DEN GIFTIGE IDEOLOGIEN BAK LANGTIDSTENKING

Langtidstenking har vore i vinden i snart eit tiår. Likevel er det nokso få moralfilosofar som forsvarar retninga. Kva er det som gjer langsiktstenkinga so problematisk?

Publisert
Crarys nyaste bok, redigert saman med Carol Adams og Lori Gruen, er The Good it Promises, The Harm it Does: Critical Essays on Effective Altruism (2023).

Den intellektuelle rørsla som kallar seg sjølv ‘langtidstenking’ veks ut av Effektiv altruisme, eit filantropisk program inspirert av utilitarisme, grunnlagt for litt over eit tiår sidan av Oxford-filosofane Toby Ord og William MacAskill. Dei hevdar å promotere filantropisk mot det som er det ‘mest gode’ per nytting av tid eller pengar, og fokuserte opphavleg på å redusere konsekvensane av fattigdom i den globale sør og behandlinga av dyr i industrielt landbruk.1

Denne Oxford-baserte verksemda, som i utgangspunktet var beskjedent finansiert, fekk snart satellittar i Storbritannia, USA, og andre stader i verda. Fleire av desse blei multimillion-dollar organisasjonar, medan mengda av pengar som blei retta gjennom effektiv altruisme-tilknytte grupper auka til over fire hundre millionar dollar årleg, med løfter på titals milliardar.2

I laupet av denne perioden byrja Ord og MacAskill å nytte omgrepet ‘langtidstenking’ for å markere ein oppfatning kjempa for av medlemmar av ein iaugefallande undergruppe av effektive altruistar, mange tilknytt Oxford Universitet sitt Future of Humanity Institute.

Oppfatninga er at menneskeslekta står ved eit vegkryss der vi anten kan sjølvdestruere eller røynleggjere ei strålande framtid, og at vi bør prioritere å svare på trugsmål mot framhaldet av menneskeleg sivilisasjon. Dei ‘eksistensielle risikoane’ – for å nytte omgrepet innført av Oxford-filosofen og grunnleggaren av Future of Humanity Institute, Nick Boström – som langtidstenkarane reknar som mest sannsynlege, er KI som ikkje samsvarer med liberale verdiar og dødelege konstruerte patogen.3 Dei oppmodar oss til å kjempe mot desse risikoane for å gjere det meir sannsynleg at menneske (eller våre digitalt intelligente etterkomarar) vil leve i millionar, milliardar, eller til og med billionar av år, lenge etter at sola har fordampa jorda, ved å kolonisere eksoplanetar.

Nick Boström, Director, Future Humanity Institute, and Director, Programme on the Impacts of Future Technology, Oxford University

Ord publiserte ei monografi som forsvarte ein langtidstenkande posisjon tidleg i 2020, og MacAskill følgde etter sommaren 2022.4 Ord sin bok fekk ros i høgprofilerte medium, og MacAskill si var ein bestseljar som kom med ein flaum av for det meste positive medieoppslag.5 Blant anna ein profil i The New Yorker, ein bokmelding som blei omtalt på forsida til Time, og ei vitjing på The Daily Show samt ei tilråding frå Elon Musk.6 Dette var ‘kome ut av skapet’-festen for ein tradisjon som, til tross for sin merkbare påverknad i Silicon Valley og eliteuniversitet, tidlegare i stor grad hadde gått under radaren.

Den offentlege stemninga endra seg midt i november 2022, då ein av rørsla sine største investorar, kryptobørsen FTX, erklærte seg insolvent. Det blei då kjent at MacAskill og FTX sin CEO, Sam Bankman-Fried, hadde kjend kvarandre sidan 2012, då MacAskill rådgav Bankman-Fried, som på den tida var ein MIT-student, til å kanalisere sin altruistiske iver inn i ‘tene for å gje’.7 Det var òg kjent at MacAskill, saman med ein gruppe Oxford-tilknytte langtidstenkarar, hadde vore rådgjevande for FTX si velgjerande Future Fund. 

Future Fund hadde forplikta store summar til å bygge opp effektiv altruisme sine eigne institusjonar, inkludert fjorten millionar dollar til MacAskill sin hovudorganisasjon, Centre for Effective Altruism, femten millionar til Longview Philanthropy, som MacAskill er rådgjevar for, og om lag sju millionar til stipend, prisar og liknande hos desse og andre organisasjonar som MacAskill har tilknyting til.8 Slike institusjonelle band har vorte nemnt, saman med fakta om korleis framståande teknologiske multimillionærar og milliardærar støttar langtidstenkande prosjekt,9 i ei journalistisk forteljing som kritiserer langtidstenking i moralske termar for å tene seg rike ved å gje etter for sjølvhevdande, teknoutopiske fantasiane til donorar medan dei ignorerer spørsmål om kjeldene til deira rikdom.

Denne kritikken av langtidstenking er korrekt så langt som den rekk. Den er òg himmelropande ufullstendig. Eit aspekt den ikkje klarar å fange, er at ein ukritisk haldning til eksisterande politiske og økonomiske institusjonar er ein del av langtidstenkinga sin filosofiske DNA. Utgangspunktet for langtidstenking er effektiv altruisme, og, som andre utilitarisme-inspirerte doktrinar, går effektiv altruisme i retning former for velferdstenking som er lite trugande for status quo. 

