Hegel er ein tenkar ein ikkje kjem seg unna, noko dei fleste moderne filosofar har fått erfare.

UOMGJENGELEGE HEGEL

Sigurd Hverven har skrive det han kallar ein enkel bok om en vanskeleg tenker, nemleg den tyske filosofen G. W. F. Hegel. Ei lengre bok om ein kompleks tenkar på norsk, som attpåtil maktar å leggje tenkinga hans fram på ein måte som gjer han dagsaktuell – og bryt ned gjengse fordommar. Kva meir kan ein ynskje seg?

Publisert Sist oppdatert

Hverven meiner at Hegel kan bidra med nye perspektiv og innfallsvinklar for å forstå vår eiga samtid. Han skriv: «Ved å undersøke hvordan noen har tenkt før, kan vi bli oppmerksomme på at ting kan forstås annerledes enn vi forstår dem i dag», og at Hegel har en «uhyre rik forståelse av alle mulighetene som inngår i menneskelivets repertoar, fra de mest destruktive, sadomasochistiske forhold til store visjoner om gjensidig anerkjennelse mellom borgere og stat» (s. 11).

Med dette som utgangspunkt nyttar Hverven seg av Hegel til å dykke ned i samtidsutfordringer og tema som spenner fra krig og galskap til fridom og feminisme. Over 18 kapittel har Hverven valt seg ut tema for kapitla anten basert på om dei er sentrale delar av Hegel sin tenking eller om dei gjeld dagsrelevante tema som han meiner Hegel kan kaste ljos over. Det er hovudsakleg Åndens Fenomenologi og Rettsfilosofien som utgjer bakteppet, men han nyttar seg ogso av innsikter frå Logikken og Naturfilosofien. Soleis indikerer Hverven korleis Hegel si tenking utgjer ein organisk heilskap.1

Mytar om Hegel

Noko av det viktigaste boka oppnår, er å ta eit oppgjer med utbreidde oppfatningar om Hegel sin filosofi. For det kan nemleg verke som om fagfilosofar, då dei ikkje kan seie noko direkte mot Hegel eller kanskje ikkje forstår han, har byrja dikte opp mytar om Hegel. Desse tungrodde mytane er lite tenlege i ei tid der dialektisk tenking er avgjerande for å forstå vår samtid.2

Hegel er ein tenkar ein ikkje kjem seg unna, noko dei fleste moderne filosofar har fått erfare; det er ogso ein tenkar som gjerne vert forenkla i so stor grad at ein hevdar han seier det motsette av det han faktisk gjer, truleg for å gjere jobben enklare for ein sjølv. Hverven, på si side, maktar å forenkle utan å forvrenge. Samstundes får han fram sider av Hegel si tenking som ofte er fråverande i litteraturen ein t.d. finn på universitetspensum.

At myter om Hegel sin tenking har fått spreie seg nærast utan motstand indikerer kanskje filosofifaget si spesialisering. Men det kan ogso vitne om intellektuell latskap, då det jo krev sitt å forstå Hegel.

Ein av mytane er at Hegel trur historia har ein tendens mot lineær forbetring – at framsteg liksom er noko naudsynt, og at historia har eit ibuande formål (telos). Mot dette syner Hverven at Hegel tenkjer meir som Friedrick Engels, som snakka om at historia går i sikk og sakk. Sjølv om det kan vere periodar med framsteg, kan desse verte følgde av periodar med attendegang. Det finst ingen endegyldig måte å definere dette på, ei heller ein ahistorisk målestokk for kva framsteg måtte tyde. Minerva si ugle flyr fyrst ved morgongry, då støvet har lagt seg.3

Ein annan myte – som eg blei møtt med nyleg – er dette med tese-antitese-syntese, altso ideen om at alt liksom ‘går opp’ som eit reknestykkje i Hegel si tenking.4 Denne heng saman med den fyrste, og ideen om at ein liksom kan nå historia sitt endepunkt, ein tilstand der alle motsetnader vert oppløyste. Dette er faktisk ganske snodig, ettersom Hegel eksplisitt talar mot dette synet, der ein liksom vert kvitt kontradiksjon ein gong for alle, noko vi skal sjå nedanfor. Ein må lese Hegel på ein vrang eller selektiv måte for å hevde noko anna. Likevel er dette næraste teke som ein vedteken sanning. I den grad slike termar vert nytta av Hegel, er det då han diskuterer Fichte sin filosofi. Men det er ikkje termar han nyttar særleg elles, då poenget nyss er at det ikkje finst nokon stabil syntese som opphevar all rest av negativitet.

