologi blir bruka for å utøve makt, men heller at vitskap og teknologi allereie kan vere – og ofte er – uttrykk for eksisterande makttilhøve i samfunnet.5 Om ein verkeleg skal forstå rolla til vitskap og teknologi i moderne samfunn må ein også vise det motsette: korleis desse fenomena er og blir vove saman med makt. Dette temaet står sentralt i Jasanoff sitt forfattarskap.
Samproduksjon: vitskapen, politikken og tilværa
Jasanoff er mest kjent for omgrepet samproduksjon. Dette omgrepet kan summerast opp med ei setning: måtane me forstår og representerer verda er uløyseleg knytt til korleis me vel å leve i den.6 Denne enkle setninga greier på kortfatta vis å samanfatte grunnleggjande og viktige innsikter frå STS. Med denne eine setninga impliserer Jasanoff at vitskap og politikk er uløyseleg knytt saman: Kva me veit og korleis me veit det vil unekteleg påverke – om enn ikkje avgjere – korleis me handlar.
Samproduksjon byggjer på ein enkel observasjon: moderne samfunn kjenneteiknast av menneska sine forsøk på å etablere orden. Grovt sett går dette føre seg i to parallelle prosessar: med hjelp av vitskap og teknologi prøvar mennesket å skape orden i naturen; gjennom politikk prøvar mennesket å skape orden i samfunnet. Ettersom ein tradisjonelt har tenkt på vitskapen som ei sfære utanfor samfunnet har ein tenkt på dei to ordningsprosessane som separate. Om ein forstår vitskap som ein sosial aktivitet lik alle andre, slik ein gjer innanfor STS, blir denne separasjonen vanskeleg å oppretthalde. Ein bør derfor tenkje på dei to ordningsprosessane som samanfiltra, heller enn parallelle. Korleis denne samanfiltringa ser ut og kva den resulterer i er eit sentralt tema innanfor samproduksjon.
Med utgangspunkt i nærmare førti år med studiar frå STS og omland identifiserer Jasanoff to greiner av samproduksjon: konstitutiv samproduksjon og gjensidig samproduksjon.7 Felles for dei to greinene er tanken om at vitskap og teknologi formar samfunnet på lik linje med politikken, heller enn å vere nøytrale verktøy for å ordne og forsøksvis meistre naturen. Dei to greinene skil seg fyrst og fremst når det kjem til korleis samanfiltringa av natur og samfunn går føre seg. Konstitutiv samproduksjon fokuserer på forståinga av nye tekno-vitskapelege fenomen: Kvifor blir nokre fakta, objekt eller teknikkar kategorisert som naturlege, medan andre ikkje blir det? Gjensidig samproduksjon fokuserer på vitskapen si kopling til politisk autoritet: kva er vitskapen si rolle i samfunnet?
Når slike omveltingar skjer vil ein ofte sjå at både samfunnet, vitskapen og forholdet mellom dei to blir forma om.
Utgangspunktet for den konstitutive samproduksjonen er det Bruno Latour har kalla den moderne forfatninga. Med dette omgrepet viser Latour til den utbreidde oppfatninga om at verda kan – og aller helst bør – delast inn i natur og kultur.8 Innanfor denne oppfatninga er naturen sfæren som menneska observerer og lærer om gjennom vitskapen, medan kultur er sfæren menneska rår over gjennom politikken. Denne oppfatninga er feil, meiner Latour. Grensa mellom dei to sfærane endrar seg etter kvart som ny kunnskap blir etablert, og med det endrast òg vår forståing av verda me lev i. Konstitutiv samproduksjon er spesielt synleg når nye fenomen veks fram, anten det er kloningsteknologi eller klimavitskap. Slike fenomen fører ofte med seg kontrovers, nettopp fordi dei utfordrar vår forståing av dei to sfærane som distinkte. For ei stund vert det tydeleg at det å setje fenomenet i den eine eller andre kategorien krev eit betydeleg arbeid, eit arbeid som transformerer natur-kultur-skiljet. Konstitutiv samproduksjon handlar altså om metafysiske spørsmål, om fundamentale skiljelinjer som natur/kultur og menneske/ikkje-menneske og kva som skjer når desse blir utfordra.