Denne haldninga utsette effektiv altruisme i aukande grad for korrupsjon medan den vaks til å verte ein filantropisk rørsle med breitt fundament. Effektiv altruisme deler tendensen til store godgjerande fond til å udemokratisk organisere heile sfærar av offentleg engasjement, og omfordele pengar og andre ressursar frå rørsler for frigjerande sosial endring. Og den skuldar evna den har til å sikre finansieringa, naudsynt for ei slik rolle, til sitt nære tilhøve til dei same politiske og økonomiske systema som produserer lidinga som den hevder å bøte på.10

Langtidstenking sine synder er ulike og meir uroande, men det er konvergerande punkt. Langtidstenking delar ikkje effektiv altruisme sin vanlege merksemd kring noverande menneskeleg og dyreliding. Den forsvarer i staden ein bekymring for velferda til potensielt billionar av menneske som vil leve i den fjerne framtida, og, ved å ta omsyn til det enorme talet av framtidige menneske for å overdøyve noverande moralske problem, oppmodar oss til å sjå på trugsmål mot menneskeleg eksistens som ein moral prioritet, om ikkje den moralske prioriteten.11 Dette gjer langtidstenkarar sjokkerande avvisande andsynes ‘ikkje-eksistensielle’ farar som kan resultere i liding og daud av store mengder på kort sikt, dersom det, i deira auge, er rimeleg sannsyn for at ein kan balansere desse farane med moglegheita for at eit langt større tal menneske kan bløme i lang tid framover.

Då langtidstenkarar vender seg mot eksistensielle farar, diskuterer dei heilt naturlege trugsmål (som store asteroidar som styrtar mot jorda, supervulkanutbrot, og stjerneeksplosjonar); men dei fokuserer samstundes på menneskeskapte risikoar, som dei meiner er meir sannsynlege enn dei naturlege trugsmåla. Saman med verdidivergerande KI og menneskeskapte patogen, vurderer dei klimaendringar, andre former for miljømessig nedbryting, og total krig, og dei set ut for å rekne på sannsynet for at desse ulike menneskeskapte trugsmål vil utløyse eksistensielle katastrofar. Denne vektlegginga av eksistensielle farar, i staden for naturlege trugsmål, er teoretisk urettferdig og moralsk skadeleg. Men sjølv utan denne vektlegginga er langtidstenking ein dårleg rettleiar for å fremje omsorg for framtidige menneske.

Langtidstenking oppmodar oss til å verne om menneskeslekta si framtid på ei måte som både leier merksemda bort frå noverande elende og let skadelege samfunnsøkonomiske strukturer vere utanfor kritikk. Som ei rørsle har den hatt stor økonomisk suksess og påverknad. Men suksessen er ikkje grunna kvaliteten på moralske prinsipp, som byggjer på tvilsame premiss frå effektiv altruisme. I staden er det langtidstenkinga sin kompatibilitet med dei økonomiske strukturane som har ført oss til kanten av katastrofane den påstår å hindre. Det handlar ikkje berre om ei særleg farleg, framtidsretta variasjon av ideologiar, som effektiv altruisme, som motarbeider kampane for frigjerande endringar gjennom å føreslå at ein nyttar dei mirakuløse eigenskapane til økonomiske verktøy som allereie eksisterer. Det er ein variasjon som manglar plausibel fornuftsgrunn, sidan mange av desse kampane lenge har bidrege til det området langtidstenking feilaktig representerer som sin innovasjon – å kjempe for ei rettferdig og leveleg framtid.

Det langtidstenkande føretaket har blitt offentleg kritisert for sine band til FTX, men det vert verande godt finansiert og godt posisjonert for å reparere omdømmet sitt og vidare rekruttere oppriktige individ for å støtte og spreie det energisk. Det finst eit presserande behov for å kritisere dei teoretiske svakheitene og kraftfullt avdekkje deira materielle skade, og avsløre det som den giftige ideologien dei er.

Langtidstenkande moral-logikk

Den etiske kjernen i langtidtenkinga er eit sett av forpliktingar, delt med EA, frå den konsekvensetiske tradisjonen. For konsekvensalistar er kjennemerket ved ei riktig handling å produsere utfall som er best i den forstand at den inneheld den største mengda verdi. Dette let det verande ope kva som er av verdi, og, sjølv om langtidstenkarar ofte insisterer på respekt for usikkerheit kring spørsmålet om det finst éin korrekt moralteori, lener dei seg likevel mot versjonar av konsekvensalisme som identifiserer verdi med velvære og fell så inn under paraplyen ‘utilitarisme’. 

Då dei gjer slike teoretiske rørsler, gjev langtidstenkarar seg sjølv en metodologisk føresetnad som også er moralsk signifikant. Saman med effektive altruistar og mange andre som er positive til utilitaristiske haldningar, tek dei for gjeve at velvære er mogleg å avleie frå eit upartisk og abstrakt ‘universelt synspunkt’.12 Det er moralsk signifikant fordi det ser ut til å gjere det mogleg å nytte velvære som eit mål for å samanlikne utfall overalt – ikkje berre på tvers av rom, til dei globale fattige og på tvers av artar til ikkje-menneskelege dyr, men også på tvers av tid, til dei som lev i den fjerne framtida.

Langtidstenking oppstod innanfor eit sett av samtidsetiske diskusjonar, typisk skildra som å utgjere feltet ‘populasjonsetikk’, der utilitarisme-prega tankemåtar er nytta på framtidige menneske.13 Debattane blant populasjonsetikarar dreier seg om spørsmål om våre moralske vurderingar burde appellere til total oppsamla velvære, gjennomsnittleg velvære, eller velvære over eit visst kritisk nivå, i tillegg til spørsmål om moralske vurderingar reflekterer lik eller ulik fordeling av velvære. Ein signaturgest frå desse moralske teoretikarane er å insistere på at forskingsprogrammet deira er ekstremt vanskeleg, noko som presenterer deltakarar med nesten uløyseleg vanskelege problem. Men spørsmåla som plager populasjonsetikarar tek for gjeve deira metodologisk abstrakte, kalkulerande tilnærming til folk og omstende.14 Deira forvekslingar oppstår ikkje for moralske tenkarar som avviser denne metoden som upassande til emnet.