Då det gjeld spørsmålet om korleis ein skal definere dialektikk, ville eg nok lagt meir vekt på at dialektikk er ein open metode som tek til seg innsikter frå vitskapen. Soleis er dialektikk alltid noko uferdig – ein prosess. Eg ville nok trekt meir på Hegel sitt omgrep om gjensidigheit, og kanskje ogso knytt det an til meir moderne termar som emergente eigenskapar eller organisatoriske nivå, då det jo er dette Hegel verkar tale om som oppheving.5 Ein slik forklaring ville truleg gjort at Hegel sin relevans for moderne vitskap kom betre fram. Meir om dette avslutningsvis.

Det bør nemnast at det er noko forfriskande ved at Hverven ikkje bryr seg særleg om tekniske filosofiske debattar. Målet med å drive med teori er alltid praksis; på den andre sida må teori aldri gløyme sin praktiske basis. Ingenting er so praktisk som ein god teori, men det tyder ikkje at ein bør dyrke teori på ein einsidig måte. Dette er noko Hegel legg vekt på – korleis teoretisk fornuft er fundert i praktisk fornuft, som er forankra i kroppsleg interaksjon med naturlege og sosiale omgjevnader. Men det tyder ikkje at ein kan redusere det eine til det andre. Dette formidlar Hverven på ypparleg vis.

Begjæret og drift

Eg er i stor grad samd i Hverven sin forklaring av begjær, som eit ‘driv mot å bruke en gjenstand til å oppnå tilfredsstillelse’ (s. 51). Han får ogso fram korleis Hegel sin vektlegging av begjær vitnar om at tenkinga hans er situert og kroppsleg fundert. Begjær er kort sagt ein higen der ein nyttar noko anna som eit middel for å oppnå det ein sjølv ynskjer. Hverven peiker på ulike dømer, som folk som shoppar og trur at dersom ein berre kjøper éin gjenstand til, so vil begjæret vere tilfredsstilt.

Men eg trur Hverven snur opp ned på korleis dette tilhøvet fungerer i Hegel sin tenking. Han uttrykkjer seg i alle høve tvitydig då han hevdar at dei som har begjær for eit særskild objekt trur at slike objekt er ‘uvesentlige midler og jakten på tilfredsstillelse er det eneste av betydning’ (s. 53). Vel, i so fall: dersom ein veit at jakta er det einaste av tyding, har ein ikkje allereie innsett av det er noko fånyttes ved å halde fram? Kva er i so fall motivasjonen?

Eg vil meine at det stil seg annleis, og at det er det som er årsaka til at ein stadig søkjer etter nye objekt. Dette er det Jacques Lacan (og Slavoj Žižek etter han) – som Hverven kjem ganske nære på side 52, men dinest snur på hovudet – meiner med det vesle objektet a (objet petit a). For å halde det kort: Alle konkrete gjenstandar som ein kjenner begjær for, er stadfortredarar for dette objektet.6 Men ein trur likevel at ein faktisk kan oppnå fullstendig tilfredsstilling gjennom å nå dette objektet, som alltid er inkarnert i ulike produkt. ‘Problemet’ er berre at kvar gong ein t.d. kjøper noko nytt for å fylle tomrommet som er objet petit a, opplever ein at det aldri er dét ein søkte. Det er difor alltid ei kjensle av vonbrot involvert i det ein røynleggjer målet ein streva etter.