Gjensidig samproduksjon anerkjenner også natur-kultur-skiljet som eit sentralt trekk ved moderne samfunn, men har ikkje den same metafysiske innrettinga som konstitutiv samproduksjon. Heller enn å fokusere på den stadige omforminga av natur-kultur-skiljet fokuserer gjensidig samproduksjon på forholdet mellom vitskapen og samfunnet: Korleis påverkast samfunnet av viktige nye oppdagingar i vitskapen, og korleis påverkast vitskapen av radikale endringar i sosiale tilhøve? Når slike omveltingar skjer vil ein ofte sjå at både samfunnet, vitskapen og forholdet mellom dei to blir forma om. Forholdet mellom vitskap og samfunn er altså gjensidig, men også i stadig endring.9 Samstundes fortset vitskapen å vere uløyseleg knytt til makt, ettersom den djupast sett skal dømme kva påstandar som er sanne og ikkje.
Med samproduksjon peikar Jasanoff på fellestrekk ved ein idétradisjon og set namn på han. Samstundes omtalar ho samproduksjon som eit idiom, heller enn eit teoretisk omgrep. Idiom er språklege vendingar som er spesifikke for eit språk og som ein ikkje naudsynlegvis forstår tydinga av sjølv om ein forstår alle enkeltorda, til dømes «ugler i mosen». Dette gjeld då også samproduksjon, men heller enn å vere ei vending som er spesifikk for eit språk så reflekterer denne vendinga ein spesifikk måte å forstå verda på der vitskap, teknologi og samfunn både er i stadig dialog og i gjensidig endring. Med gjennomgangen av tidlegare litteratur i samproduksjonstradisjonen stiller Jasanoff samstundes ei diagnose: tidlegare STS-forsking har fokusert for lite på forholdet mellom vitskap og makt. Denne diagnosen peikar både framover og bakover i Jasanoff sitt forfattarskap: Den er utvilsamt stilt på bakgrunn av det tidlege arbeidet hennar, til dømes om styringsvitskap,10 samstundes som diagnosen også legg grunnlaget for det vidare forfattarskapet.
Borgarepistemologi
Eit av Jasanoff sine forsøk på å beskrive forholdet mellom kunnskap og makt er omgrepet borgarepistemologi (civic epistemology).11 Dette omgrepet viser til den rådande forma for argumentasjon og bevisføring som oppfattast som autoritativ av borgarane i spesifikke samfunn. Med dette omgrepet ønskjer Jasanoff å rette fokus på kvifor ulike land tek imot og vurderer den same vitskapen heilt ulikt. Dette har ofte blitt forklara med kunnskapsunderskotsmodellen, som seier at ein eventuell skepsis til vitskap kjem av ei manglande forståing av vitskapen. Dette blir for enkelt, meiner Jasanoff: Folk evnar sjølv å fortolke ny vitskap og teknologi, anten det er i lys av fakta eller verdiar. Heller enn eit kunnskapsunderskot meiner Jasanoff at ulik styring og ulike reaksjonar på dei same nyvinningane er eit resultat av ulik borgarepistemologi. Jasanoff utviklar dette omgrepet med utgangspunkt i ei studie av reguleringa av bioteknologi i USA, Storbritannia og Tyskland, der ho identifiserer karakteristikkar ved dei ulike borgarepistemologiane og viser korleis desse resulterer i ulike reguleringsstrategiar.
Heller enn eit kunnskapsunderskot meiner Jasanoff at ulik styring og ulike reaksjonar på dei same nyvinningane er eit resultat av ulik borgarepistemologi.