Det som kjenneteiknar langtidtenking frå andre posisjonar innanfor populasjonsetikk er eit par relaterte krav, eitt empirisk og det andre etisk. Det empiriske kravet er at vi lev ‘på eit tidspunkt som er unikt viktig for menneskeslekta si framtid’ der ‘store overgangar i menneskehistoria har auka makta vår og gjort oss i stand til å gjere ekstraordinær framgang’ samstundes som det også set oss i fare for sjølvutsletting.15 Det etiske kravet har å gjere med det populasjonsetikarar kallar ‘nøytralitetsintuisjonen’. Det vil seie inntrykket av at det som har moralsk tyding er kvaliteten på folk sine liv, ikkje kor mange folk det er. Tenkarar som lener seg mot nøytralitet held at det er moralsk nøytralt om eit større eller mindre tal folk lever på eit gjeve tidspunkt. Langtidstenkarar motseier derimot denne oppfatninga av nøytralitet, og hevder at kvar ekstra person som lev gjer verda betre, so lenge personen har tilstrekkeleg velvære.

Dette er den etiske bakgrunnen for langtidstenkarane sine empiriske påstandar om at menneskeslekta står ved ein historisk ‘klippe’, ei tid som både er løfterik og som inneber auka risiko for sjølvutsletting, ser ut til å vere avgjerande. No ser det ut til at eit omstende der menneske døyr ut i nokre tusen år er verre, i mange storleiksordenar, enn eitt scenario der billionar av menneske lev vidare for å blomstre i den fjerne framtida. 

Det ser ut til å vere ei massiv moralsk prestasjon å betre sjansen for å unngå utrydding med til og med ein brøkdel av ein prosent. Denne innsatsen ville være så viktig at det ville rettferdiggjere nesten kva som helst middel, same kor tilsynelatande kaldhjarta eller forferdeleg, inkludert skritt som resulterer i kortvarig liding og død av millionar.16 Ikkje alle langtidstenkarar uttrykkjer eksplisitt ekstreme eller valdelege handlingar for å unngå eksistensielle katastrofar.17 Men sjølv dei som aktivt motset seg slike tiltak, tilbyr skremmande få forsikringar som hindrar at deira moralske berekningar vert eit ekko av tankegangen til mordarar og skurkar ein finn i science fiction-litteratur.

Tomme etiske likningar

Langtidstenkarane sin vending mot eksistensielle risikoar markerer eit dramatisk skifte frå bekymringa om noverande og næraste liding, som er kjenneteiknet til deira forgjengar, effektiv altruisme. Ikkje overraskande er nokre tilhengjarar av effektiv altruisme sterkt kritiske til langtidstenking. Det inkluderer Peter Singer, sine bidrag til utilitaristisk etikk, som var effektiv altruisme sin opphavlege inspirasjon. Singer er skeptisk til om menneskeslekta faktisk er på eit unikt farleg tidspunkt i historia, og han undervurderer eksistensiell risiko på ein måte som tyder på lite tolmod med langtidstenkarar sin forplikting til den haldninga dei kallar ikkje-nøytralitet. Målet hans er å flytte merksemda attende til effektiv altruisme sitt fokus på liding no og innanfor ein kortsiktig horisont. ‘Om vi er på hengslene av historia’, skriv han, ‘å sette folk fri frå fattigdom og få utdanning er like sannsynleg å føre ting i riktig retning som nesten kva som helst anna vi måtte gjere; og om vi ikkje er ved det kritiske punktet, vil det i alle høve ha vore ein god ting å gjere’.18

Singer foreslår å fjerne langtidstenking frå påstandane som skil det frå effektiv altruisme, og etterlate ein framtidsretta synsvinkel som kan bli skildra som ein generisk posisjon innanfor populasjonsetikk. Slik ein framtidsretta effektiv altruisme ville, ifylgje han, vere ein autoritativ guide til å gjere godt for menneska som kjem. Men dette forslaget reflekterer ei fundamentalt avgrensa diagnose av kva som plager langtidstenkinga. Sjølv utan påstandane som fører til at tilhengarane feilaktig representerer eksistensielle risikoar som overskyggjer andre moralske bekymringar, er tradisjonen ute av stand til å gje ein forståing av våre sosiale omstende som kan informere framtidsretta handling på ei ansvarleg måte.

Grunnlaget for denne meir negative vurderinga av langtidstenking ein finne i ei av dei mest kjende kritikkane av effektiv altruisme. Sidan oppstarten av effektiv altruisme har kritikarar påpeika at fokuset so langt har vore på å vurdere enkelt type handlingar (f.eks. medisinske, folkehelsemessige, eller utdanningsintervensjonar) med omsyn til den typen velvære som kan bli forstått gjennom avrekningar frå velferdsøkonomi. Dei har observert at EA sin hang til velferdstenking samstundes er ei tendens bort frå spørsmål om rettferd. I tilknyting til effektiv altruisme har dei kome med ein revurdert klassisk skulding mot utilitarisme. Skuldinga sitt brodd er at effektiv altruisme er politisk skadeleg, fordi den overser dei strukturelle røtene til global elende og difor svekkjer politiske organ som kan utfordre desse strukturane, noko som sikrar den regelmessige reproduseringa av liding.19

Nokre effektive altruistar reagerer på denne kritikken ved å argumentere for at, sjølv om effektiv altruisme har forvandla seg mot velferdstenking i praksis, så er det prinsipielt ingenting som held den frå å vurdere sosiale rørsler sine koordinerte forsøk på å kjempe for meir rettferdige sosiale innretningar, og heller ingenting som hindrar den frå å nytte den slags kvalitetsavrekningar vi finn i sosialvitskaplege disiplinar, som sosiologi og politisk teori.20 Men dette motargumentet fell flatt. Det er undergrava av effektive altruistar sin avhenge av den moralske metoden som tek eit fugleperspektiv, som verkar gjere det mogleg for dei å kvantifisere verdiar på tvers av rom og artar og kome fram til akkumulerande dommar om kva som er ‘mest godt’.