Den dialektiske kontradiksjonen her er at dersom ein faktisk fann dét ein søkte, ville ein oppheve begjæret og drifta. Målet er difor snarare å halde rørsla ved like – noko ein berre kan dersom ein stadig bommar på målet. Det som verkar vere eit problem er difor eit mogleggjerande hinder som held rørsla ved like. (Soleis ser ein korleis begjær og drift er dialektisk samanbunde.)7

Altso: For å halde rørsla gåande, må ein tru at det faktisk er mogleg – i motsetnad til det Hverven hevdar – å finne objektet ein søkjer, objektet som står inn for objet petit a. Men dette objektet er altso berre eit virtuelt orienteringspunkt som held begjæret ved like.8 Omslaget frå begjær til drift er punktet då ein innser at objektet sitt mål, altso særskilde produkt, i sanning berre var der for å halde ved like drifta sitt formål, nemleg sjølve rørsla mot objektet. Hverven skildrar altso drift i større grad enn begjær då han seier at individa liksom veit at dei konkrete produkta er uvesentlege.9

Det er ein tydeleg parallell til Hegel her, som eg trur ligg tettare på Lacan enn Hverven sin forståing maktar syne. Ein finn denne blant anna i Hegel sin Naturfilosofi, der Hegel talar om sjølvkjensle som noko som oppstår frå kjensla av mangel, nemleg svolt. Denne kjensla leier til aktivitet utover, nemleg assimilasjon, noko Hegel kallar ein mangelaktivitet. På same vis – og her ser ein korleis dei ulike delane av Hegel sin tenking heng saman – er begjæret ein slik mangelaktivitet. Utan mangel oppstår ikkje denne aktiviteten.10

Hverven gjev ogso eit inntrykk av at då ein i staden for å rette merksemda mot ting, men heller mot personar eller organismar, liksom kjem seg over begjæret. Men poenget for Hegel er at ein aldri kjem seg fullstendig over noko stadium. Altso vil ein kunne kjenne begjær for andre menneskje på same måte som ein hadde begjær for ting.

Hverven er merksam dette, men lét likevel å meine at det sosiale begjæret fungerer annleis. Her kan kanskje drifts-omgrepet kaste ljos over problemet: Ein kan nemleg plassere andre menneskje i rolla som objet petit a, som det som kan gje dei den endeleg tilfredsstillinga. Men dette er altso umogleg.

Dette tyder likevel ikkje at ein ikkje kan elske ein annan utan å ville eige denne – berre at ein må vere merksam at den andre aldri kan gje fullstendig tilfredsstilling, då mangel er ein ibuande del av å vere eit levande vesen.

Kanskje er det ‘dypere og sannere begjæret’ som Hverven talar om berre eit begjær som er medvite at det aldri kan oppnå fullstendig tilfredsstilling, og at dette ogso gjeld den andre? Hverven er inne på dette på side 65, ein av dei mest rørande sidene i boka, der han skildrar korleis ein må miste seg sjølv i den andre, å late denne vere, overgje seg for å oppnå gjensidig anerkjenning. Hans omtale av kjærleik, som ogso er sterk, byggjer på dette. Her syner Hverven på meisterleg vis korleis Hegel sine tankar om fridom, anerkjenning og kjærleik heng saman.

Vi må snakke om imperialisme

Sjølv om eg ikkje tykkjer kapitla om barn og smarttelefon er blant dei beste, er dei heilt ålreite. Det er kapitla der Hverven kjem inn på Hegel sin politiske filosofi og over i det meir normative, at eg har nokre innvendingar. Då talar eg i særskild om kapitla om velferdsstaten, krig og menneskeverd. Men eg vil berre omfatte meg med dei to fyrste av desse.

Eg fokuserer fyrst på sjette kapittel om velferdsstaten, som kjem like etter det om fridom. Sistnemnde er eit sterkt kapittel, der Hverven får fram korleis fridom ikkje handlar om å kunne gjere nyss det ein ynskjer (då er ein jo ikkje autonom, men offer for sine lyster og innfall), men om å vere med seg sjølv hjå den andre – å innsjå korleis ein berre kan røynleggjere deg sjølv gjennom fellesskap med den andre. Eller som Hverven skriv: ‘Virkelig frihet er bare oppnåelig for mennesker som over tid lykkes med å utøve friheten i omgang med andre’ (s. 22). Altso er det då den andre ikkje står i vegen for individet sin fridom, men heller er eit moglegheitsvilkår for at den skal kunne verte røynleg. Her kjem det ogso fram korleis fridom og kjærleik heng saman.

Hverven argumenterer dinest for at Hegel sitt omgrep om fridom kan verte røynleg i mest fullstendig forstand innanfor råmane av den norske – sosialdemokratiske – velferdsstaten, som han kontrasterer med meir liberale modellar, som den britiske. Men her ser han heilt bort frå den historiske bakgrunnen for både den britiske og norske velferdsstaten. Og han ser bort frå at dette system framleis er intakt, sjølv om det no fungerer annleis. Eg talar sjølvsagt om imperialisme.