Den amerikanske borgarepistemologien reflekterer det amerikanske samfunnet elles: den er i stor grad forretningsretta. Her er det fyrst og fremst interessentar, det vere seg produsentar eller kritikarar, som produserer relevant kunnskap. Nytten av ny vitskap og teknologi blir etablert gjennom store og synlege demonstrasjonsprosjekt, og eventuelle kontroversar blir forsøksvis løyst gjennom rettssystemet. Kvantitative metodar er spesielt viktige i den amerikanske borgarepistemologien, ettersom desse blir vurdert som meir objektive. Ønsket om objektivitet reflekterast også i ekspertiseomgrepet: ettersom ekspertar blir vald ut frå profesjonelle kvalifikasjonar blir dei gjerne også vurdert som upartiske. For å sikre objektivitet og interessefridom har ein fokusert på opne prosessar, slik at både kvantitative vurderingar og tilsynelatande interessefri ekspertise kan gås etter i saumane.
Den britiske borgarepistemologien er annleis enn den amerikanske. Den er i større grad open for at også innbyggjarane sit på relevant kunnskap, samstundes som denne kunnskapen i siste instans blir vurdert og mediert av ekspertar. Desse ekspertane er gjerne embetsfolk som gjennom årrekkjer har bygd opp truverd som representant for landet sine innbyggjarar. Heller enn kvantitative metodar set den britiske borgarepistemologien sin lit til empirisk vitskap. Dette påverkar også styring, der reguleringar fyrst blir implementert når dei utan snev av tvil kan underbyggjast med empiriske observasjonar.
Dei ovanfornemnte ekspertane blir vurdert som best eigna til å vurdere den tilgjengelege kunnskapen, nettopp fordi dei har dei rette personlege kvalifikasjonane: kunnskap er objektiv og styringsrelevant fyrst når desse ekspertane har vurdert det slik. Dette kan verke noko vilkårleg, noko som også kan seiast om transparensen i styringsprosessar: Britiske offentlege organ står i stor grad fritt til å velje grada av openheit. Den britiske borgarepistemologien er altså basert i ein tanke om at det er visse individ som er best skikka til å representere samfunnet sine interesser.
Den tyske borgarepistemologien liknar meir på den britiske enn den amerikanske, men har ei tydlegare institusjonell innordning. Prosessen med å regulere bioteknologi starta med ei brei kunnskapsinnhenting, men vart raskt snevra inn frå å romme alle slags samfunnsaktørar til å primært romme sakkunnige. Tilliten til at dei sakkunnige handla fyrst og fremst om representasjon: så lenge dei rette institusjonane var representert i rådslagingsprosessar ville ein ende opp med fornuftige løysingar. Om ein kan demonstrere ei korrekt samansetning av institusjonar underbyggjer ein truverda av avgjerslene. Ved å samle, samanlikne og forhandle mellom ulike synspunkt kan ein sikre konsensus, noko som er med på å gje avgjersler ein tilsynelatande objektivitet. Denne tilliten til (rett samansette) organ betyr samstundes at det ikkje er naudsynt med transparente prosessar: ettersom desse organa samlar representantar for relevante samfunnsområde – korleis det enn blir definert – blir dei også eit spegelbilete av samfunnet. Ved å la desse representantane forhandle seg mellom kan ein stole på at ein endar opp med fornuftige løysingar.
Borgarepistemologi formar prosessen med å regulere bioteknologi og korleis den endelege reguleringa blir sjåande ut. USA enda opp med å regulere genmodifiserte produkt, spesielt med omsyn til moglege skadeverknadar på helse og miljø, medan Storbritannia regulerte genmodifisering som prosess. Som svar på store offentlege diskusjonar kring vitskapelege, politiske og etiske utfordringar knytt til bioteknologi etablerte Tyskland ei omfattande lov for å regulere teknologien. Sjølv om ulikskapane i borgarepistemologi førde til ulike reguleringsstrategiar så enda dei tre landa likevel opp med eit liknande resultat: Reguleringane bana til slutt veg for ei vidare satsing på bioteknologi.