Denne metodologiske haldninga diskvalifiserer kven som helst som adopterer den frå å avsløre dei systematiske urettferdigheiter som vert utfordra av sosiale rettferdsrørsler. Då deltakarar i antirasistiske og feministiske rørsler samt rørsler for urfolk sine rettar protesterer mot vedvarande fysisk, psykisk, og politisk vald mot spesifikke undertrykte menneskegrupper, er dei motiverte av strukturelle hindringar for bløming og fråværet av reperasjonar. Det er ikkje mogleg å forstå slike urettar sin karakter utan eit perspektiv på historia og funksjonen til dei sosiale mekanismar som reproduserer dei. 

Forsøk på å forstå desse urettane, når dei vert gripne på ein abstrakt og nøytral måte, karakteristisk for effektiv altruisme , utan relevant historisk, kulturell, og politisk vurdering, vil uunngåeleg feile. Dei risikerer også å styrke dei undertrykkande strukturane det er snakk om, fordi ein av måtane desse strukturane fungerer på er gjennom å skjule den historisk spesifikke lidinga til dei undertrykte. Det er derfor effektiv altruisme er ute av stand til å kvitte seg med påstanden om at den har ein politisk konservativ, velferdsorientert legning. Den manglar dei immanente ressursane nødvendige for å kaste ljos på systematiske urettferd og førestille seg høvelege botemiddel for desse.21

Langtidstenking er farga av den same mangelen. Populasjonsetikk, den originale heimstaden til langtidtenkinga, er basert på føresetnaden om at, soframt den er korrekt spesifisert, vil ei abstrakt omtale av ein handling si innverknad på livsvelvære til framtidige populasjonar gje oss moglegheit til å svare på spørsmål om handlinga er rettferdig. Denne føresetnaden er feil. I staden for å gjere det mogleg å avgjere kva som tel som rett handling, dekkjer ei distansert tilnærming over rette og urette relasjonane som mogleggjer slike avgjersler.

Fordi den kalkulerande verksemda som populasjonsetikarane er engasjert i baserer seg på falske føringar, er de tekniske hovudpina dei presenterer i siste instans sjølvforskyldt. Den riktige haldninga til deira faglege gåter er å løyse dei opp, ikkje å løyse dei, og dette gjeld debatten, sentral for dei som populasjonsetikarar som sjølv kallar seg langtidstenkarar, om ein ‘nøytralitetsintuisjon’ skal verte oppretthalde. Debatten tek for gjeve at det finst eit koherent abstrakt spørsmål om det å skape fleire lykkelege menneske er eit moralsk tap. Men langtidstenkarane sin påstand om ikkje-nøytralitet er ingenting meir enn ein tom gest. Tomheita utvidar seg til dei ikkje-nøytralitetsbaserte avrekningane som ser ut til å støtte korleis langtidstenkinga ser på eksistensielle risikoar som ein stor eller til og med overveldande moralsk prioritet. Langtidstenkarane sin distinkte moralske matematikk fell enkelt frå kvarandre.22

Utnytting av eksistensiell angst

Men dette er enno ikkje eit tilstrekkeleg oppsummering av langtidstenkinga sine store svakheiter. Då vi ser bort frå dei moralsk frie kalkulasjonane som langtidstenkarar bygger si sak for ein ekstrem prioritering av eksistensielle risikoar på, kan det verke som om vi har dei naudsynte ingrediensane for eit nyttig framtidsretta praktisk program. Det er essensen av Singer sitt forslag om å bytte ut langtidstenking si fiksering på historiske klipper med eit framoverskodande, utilitaristisk prosjekt som refunderer langtidstenkinga sitt opphav i effektiv altruisme. Men dette er ikkje starten på noko. Det overser at effektiv altruisme sjølv er ute av stand til å kaste ljos over urettferdige og skadelege sosiale strukturer eller vurdere forsøk på å motstå dei. Sjølv utan si feilaktige vektlegging av eksistensielle farar, er langtidstenking ein farleg rettleiar for å handle ansvarleg i høve til dei som vil kome etter oss.

Dette kjem konkret fram i MacAskill og Ord si behandling av klimaendringar og andre former for menneskeskapte miljøskadar i bøkene sine. Begge diskusjonane er forvanska av ein forstyrrande interesse for eksistensielle risikoar som gjer det tilsynelatande relevant å undersøke om global oppvarming vil leie til menneskeleg utrydding eller om det ‘berre’ vil drepe milliardar av menneske og milliardar av dyr og øydelegge økosystem, samstundes som det likevel tillèt overlevinga og den endelege blomstringa av små menneskegrupper.23 

Dette misforståtte fokuset til eksistensielle farar er nært knytt til andre ugjerningar, som MacAskill sin selektive og høgt omstridde appell til klimaforsking til støtte for hans kaldblodige ‘beste gjetting’ om at nokre menneske vil overleve ‘femten grader oppvarming’.24 Men, sjølv uavhengig av deira moralsk katastrofale fiksering på menneskeleg utrydding, er MacAskill og Ord sine refleksjonar kring miljøkrisa destruktivt feilaktige. Når dei vurderer strategiar for å redusere klimagassutslepp for å motstå øydelegginga av klimaendringar, avgrensar dei seg til strategiar som kan ein kan forfølge innanfor eksisterande samfunnsøkonomiske ordningane. 