So kva er imperialisme?

Eg vil ikkje gå inn i ein lengre debatt om kva imperialisme er, men heller fremje eit særskild syn, framsett av Utsa og Prabhat Patnaik, som byggjer på Vladimir Lenin, Rosa Luxemburg og Samir Amin sin teoriar.

I eit forsøk på å summere opp Patnaikane sin teori: Kapitalisme er ein produksjonsmåte som ikkje kan eksistere utan å inngå eit strukturelt og tvingande tilhøve til sine omgjevnader (periferi). Perifere marknader fungerer som ytre påverknader fordi dei tener som reserve-marknader samstundes som dei utgjer ein reservearmé av arbeidskraft. Land i metropolen, på si side, treng råvarer som dei ikkje kan produsere billeg sjølv for å sikre akkumuleringa av velstand. Dei må difor utveksle med periferien. Gjennom den aukande etterspurnaden frå metropolen oppstår det inflatoriske prosessar som trugar verdien av pengar (sidan sysselsetjinga kan falle under eit nivå der ein kan halde inflasjonen i sjakk); difor må periferien tape i sine handelsvilkår med metropolen, for at sistnemnde kan takle dette trugsmålet. 

Dette fenomenet fører til (1) deindustrialisering og (2) arbeidsløyse i periferien, som vil seie ei nedgang i total sysselsetjing fordi innlandsproduksjon vert erstatta med import. Som resultat oppstår det ein nedgang i levestandard i periferien, noko som skaper ein stor reservehær av arbeidarar for metropolen. Denne reservehæren fungerer disiplinerande ettersom den hindrar at løningane aukar i periferien og tvingar arbeidarane til å vere pris-takarar. Fattige land spelar difor ei viktig rolle som ein støytdempar i det kapitalistiske systemet; dei hindrar at inflasjonen aukar for mykje, noko som held ved like stabiliteten i det monetære systemet, og sørger for at det er mogleg å oppnå ein akseptabel profittrate i metropolane.11

Patnaikane sin definisjon altso ut på at nokre land vere imperialistiske for å halde nede prisen på arbeidskraft og ressursar, då dei ikkje kan produsere det dei treng sjølve. Imperialisme er soleis ikkje noko alternativ, men eit naudsynt økonomisk tilhøve som held inflasjonen nede og soleis stabiliserer valutaen.

Denne pågåande utnyttinga av det globale sør er naudsynt for å oppretthalde velferdsstatane i det globale nord. Dei hevdar at rikdomen og ressursane som blir henta ut frå den globale sør, blir nytta til å finansiere sosiale program og tenester i det globale nord, medan størstedelen av verda si befolkning framleis lev i fattigdom og ulikskap. Utan slik ujamn utveksling,12 ville ein hatt mykje høgare inflasjon i rike land, noko som ville truga sjølve pengeforma sin stabilitet. Imperialisme er altso eit strukturelt og ibuande økonomisk fenomen som kapitalistiske land ikkje kan klare seg utan.13

I ljos av dette, har Hverven sitt forsvar av den norske velferdsstaten noko ‘uhegeliansk’ ved seg, då han ikkje ser korleis den norske velferdsstaten er eit unntak i ein større samanheng. Det er ikkje ein modell som kan verte røynleg for alle, og ein kan syne at den er direkte knytt til imperialisme, både i fortida og i notida – då ein ikkje kunne hatt ein velferdsstat utan å halde ved like systemet der nokre land måtte vere fattige for at andre kunne verte rike. So lenge vi lev i ein kapitalistisk verd, som altso er eit premiss for velferdsstaten, er det ikkje nokon veg utanom imperialisme, diverre.

Ein kan sjølvsagt hevde at Noreg ikkje er den verste aktøren, noko som i nokre omstende er korrekt. Vi har trass alt olje, og er difor mindre avhengige av direkte undertrykking. Men det er feilaktig å tru at dette tyder at vi ikkje har vore avhengige av utnytting. Vi bygde velferdsstaten før vi fann olje, og var allereie tilgodesett på denne tida.14 Dessutan er det vel ikkje akkurat etisk høgverdig å finansiere velferd gjennom ein ressurs som potensielt sett skapar økologisk og sivilisatorisk kollaps, og soleis trugar velferd på eit globalt nivå.