Med omgrepet borgarepistemologi viser Jasanoff at den ulike mottakinga ny vitskap og teknologi får i ulike samfunn ikkje kan tilskrivast innbyggjarane si ukunne. Det er heller eit resultat av at me lev i ulike politiske kulturar som vektar ulike aspekt ved ny vitskap og som har ulike ressursar til rådigheit for å fortolke og ta i bruk ny vitskap og teknologi. Statar skil seg frå kvarandre både med tanke på kva argumentasjon og bevis borgarane vurderer som overtydande, kva institusjonar som finst og kva rolle staten tilskriv borgarane sine. Dei mellomstatlege forskjellane kjem altså ikkje av ukunne hjå borgarane, men av forskjellar i både tolkingsrammer og maktutøving.
Bioteknologi er blant dei mest kontroversielle nyvinningane i nyare tid, ettersom den utfordrar det grunnleggjande skiljet mellom naturleg og kunstig, menneske og ikkje-menneske. Derfor er bioteknologien også eit fruktbart område å følgje dersom ein vil forstå samproduksjon. I forsøket på å regulere bioteknologi balar dei tre landa med både konstitutiv og gjensidig samproduksjon. På eine sida prøvar dei å forstå kva bioteknologi er: kva fordelar og ulemper kjem teknologien med, kva grenser er det akseptabelt at teknologien rokkar ved og kva grensar må behaldast? På andre sida fører framveksten av bioteknologi til opprettinga av nye institusjonar som kan halde oppsyn med teknologien.12 Ulik borgarepistemologi er grunnen til at reguleringa får ulik form i ulike land. Med andre ord er borgarepistemologi sterkt delaktig i å forme samproduksjonsprosessar, anten dei er av den konstitutive eller den gjensidige typa.
Sosiotekniske førestillingar
Samproduksjonsprosessar blir forma av ei stat sin borgarepistemologi, men ei stat sin borgarepistemologi er ikkje statisk. Den kan også bli forma eller omforma gjennom samproduksjonsprosessar, til dømes gjennom prosessar knytt til sosiotekniske førestillingar (sociotechnical imaginaries). Slike førestillingar blir gjerne formulert på nasjonsnivå, ofte av politikarar, og har vitskap og teknologi som sentrale komponentar. Ei sosioteknisk førestilling beskriv ein ny samfunnsorden som (visstnok) kan bli realisert gjennom vitskapelege og teknologiske framsteg, samstundes som førestillinga inneheld ein normativ dimensjon: anten det er implisitt eller eksplisitt så beskriv den ei ønskeleg utvikling. Med andre ord er sosiotekniske førestillingar verktøy som både beskriv og føreskriv.
Sosiotekniske førestillingar er eit omgrep som er meint å skulle forklare korleis samfunn blir forma av førestillingar om vitskapelege og teknologiske framsteg. Omgrepet vart fyrst introdusert i artikkelen «Containing the Atom», der Jasanoff og Sang-Hyun Kim samanliknar førestillingane om kjernekraft i USA og Sør-Korea.13 Den amerikanske førestillinga om kjernekraft var at den måtte kontrollerast: som nasjonen som fyrst slapp laus atomet si valdsame kraft over Hiroshima og Nagasaki hadde USA eit ansvar for å hauste atomet si kraft på fredeleg vis. Kjernekraft vart forsøksvis kontrollert gjennom politisk regulering, men amerikanarane var ikkje overtydd om at atomet ville la seg kontrollere. Frå 1950-talet og utover vart staten sine reguleringar stadig utfordra gjennom sivile søksmål som ofte tok utgangspunkt i innbyggjarane sine bekymringar knytt til kjernekraft. Gjennom ei rekkje dommar i amerikansk høgsterett vart det likevel etablert at staten hadde gjort sitt for å minimere risikoen for radioaktive utslepp. Samstundes hadde innbyggjarane tilsynelatande vist seg som irrasjonelle og ukunnige i tekniske spørsmål, og dermed etablert seg sjølv som ei gruppe som også måtte haldast under kontroll.