Dette inkluderer teknologisk innovasjon som ‘rein’ eller låg-karbon-energikjelder og ulike former for geoingeniørarbeid.25 Det inkluderer òg politikk som internasjonalt koordinerte utslepp-reduksjonsprogram.26 På eit tidspunkt nemner MacAskill ungdomsaktivisme med beundring, men poenget hans er berre at det kan auke offentleg støtte for klimaforpliktingar.27 Ikkje nokon stad i Ord eller MacAskill sine utsegn er det noko røynleg anerkjenning av fakta, som er avskyeleg for medlemane av milliardærklassen som dei iherdig dyrkar fram, at monaleg miljømessig handling må involvere nye verdiar og substansielle samfunnsendringar.28

Enno meir slåande er kanskje det at MacAskill og Ord prøver å dempe vår kjensle av tidsnaud kring miljøspørsmål, og argumenterer for at vi bør sjå på avvikande KI og menneskeutvikla patogen som meir kritisk fordi dei er meir sannsynlege til å utløyse menneskeleg utrydding. Denne argumentasjonsrekkja, som er vanleg blant langtidstenkarar, er ei vidare uttrykk for dei forvrengande moralske effektane av ei fascinasjon med risikoen for utrydding, som ser ut til å tale for å nedvurdere naudsynet av ting som ikkje utryddar menneskedomen fullstendig, og som støtter det å behandle den forferdelege fakta at enorme mengder menneske allereie døyr, vert fordrivne frå sine samfunn og lid andre store vanskar på grunn av klimaendringar som noko relativt moralsk uviktig.

Men sjølv innanfor konteksten av MacAskill sin og Ord sitt fokus på utrydding, er det ikkje klart kvifor miljøet minskar i tyding.29 Ord argumenterer for at miljømessig nedbryting er relativt usannsynleg til å direkte produsere ei utrydding og med meir sannsyn kjem til å skape former for politisk ustabilitet som indirekte fører til ei utrydding, og skapar tilhøva for andre menneskeskapte faresituasjonar.30 Det er ikkje klart kvifor det skulle gjere det mindre hastande å ta hand om miljømessige faktor, eller kvifor ein robotovertaking skulle vere ein større prioritet, med mindre det berre er at, vurdert i isolasjon, avvikande KI ser ut til å vere ein risiko som kan takast med dei typane verktøy som Ord og andre langtidstenkarar har for handa. Her overgår vilja til å tone ned miljøkrisa sitt alvor klart årsakene til å ta dei på alvorl.

Langtidstenking er derfor ikkje berre prega av ei fallert posisjonering i populasjonsetikk som tek den mot eksistensielle risikoar, men også av metodologiske føresetnad som hindrar den frå å erkjenne at rørsler for sosial endring, som miljørørsla i sitt samspel med anti-rasistiske og andre sosiale rettferdsrørsler, lenge har vore engasjert i den typen framtidsretta sosialt prosjekt som ein på latterleg vis framstil som si eiga nyvinning.31

Desse motargumenta handlar i grunn ikkje om det urovekkande faktum at tradisjonen er påtenkt av ei gruppe kvite menn ved ei eliteuniversitet, der nokon av dei har kome med rasistiske utsegn.32 Meir lagnadssvangert er ei annan dimensjon av langtidtenking sine signaturteoriar om eksistensiell risiko. Desse teoriane ser på dei menneskeskapte farane som ikkje vil drepe menneskeslekta heilt som mindre presserande, og tilhengarane av teoriane plasserer den no intensiverte menneskeskapte klimakrisa i denne kategorien, og oppfordrar oss til å sjå på lidinga og død den medfører som moralsk mindre viktig.

Skadane det er snakk om fell på dramatisk skeiv måte på raseinndelte grupper og urfolk over heile verda, grupper som er spesielt utsett for skadeverknadane på grunn av ei lang historie av urettferd. Slik teoriskapt mangel på kjensler andsynes tap og skader som råkar rasialiserte folk på urettferdig vis, gjev løyve til å snakke om ein rasistisk skamplett på langtidtenkande tenking, og individuelle langtidstenkarar utdjupar denne skampletten på spesifikke måtar. Ein godt plassert ung langtidstenkar argumenterte ein gong for at innbyggjarar i rike land generelt er meir ‘innovative’ og ‘økonomisk produktive’ og at det difor er vesentleg viktigare for menneskedomen si framtid å redde livet deira enn å redde liv i fattige land.33 I dag fremjar nokon av tradisjonen sine mest framståande forkjemparar prosjekt for bio-forbetring, som minner om 1900-talet sin eugenikk, som har som mål å utvikle ein transhuman art som er betre tilpassa for overleving på lang sikt.34 Denne typen framhevingar av langtidtenkinga sitt rasistiske preg vert ytterlegare styrka av tradisjonen sin manglande evne til å forstå, og difor tendens til å usynleggjere, bidrag til den revolusjonære antirasistiske kampen.[35]

Mega-filantropiske illusjonar

Historia til langtidtenking er ikkje berre ei historie om ein vanskeleg, veldig dårleg moralteori. Etter kvart som kassa til langtidtenkande institutt og relaterte godgjerande organisasjonar har vorte større, har den byrja å gjennomføre prioriteringane sine, finansiering av forsking på avvikande KI og menneskeskapte patogen, og støtte institusjonsbygging, med forskingsstipend så vel som stipend til EA sine og langtidtenkande institutt.36 

Langtidstenkinga sin innkomst som filantropisk aktør gjer at den vert utsett for bekymringar knytt til om den har ufortent påverknad på samfunnsspørsmål. Som andre rike private stiftingar kan langtidstenkande organisasjonar spesifisere kva som tel som godt og forme samfunnet utan røynleg offentleg ansvar. I USA og andre stader tek skattefritaka til godt finansierte private godgjerande organisasjonar store summar som veljarar elles kunne ha bestemt korleis ein skal nytte direkte, og i tillegg til relativt avgrensa skattar og rapporteringsplikter finst det lite ansvar. Dette er ei penge-driven ordning som involverer ‘utøving av rikdoms-avleia makt i den offentlege sfære med minimalt av demokratisk kontroll og sivile plikter’.37 Med veksten til ei rørsle har langtidtenkinga vorte med på denne udemokratiske beslaglegginga av den offentlege sfæren, og nytta den økonomiske styrken sin til å fremje sitt farlege oppheng i eksistensielle risikoar.