Som medlem av Nato er Noreg del av imperialismen sin kjerne, noko som leier med seg ein heil del fordelar.15 Det er difor fallert å late som om fridomen vi har i Noreg kan verte generalisert for alle. Og det går ogso på tvers av noko av det Hverven seier om fridom – nemleg at den berre er røynleg dersom den stadig er noko ein vil utvide til andre. Dette er ikkje høvet med den norske modellen. Snarare vil ein sikre seg mot at den vert underminert gjennom å hindre at andre kan etablere sine eigne velferdsstatar. Det er nyss det imperialisme gjer. For dersom land i det globale sør gjorde noko slikt, ville ikkje vi lenger kunne utnytte dei, sidan deira billege arbeidskraft og ressursar ville auke i verdi, til eit nivå der vi – som er avhengige av import av det meste – ikkje hadde hatt råd til å kjøpe dei. Dette kunne underminert heile det kapitalistiske systemet, som er grunnleggande avhengige av peng, både som bytemiddel, men ogso som middel for å akkumulere rikdom.

Ei anna problem for velferdsstatar, sjølv ein som er so rik som Noreg, er at det alltid vil eksistere eit demokratisk underskot – då sjølv vår meir sosialdemokratiske versjon aldri kan eller vil overføre demokratiet til å gjelde økonomien. Kompromisset sosialdemokratar gjer med kapitalkreftene leier ein ogso stadig nærare ein liberal modell, der det meste vert privatisert og kapitalen sin logikk stadig infiserer fleire sfærar.16 Ingen er mot velferdsstaten, det ville vore politisk sjølvmord, men ein vil likevel uthole den mest mogleg gjennom privatisering.

I den grad kapitalismen ikkje lenger er produktiv, men finansiell, er prosessar som privatisering ein stadig meir sentral del av korleis kapitalismen fungerer. Velferdsstaten sitt kompromiss er difor, i siste instans, betre for kapitalen enn for velferda til folk, då velferda trass alt kjem i andre rekkje i ein økonomi som er innretta etter profitt og ikkje behov.

Og no har eg ikkje sagt eit einaste ord om korleis den økonomiske veksten som er ibuande i dette systemet er direkte knytt til auka utslepp og at ein aldri i verdshistoria har sett ein absolutt avkopling av desse to prosessane, same kva folk som Erna Solberg eller Harald Eia påstår. Det er diverre pur ideologi, då økonomisk vekst aldri har vore absolutt kopla frå auka ressursnytting.17 Her stangar ein mot termodynamikken sin andre lov, lova om entropi.18

I ljos av dette framstår Hverven sitt forsvar av sosialdemokratiet mindre rosenraudt. ‘Alle’ ynskjer ein robust velferdsstat, men det er strukturelt sett ikkje mogleg for alle land. Velferdsstatar er alt for dyre å drifte, ikkje berre av di ein sløsar bort enorme mengder ressursar for å proppe opp kapitalistklassa utan å betre folk sin velferd, men ogso dersom ein ser på konsumpsjonsnivået og presset ein legg på naturlege vilkår. Om heile verda skulle lagt seg på vårt nivå, hadde vi for lengst hatt ein økologisk kollaps. Den norske modellen er korkje etisk eller berekraftig.

Kven er pøbelen?

For å gjere mitt neste poeng må eg fyrst seie noko om Hverven sin forklaring av framandgjering. Å vere framand er i ein viss forstand å vere ufri, sidan fridom tyder å vere heime hjå den andre, medan framandgjering er å vere framand i møte med den andre. Ein viktig distinksjon her, er at ein kan vere objektivt framandgjort, utan at ein kjenner seg framandgjort, subjektivt sett. Her er antropocen eit døme, sidan det tyder at vi vert framandgjorde andsynes naturen, som vi samstundes er del av.