I same prosessen vart innbyggjarane etablert som både irrasjonelle og teknisk ukunnige, og dermed ute av stand til å delta på rasjonelt vis i debattar kring vitskap og teknologi.
Atombombene over Hiroshima og Nagasaki sette Korea fri frå japansk styre. Sør-Korea vart sett mellombels under amerikansk kontroll, men ideen om ein eigen nasjon var allereie fødd. Då landet vart anerkjent som sjølvstendig nasjon i 1948 fanst der allereie ei førestilling om at ei storstilt satsing på vitskap og teknologi skulle sikre utviklinga av den sørkoreanske nasjonen. Denne forteljinga vart enno viktigare etter Korea-krigen, og kjernekraft stod spesielt sentralt i forteljinga: Atomet si kraft trong ikkje brukast til å tvinge ein nasjon i kne, det kunne også brukast til å byggje ein nasjon. Gjennom 1960- og 1970-talet vart kjernekraft tettare og tettare knytt til nasjonen si utvikling. Kjernekraft skulle sikre både energiforsyning og økonomisk vekst, samstundes som utviklinga av innanlandsk kompetanse på kjernekraft skulle gjere Sør-Korea mindre avhengig av USA.
Fyrst då Sør-Korea vart demokratisert på 1980-talet vart denne førestillinga utfordra: kritikarane, som gjerne var anti-kapitalistar og/eller miljøaktivistar, meinte utviklinga av kjernekraft hadde gagna spesifikke interesser heller enn nasjonen som heilskap. Desse kritiserte også den sørkoreanske staten for manglande demokratisk sinnelag når det kom til utviklinga av kjernekraft. Paradoksalt førte den stadige kritikken til ei mindre demokratisk styring av kjernekraft: staten byrja mobilisere uavhengig ekspertise for å rettferdiggjere kjernekraftpolitikken sin. Dette innskrenka moglegheita for demokratisk påverknad, samstundes som det støtta opp under den rådande førestillinga om kjernekraft for nasjonens utvikling.
Samanlikninga av USA og Sør-Korea viser korleis førestillingar om vitskapelege og teknologiske framsteg ikkje berre formar den generelle utviklinga av teknologien, men også aspekt ved samfunnet elles. I USA medverka satsinga på atomkraft til framveksten av ein borgarepistemologi der innbyggjarane sine bekymringar blir omsett til tekniske problem som deretter kan «løysast» av ekspertar, gjerne med hjelp av domstolane. (Dette illustrerer også korleis borgarepistemologi utviklar seg over tid og gjennom praksis.) I same prosessen vart innbyggjarane etablert som både irrasjonelle og teknisk ukunnige, og dermed ute av stand til å delta på rasjonelt vis i debattar kring vitskap og teknologi.
I Sør-Korea var kjernekraft knytt til ein idé om nasjonal utvikling, der risikoen ved kjernekraft vart vurdert som mindre påtrengande enn risikoen for å sakke akterut. I lang tid var innbyggjarane overtydde om denne førestillinga. Fyrst med demokratiseringa av staten, då innbyggjarane gjekk frå å vere lydige undersåttar til å vere aktive medborgarar, byrja førestillinga bli utfordra. Aktivistane greidde likevel ikkje å rokke ved denne førestillinga: kjernekraft spelar enno ei stor rolle i Sør-Korea sitt sjølvbilete, både når det kjem til strategisk autonomi og økonomisk utvikling.
Det er tydeleg at USA og Sør-Korea sine førestillingar om kjernekraft var verksame. Prosessane med å realisere desse førestillingane kjenneteiknast fyrst og fremst av gjensidig samproduksjon: Vitskap og teknologi vart bunde til politiske målsetjingar, samstundes som politikarane prøva å leggje vilkåra til rette for vitskap og teknologi, mellom anna gjennom nye reguleringar og institusjonar. Samstundes forma denne dynamikken også samfunnet meir generelt, uavhengig av om den opphavelege førestillinga vart verkeleggjort: forsøka på å realisere kjernekraft omforma alt frå borgarepistemologi og staten si risikoforståing til borgarane si rolle i samfunnet og nasjonen si sjølvforståing. Dette viser korleis samproduksjonsprosessar kan vere verksame også utover å etablere nye forhold mellom vitskap og politikk.