Langtidtenking sin moralske sak for å framheve slike risikoar er avleia frå noverande liding på ein måte som samstundes frikjenner skadelege samfunnsøkonomiske mekanismar frå kritikk og framskyndar den typen farar den skal hindre. Likevel har den vært eintydig suksessfull i å tiltrekke seg rike støttespelarar til sitt prosjekt. Gjennom å behandle den økonomiske arenaen som desse individa skulder si rikdom til som heva over einkvan kritikk, plasserer dei seg slik at dei kan sjå på seg sjølv, ikkje som medansvarlege i arenaen sine urett, men som særskilt utvalde, på grunn av suksessen deira, til å vere verda sine frelsarar.38 Ein bedragersk forteljing om sjølvoppofrande heltar som kjem til menneskedomen si redning har synt seg å vere ideologisk effektivt, og det ser ut til at mange langtidstenkarar – studentar, forskarar og medlemmar av ålmenta, so vel som donorar – er oppriktig forplikta til det dei ser på som eit unikt viktig moralsk føretak. Men deira oppriktige engasjement er ikkje noko argument mot korrupsjonen av ei rørsle som nyttar ein utsliten moralteori for å rettferdiggjere det å profittere frå systema som er mest trugande for den framtida som den hevder å sikre.

Det faktum at nokre store støttespelarar av langtidtenking, som Bankman-Fried, har vorte mistenkt for økonomisk svindel er ein sideshow til hovudarrangementet. Langtidtenking sin korrupsjon er uløyseleg bunde til måta den set sine kjerneidear i verk, og det uetiske er framleis til stades når programmet dei fyl skjer gjennom lovlege kanalar. Ei kritikk av langtidtenking som gjorde det mogleg for tilhengarane å sjå rørsla i dette særs avdekkande lyset ville vere eit velkome steg mot å førestille seg og gjennomføre ein rettferdig og leveleg framtid.39

 ---

Alice Crary er filosof og forfattar basert ved The New School, som deler tida si mellom New York, Oxford og Berlin. Hennes nyaste bok, redigert saman med Carol Adams og Lori Gruen, er The Good it Promises, The Harm it Does: Critical Essays on Effective Altruism (2023).

Teksten er omsett av Rasmus S. Haukedal.

Lenkje til originaltekst: 

https://www.radicalphilosophy.com/commentary/the-toxic-ideology-of-longtermism

Notar:

  1. I ein tidlegare artikkel for dette tidsskriftet kritiserte eg EA med særleg referanse til tendensen deira til å arbeide mot sitt eige engasjement for saka til ikkje-menneskelege dyr. Sjå ‘Against ‘Effective Altruism’, Radical Philosophy 2.10 (Sumar 2021), 33–43.
  2. Benjamin Todd, medgründer av EA-deltakaren 80,000 timar, anslo sommaren 2021 at totale lovnader til EA hadde nådd førti-seks milliardar dollar. Sjå ‘Is effective altruism growing? An update on the stock of funding versus people’, July 21, 2021, at https://80000hours.org/2021/07/effective-altruism-growing/. I eit innlegg på EA-forumet den 9. mai 2022 gav MacAskill eit meir konservativt anslag på tretti milliardar. Sjå https://forum.effectivealtruism.org/posts/cfdnJ3sDbCSkShiSZ/ea-and-the-current-funding-situation#fnaavi420x9rk.
  3. Sjå Nick Boström, ‘Existential Risks: Analyzing Human Extinction Scenarios and Related Hazards’, Journal of Evolution and Technology 9:1 (2002).
  4. Toby Ord, The Precipice: Existential Risk and the Future of Humanity (New York: Hachette Books, 2020); og William MacAskill, What We Owe the Future (New York: Basic Books 2022).
  5. Sjå for eksempel Jim Holt, 'The Power of Catastrophic Thinking', The New York Review (25. februar 2021); og også nemninga av Ords bok i ‘Briefly Noted’-seksjonen av The New Yorker (5. april 2020).
  6. Sjå Gideo Lewis-Kraus, 'The Reluctant Prophet of Effective Altruism', The New Yorker (8. august 2022), https://www.newyorker.com/magazine/2022/08/15/the-reluctant-prophet-of-effective-altruism; og Naina Bajekal, ‘Want to do More Good? This Movement Might Have the Answer’, Time Magazine (10. august 2022). MacAskill var med på The Daily Show med Trevor Noah den 27. september 2022, https://www.cc.com/video/8fl6g9/the-daily-show-with-trevor-noah-william-macaskill-what-we-owe-the-future; og den 2. august 2022 re-tvitra Musk MacAskill si bokmelding til sine over 120 millionar følgjarar, og kommenterte: 'Verdt å lese. Dette er ein nær match til min filosofi', https://twitter.com/elonmusk/status/1554335028313718784.
  7. For ein av dei mest detaljerte skildringane av MacAskill sitt kjennskap til Bankman-Fried, sjå Adam Fisher, 'Sam Bankman-Fried har eit frelsar-kompleks – og kanskje bør du også ha det', Sequoia (22. september 2022), https://web.archive.org/web/20221027180943/https://www.sequoiacap.com/article/sam-bankman-fried-spotlight/.
  8. For desse tala, sjå John Hyatt, ‘Sam Bankman-Fried’s Donations to Effective Altruism Nonprofits Tied to an Oxford Professor are at Risk of Being Clawed Back’, Forbes (17. november 2022), https://www.forbes.com/sites/johnhyatt/2022/11/17/disgraced-crypto-trader-sam-bankman-fried-was-a-big-backer-of-effective-altruism-now-that-movement-has-a-big-black-eye/?sh=6c346564ce78. Skjønt MacAskill, saman med fire andre EA-tilknytte rådgjevarar til FTX sitt Future Fund, trekte seg frå si rolle dagen før FTX so konkursmelding (sjå https://forum.effectivealtruism.org/posts/xafpj3on76uRDoBja/the-ftx-future-fund-team-has-resigned-1), verkar det klart at alarmar om Bankman-Fried si åtferd blei heva av effektive altruistar ikkje dagar, men år før FTX-kollapsen. Sjå Reed Albergotti og Louise Matsakis, 'Effective Altruism Group Debated Sam Bankman-Fried’s Ethics in 2018', Semafor (18. november 2022), https://www.semafor.com/article/11/18/2022/effective-altruism-group-debated-sam-bankman-frieds-ethics-in-2018.
  9. Dette inkluderer til dømes både Facebook-medgrunnleggar Dustin Moskovitz, som var med-grunnleggjar av den filantropiske stiftinga Open Philanthropy som tek langsiktig tenking som eitt av sine hovudsaklege samfunnsområde, og Skype-gründer Jaan Tallinn, som var med-grunnleggar av universitetet i Cambridge sitt Centre for the Study of Existential Risk.
  10. For utviklinga av desse skuldingane mot EA, sjå Carol Adams, Alice Crary og Lori Gruen, red., The Good It Promises, The Harm It Does: Critical Essays on Effective Altruism (Oxford: Oxford University Press, 2023).
  11. Foreiningar for langtidstenkings skil mellom svake versjonar av sin tru, som behandlar eksistensiell risiko som ein moralsk prioritet, og sterke versjonar, som behandlar det som den moralske prioriteten. Nokre, som MacAskill, forsvarar den svakare doktrinen i verk retta mot offentlegheita (t.d. What We Owe the Future) samstundes som dei heiar på den sterkare i akademisk skriving (f.eks., 'The Case for Strong Longtermism', saman med Hilary Greaves, https://globalprioritiesinstitute.org/wp-content/uploads/The-Case-for-Strong-Longtermism-GPI-Working-Paper-June-2021-2-2.pdf). Argumentet i denne artikkelen skil ikkje mellom svak og sterk langtidstenking og gjeld begge.
  12. Dette uttrykket blei innført av den nittande århundre nyttefilosofen Henry Sidgwick og teke opp av samtidsnyttefilosofen Peter Singer sitt arbeid, som er omtala nedanfor, er grunnleggjande for EA. Sjå Singer og Katarzyna de Lazari-Radek, The Point of View of the Universe: Sidgwick and Contemporary Ethics (Oxford, Oxford University Press, 2014). Ikkje alle effektive altruistar og langsiktistar brukar denne terminologien, men alle gjer grep i verditeori som behandlar moral tenking som kjem frå eit arkimedisk punkt.
  13. Ideen om befolkningsetikk (skjønt ikkje termen) kjem frå Derek Parfit sin Reasons and Persons (Oxford, Oxford University Press, 1984).
  14. For MacAskill sin versjon av denne gesten, sjå What We Owe the Future, 169–170.
  15. Det innsette sitatet er frå Ord, The Precipice, 11.
  16. Ein av dei mest frittalande kritikarane av langtidstenking, Émile Torres, har hjelpsamt understreka dette aspektet av tradisjonen sin moralske logikk. Sjå 'Against Longtermism', Aeon (19. oktober 2021), https://aeon.co/essays/why-longtermism-is-the-worlds-most-dangerous-secular-credo.
  17. Men sjå Nick Boström, 'The Vulnerable World Hypothesis', Global Policy 10:4 (2019), 455–476.
  18. Singer, 'The Hinge of History', Project Syndicate (8. oktober 2021), https://www.project-syndicate.org/commentary/ethical-implications-of-focusing-on-extinction-risk-by-peter-singer-2021-10?barrier=accesspaylog.
  19. Nokre av dei tidlegaste versjonane av denne kritikken mot EA, som seinare blei kalla 'den institusjonelle kritikken' av EA, blei presentert som svar på eit forum i Boston Review om Peter Singer sin 'The Logic of Effective Altruism', https://www.bostonreview.net/forum/peter-singer-logic-effective-altruism/. Sjå spesielt svara frå Angus Deaton (https://www.bostonreview. net/forum_response/response-angus-deaton/) og Iason Gabriel (https://www.bostonreview.net/forum_ response/response\-iason-gabriel/).