Konklusjon
Jasanoff har på sett og vis stått åleine innanfor STS: der mange (tidlege) STS-arar sette fokus på den skjulte makta i både vitskap og teknologi har ho fokusert på forholdet mellom vitskap, teknologi og samfunn. Frå tidleg i karrieren har ho vore dedikert til empiriske og komparative studiar, ein dedikasjon som gjev forfattarskapen hennar ein beundringsverdig heilskap. Gjennom nærmare femti år som akademikar har Jasanoff produsert ei rekkje studiar som viser at vitskap og teknologi, fenomen som ein ofte tenkjer på som nøytrale og uavhengige av kultur, blir teke i bruk på ei rekkje ulike vis. Trass i påstandar om universell gyldigheit greier desse fenomena sjeldan å produsere uniforme effektar: Kulturen er for gjenstridig.
Jasanoff peikar på at vitskap og teknologi er best forstått som verksame fenomen, heller enn nøytrale. Når ny vitskap og teknologi kjem til så set dette i gang prosessar som har som mål å finne meining i utviklinga. Dette kan føre til at grensa mellom natur og kultur blir skrive på ny, det kan drive fram endringar i forholdet mellom vitskap og samfunn, det kan føre til etableringa av nye styringsinstitusjonar eller -verktøy og det kan danne grunnlaget for nye førestillingar om framtida. Samstundes er det ikkje berre statar eller andre maktinstitusjonar som driv desse prosessane. Dei er også avhengige av vanlege borgarar. Heller enn å lide av eit kunnskapsunderskot så er borgarane også aktive deltakarar i fortolkinga av ny vitskap og teknologi.
Jasanoff sitt prosjekt gjev oss ei djupare forståing av rolla som vitskap og teknologi spelar i moderne samfunn, men handlar også om meir enn å forstå desse som konstruerte fenomen.
Jasanoff sitt prosjekt gjev oss ei djupare forståing av rolla som vitskap og teknologi spelar i moderne samfunn, men handlar også om meir enn å forstå desse som konstruerte fenomen. Med utgangspunkt i den sentrale rolla til vitskap og teknologi i moderne samfunn skriv Jasanoff også fram ei form for samfunnsteori. Vitskap og teknologi er fenomen som inngår både i maktutøving og meiningsskaping. Dermed set dei rammene for korleis me lev, men også for korleis me tenkjer at me kan leve. Når me som samfunn prøvar å finne meining i ny vitskap og ny teknologi blir desse rammene utfordra, i alle fall i ei tid, og me blir på ny nøydde til å artikulere kven me er og kva som står på spel. Vitskap og teknologi blir verksame fenomen fordi dei stimulerer fantasien vår samstundes som me får tilgang på nye verktøy for å verkeleggjere fantasien. Samfunnet blir kanskje til i samspelet mellom staten og laboratoriet, men det er opp til oss borgarar å gje det retning.
Vidare lesing
Forhåpentlegvis har den føregåande teksten inspirert lesaren til å utforske Jasanoff sitt forfattarskap på eiga hand. Ettersom forfattarskapet strekk seg over nærmare førti år og nærmare tjue monografiar og redigerte samlingar kan det likevel vere nyttig å gje lesaren nokre peikarar. For mange vil States of Knowledge (2004) vere ein god stad å starte, ettersom det er her Jasanoff lanserer omgrepet samproduksjon. Dette omgrepet står sentralt i heile Jasanoff sitt forfattarskap, og dermed er denne antologien ein nykel til å forstå det overordna prosjektet hennar. Om ein ønskjer å starte med eit overblikk heller enn eit djupdykk er Science and Public Reason (2012) eit godt alternativ. Denne boka samlar tekstar som Jasanoff har skrive gjennom dryge 25 år, og inneheld mellom anna klassikaren «Technologies of Humility». Boka gjev eit godt tverrsnitt av Jasanoff sitt forfattarskap, og gjer det dermed mogleg for lesaren å sjølv velje kva retning som verkar interessant å utforske vidare.
Om ein ønskjer å gå djupare inn i Jasanoff si tenking kring vitskap, teknologi og styring er Designs on Nature (2005) eit godt val. Her diskuterer Jasanoff korleis ulik borgarepistemologi påverkar moglegheita for demokratisk styring av vitskap og teknologi. Dreamscapes of Modernity (2015) tilbyr eit anna perspektiv på denne tematikken. Antologien er organisert kring sosiotekniske førestillingar, og belyser forholdet mellom vitskap, teknologi og styring gjennom case-studiar av alt frå internett til genmodifisert ris. Eit tredje perspektiv på denne tematikken finst i The Fifth Branch (1990). Dette var den fyrste boka Jasanoff skreiv etter å ha oppdaga STS, noko som gjer den interessant av to ulike grunnar: Den representerer eit viktig utviklingssteg i Jasanoff sitt forfattarskap, samstundes som den gjev god innsikt i produksjon og bruk av styringsvitskap.
Noter
- Jasanoff har skrive ein tekst der ho (mellom anna) diskuterer karrieren sin i lys av den overordna utviklinga innanfor amerikanske studiar av teknologi og vitskap. Sheila Jasanoff, «The Floating Ampersand: STS Past and STS to Come», Engaging Science, Technology, and Society 2 (2016): 231-234.
- Denne kontroversen oppstod etter eg sa ja til å skrive denne teksten, men ville vere uærleg å ikkje nemne. For nærmare informasjon, sjå Claudia Gertraud Schwarz-Plaschg, «On its 20th anniversary, my testimonial on the Harvard STS Program», 4. november 2022, https://medium.com/@claudia_gertraud/on-its-20th-anniversary-my-testimonial-on-the-harvard-sts-program-64100f6caac7 og Lee Vinsel, «Costs Untold: Sheila Jasanoff and the Long Trail of Emotional Abuse and Academic Bullying», 7. november 2022, https://sts-news.medium.com/costs-untold-sheila-jasanoff-and-metoosts-6a101d361999
- Bilen er eit godt døme. Materielt sett skil ikkje bilane i Noreg seg frå bilane som blir selt i andre land, men likevel har Noreg som nasjon teke i bruk bilen på ein distinkt nok måte til at ein kan snakke om den norske bilen som særeigen. Knut Holtan Sørensen, «Domestication: The Enactment of Technology», i Domestication of Media and Technology, red. Thomas Berker, Maren Hartmann, Yves Punie og Katie Ward (London: Open University Press, 2006), 49–51.
- Klassiske utgjevingar om forminga av vitskap og teknologi kan ein finne i høvesvis Bruno Latour og Steve Woolgar, Laboratory Life: The Construction of Scientific Facts, andre utg. (Princeton, NJ: Princeton University Press, 1986) Wiebe E. Bijker, Thomas P. Hughes og Trevor J. Pinch (red.), The Social Construction of Technology: New Directions in the Sociology and History of Technology (Cambridge, MA: The MIT Press, 1987).
- Jasanoff har fleire gonger stilt ei liknande diagnose, til dømes i Sheila Jasanoff, «Reason in Practice,» i Science and Public Reason, red. Sheila Jasanoff (London: Routledge, 2012), 7, og i Sheila Jasanoff, «Ordering Knowledge, Ordering Society,» i States of Knowledge: The Co-Production of Science and Social Order, red. Sheila Jasanoff, (London: Routledge, 2004), 17.
- Mi omsetjing. På engelsk lyd setninga som følgjer: «the ways in which we know and represent the world are inseparable from the ways we choose to live in it». Sheila Jasanoff, «The idiom of co-production,» i States of Knowledge: The Co-Production of Science and Social Order, red. Sheila Jasanoff, (London: Routledge, 2004), 2.