  20. For eit klart forsvar av EA langs desse linjene, sjå Jeff Sebo og Peter Singer, 'Activism', i Lori Gruen, red., Critical Terms in Animal Studies (Chicago: University of Chicago Press, 2018), 33–46.
  21. Dette avsnittet repeterer kort hovudtrekk i den samansette kritikken av EA som eg utviklar i 'Against “Effective Altruism'.
  22. Eg skuldar tanken om ein 'langsiktig moralsk matematikk' til Kieran Setiya sin kritikk av MacAskill i 'The New Moral Mathematics', The Boston Review (15. august 2022), http://www.bostonreview.net/articles/the-new-moral-mathemathics/. Setiya si kritikk, ein av dei beste til no, er innsiktsfull, men ikkje kritisk nok. Den behandlar MacAskill sin langsiktige teori berre som eit sett med idear i staden for ein materielt tydingsfull ideologi.
  23. Sjå Ord, The Precipice, kapittel 4, og MacAskill, What We Owe the Future, kapittel 6.
  24. MacAskill, ibid., 137. Sjå også Ord sin påstand, i The Precipice, 110, om at tretten grader oppvarming ville vere 'ei global katastrofe av eit uvanleg stort omfang', men ikkje ein eksistensiell katastrofe.
  25. Sjå Ord, The Precipice, 112–113, og MacAskill, What We Owe the Future, 135.
  26. MacAskill, 135.
  27. Ibid.
  28. Seint i boka si overraskar MacAskill ved å seie at han forsvarar 'systemisk endring'. 'For å løyse klimaendring', skriv han, 'det vi faktisk treng' er ikkje 'personlege forbruksavgjersle' men at 'selskap som Shell går konkurs' (ibid., 232). For dette tilrår han donasjonar til 'effektive' ikkje-profitt organisasjonar, og presenterer si 2016-bok Doing Good Better (London: Penguin, 2016) som ein guide. Denne tilrådinga undergrev hans utpeikte systemforandrande mål, sidan Doing Good Better er eit velferdsretta EA-manifest med ein konservativ vri som manglar seriøs kritisk engasjement med menneskeskapte global oppvarming. (Sjå Rupert Read, 'Must Do Better', Radical Philosophy 2.01 (februar 2018).) MacAskill sin tale om systemforandring i What We Owe the Future er tom retorikk, frikopla frå hans praktiske forslag og forpliktingar. Det har ikkje stoppa det frå å forvirre enkelte kommentarar. I ‘An Effective Altruist? A philosopher’s guide to the longterm threats to humanity’, Times Literary Supplement (9. september 2022), 9–11, siterer Regina Rini, på lettvindt og feilaktig vis, dette avsnittet som prov på at MacAskill ikkje er 'ein korporasjonslykkestjerne' (9).
  29. Det er nesten ingen anerkjenning av desse skadane i MacAskill og Ord sine nyare bøker. På side 136 av What We Owe the Future vurderer MacAskill faktisk utsiktene for global oppvarming som gjer stor skade på fattigare, agrariske land i tropane 'som har bidrege minst til klimaendring'. Men han representerer denne 'kolossale uretten' som noko som kan skje i framtida og set ganske enkelt til side spørsmålet om korleis ein skal svare på det.
  30. Ord summerer si rangering av eksistensielle risikoar i tabell 6.1 av The Precipice. MacAskill sin liknande rangering blir reflektert i rekkefølga i behandling av risikoar i What We Owe the Future.
  31. For MacAskill sitt komiske forslag om at langtidstenking innfører ei lenge forbigått framtidsorientering til sosial tenking, sjå What We Owe the Future, 9, der han skildrar 'tidlegare rørsler for sosial rettferd, som for borgarrettar og kvinnerettar', som har 'søkt å gi større anerkjenning og påverknad til makteslause medlemmar av samfunnet', og legg til at han ser langtidstenking, med sin omtanke for framtidige menneske, 'som ei forlenging av desse ideala'.
  32. Den 9. januar 2023 la grunnleggar av Future of Humanity Institute og langsiktstenkar Nick Boström ut eit innlegg på nett om ein eksplisitt anti-svart e-post han skreiv på midten av 1990-talet, og beklaga e-posten men gjorde det på ein måte som er rasistisk i seg sjølv. (Hans innlegg, som ein enkelt kan finne, er med vilje ikkje inkludert her.)
  33. Nick Beckstead, for tida forskingsstipendiat ved Future of Humanity Institute, forsvarar denne oppfatninga i sin doktorgradsavhandling, 'On the Overwhelming Importance of Shaping the Far Future'. Beckstead har lagt ved ei merknad til det relevante avsnittet av si avhandling (sjå side 11 av https://drive.google.com/file/d/0B8P94pg6WYCIc0lXSUVYS1BnMkE/view?resourcekey=0-nk6wM1QIPl0qWVh2z9FG4Q), der han nektar for at han tenker 'liv i rike land ibuande er meir verdifulle' og insisterer på at 'det er generelt best for folkehelsa å prioritere fattige land'. Men han har ikkje avvist den langsiktige tenkjemåten som førte han til hans overraskande tidlegare syn.
  34. Boström er ein av dei høgt profilerte langtidstenkarane som held at ein 'transformativ endring av menneskeleg biologisk natur' kan vere nøkkelen til å unngå eksistensiell katastrofe (‘Existential Risk as a Global Priority’, Global Policy 4:1 (2013), 15–31). Ord sympatiserer med denne oppfatninga. Sjå til dømes hans påstand om at 'å bevare menneskeslekta slik den er no for alltid kan… kaste bort vår arv' (The Precipice, 239).
  35. Langtidstenking lid av alvorlege feil utover dei som er diskuterer i denne artikkelen. Den si framstilling av korleis ikkje-menneskelege dyr spelar ei rolle i framtidsretta moralsk tenking er særleg uakseptabel. For ei kort behandling av dette emnet, sjå Carol Adams, Alice Crary og Lori Gruen, ‘Coda – Effective Altruism and Future Humans’ i Adams, Crary og Gruen, red., The Good It Promises, The Harm It Does.
  36. Nettbaserte rapportar om 2022-tilskota frå til dømes Longview Philanthropy, FTX Future Fund (før kollapsen), og langtidstenkings-avdelinga av Open Philanthropy avdekkjer generelt samsvar med langsiktige agendaer som er omtala i MacAskill og Ord sine bøker, slik det er skildra i denne artikkelen.
  37. Joanne Barkan, 'Plutocrats at Work: How Big Philanthropy Undermines Democracy', Dissent (Haust 2013), https://www.dissentmagazine.org/article/plutocrats-at-work-how-big-philanthropy-undermines-democracy. Barkan si kritikk av megafilantropi høyrer til ei liten og verdifull samling som tek opp, med referanse til Gates Foundation og dagens største godgjerande organisasjonar, tema frå ein tidlegare diskusjon om skadelege politiske effektar av Ford-, Rockefeller- og Carnegie-stiftelsane.
  38. For ein virtuos filmatisk uttrykk for denne falske, men tiltrekkande tropen om den mega-velståande individet som vernar om menneskeslekta, sjå milliardæren og oppfinnaren Peter Isherwell i Adam McKay sin 2021-film Don't Look Up.
  39. Medan eg skreiv denne artikkelen, fekk eg hjelp frå nyttig korrespondanse med Carol Adams, Jay Bernstein, Victoria Browne, David Cunningham, Lori Gruen, Émile P. Torres og Nathaniel Hupert.
Powered by Labrador CMS