- Mi omsetjing. På engelsk blir dei to variantane kalla høvesvis constitutive co-production og interactional co-production. Jasanoff, «Ordering Knowledge, Ordering Society,» 19.
- Engelsk: «the modern constitution». Bruno Latour, We Have Never Been Modern (Cambridge, MA: Harvard University Press, 1993), 13.
- For ein rask introduksjon til denne tematikken, sjå Michel Callon, Pierre Lascoumes og Yannick Barthe, Acting in an Uncertain World: An Essay on Technical Democracy (Cambridge, MA: The MIT Press, 2009), 42–48. For lengre utlegningar om same tematikk, sjå til dømes Yaron Ezrahi, The Descent of Icarus: Science and the Transformation of Contemporary Democracy (Harvard, MA: Harvard University Press, 1990) og Steven Shapin og Simon Schaffer, Leviathan and the Air-Pump: Hobbes, Boyle, and the Experimental Life (Princeton, NJ: Princeton University Press, 1985).
- Kort fortalt er styringsvitskap vitskap som blir produsert for å informere styringsprosessar. Dermed har den både ein epistemisk og ein normativ dimensjon: den skal beskrive eit fenomen på ein måte som samstundes gjer fenomenet mogleg å regulere. Styringsvitskapen får dermed ein eksplisitt normativ dimensjon som skil den frå normalvitskapen. Sheila Jasanoff, The Fifth Branch: Science Advisers as Policymakers, (Cambridge, MA: Cambridge University Press, 1990).
- Dette omgrepet blir systematisk lagt fram i Sheila Jasanoff, Designs on nature: science and democracy in Europe and United States, (Princeton, NJ: Princeton University Press, 2005), men ein kan sjå eit tidleg forsøk på å formulere det same omgrepet i Sheila Jasanoff, «Product, Process, or Programme: Three Cultures and the Regulation of Biotechnology,» i Resistance to New Technology: Nuclear Power, Information Technology and Biotechnology, red. Martin Bauer (Cambridge, MA: Cambridge University Press, 1995).
- Bioteknologi har også skapt kontrovers i Noreg. Spesielt overføringa av genar frå ein art til ein anna var kontroversiell, spesielt når den eine arten var menneske. Prosessen med å regulere slik genoverføring kan beskrivast som konstitutiv samproduksjon. Finstad, Terje. «Naked Gene Salmon: Debating Fish, Genes, and the Politics of Science in the ‘Age of Publics’.» Technology and Culture 58, nr. 1 (2017): 97–120.
- Sheila Jasanoff og Sang-Hyun Kim, «Containing the Atom: Sociotechnical Imaginaries and Nuclear Power in the United States and South Korea,» Minerva 47 (2009): 119–146. Omgrepet blir vidare formalisert i Sheila Jasanoff og Sang-Hyun Kim (red.), Dreamscapes of Modernity: Sociotechnical Imaginaries and the Fabrication of Power.(Chicago, IL: University of Chicago Press, 2015). Saman med Sebastian Pfotenhauer har Jasanoff også bruka omgrepet på fruktbart vis til å studere innovasjonsmodellar. Nett som vitskap og teknologi blir desse modellane gjerne tenkt på som universelle, men ulike statar tek desse modellane i bruk på ulikt vis og av vidt forskjellige grunnar. Sebastian Pfotenhauer og Sheila Jasanoff. «Panacea or Diagnosis? Imaginaries of Innovation and the ‘MIT Model’ in Three Political Cultures,» Social Studies of Science 47, nr. 6 (2017): 783–810. Sebastian Pfotenhauer og Sheila Jasanoff. «Travelling Imaginaries: The ‘Practice Turn’ in Innovation Policy and the Global Circulation of Innovation Models,» i The Routledge Handbook of the Political Economy of Science, red. David Tyfield, Rebecca Lave, Samuel Randalls og Charles Thorpe (London: Routledge, 2017).