Hverven knyter dette til fenomen som kroppsideal og tankar om kva det vil seie å leve eit vellukka liv. Dersom ein t.d. bur i eit samfunn der ein ikkje har råd til å gå på restaurant eller på teater, har ein grunn til å kjenne seg framandgjort. Dersom samfunnet sine ideal ikkje samsvarar med slik ein oppfattar seg sjølv, kan samfunnet altso fremje framandgjering. Dersom ein er objektivt framandgjort, som ein arbeidar som ikkje eig produkta av sitt eige arbeid, men ikkje merksam dette tilhøvet (og kanskje oppfattar seg sjølv som kapitalist av di ein t.d. eig nokre aksjar) lid ein under falskt medvit, seier Hverven.19 Ein lurar seg sjølv.

Her kjem Hverven til Hegel sitt omgrep, pøbelen. Pøbelen er den udanna massen som er utanfor det gode selskap. Pøbelen oppstår ikkje tilfeldig, men er ein kontradiksjon i moderne samfunn, som på sett og vis er eit problem som Hegel sin politiske filosofi kan løyse.20 Den oppstår hovudsakleg frå fattigdom, seier Hegel, og har difor legitimitet – sidan den jo har objektive årsakar til å vere misnøgd. Som Hverven skriv, ‘det gjenspeiler en korrekt forståelse av objektive omstendigheter’ (s. 192). Hegel er likevel kritisk, då ein jo kan vere fattig utan å vere udanna og vulgær. Ein har alltid eit val.

Som døme på pøbelen nemner Hverven høgrepopulistiske rørsler, som dei som storma USA sin kongress 6. januar 2021. Denne pøbelen er i ein visst forstand legitim, men ein kan likevel kritisere pøbelen sine handlingar (då ein jo ikkje er determinert av omstende, men har ansvar for korleis ein kanaliserer desse faktorane). Men meir interessant for mitt argument, er ideen om ein rik pøbel, som handlar om korleis ‘velstand kan lede til same hån og skamløshet som den fattige pøbelen viser’ (Hegel sitert av Hverven, s. 194). Den rike pøbelen har mindre legitimitet enn den fattige, då den objektivt sett er privilegert, sjølv om den oppfattar seg som utsett. Dette er det motsette av arbeidarar som ikkje eig produksjonsmidla, då ein kjenner seg framandgjort utan at faktiske omstende er framandgjerande.

Kan ein ikkje, med denne tanken in mente, hevde at 6. januar var eit møte mellom den rike og den fattige pøbelen? I so fall har vel den fattige pøbelen meir legitimitet enn den rike? Den fattige pøbelen har i det minste objektive årsaker til å vere framandgjort. So langt går ikkje Hverven, men det verkar fylgje av hans analyse.

Lat oss ta dette eit steg vidare. Med bakgrunn i at Noreg er ein del av den imperialistiske kjernen kan ein vel, i dialektisk and  – sidan dialektikk i ein viss forstand er immanent kritikk – nytte Hverven sin analyse av framandgjering mot han. Ettersom det ligg ein imperialistisk bakgrunn til grunn for sosialdemokratiet, kan ein ikkje hevde at det er noko framandgjerande ved dette systemet, nemleg at det dekkjer over dei materielle tilhøva som mogleggjer vår velferd? Og sidan Hverven ikkje verkar anerkjenne dette, kan ein då ogso hevde at han er prega av falskt medvit…?

Det passar i alle høve hans analyse, og eg trur det er noko i dette, noko som treff den norske sjølvkjensla – ideen om at vi liksom representerer ‘det gode’.21

Hverven innrømmer innleiingsvis sine skeivheiter som kvit, vestleg mann, men han er tydelegvis ikkje merksam slike skylappar. Sosialdemokratiet inkarnerer, i siste instans, ein form for ekskluderande nasjonalisme og imperialisme. Soleis er Marx sin Kritikk av Gotha-programmet relevant – ikkje berre av di han peikte på at det ikkje berre er arbeid som er kjelda til all velstand, men ogso naturen, og at arbeid i seg sjølv er ein naturkraft –, men ogso av di han her syner korleis dette programmet, i Marx sine auge, gjekk inn for ei nasjonalistisk forståing av sosialisme.22

Poenget er, som sagt, at imperialistiske relasjonar legg grunnlaget for velferdsstaten på fleire måtar. Til dømes er det globale økonomiske systemet framleis forma av historiske ulikskapar og maktdynamikkar, der dei tidlegare kolonimaktene styrar. Berre sjå på kven som dominerer IMF og verdsbanken, som er institusjonane som held ved like økonomisk imperialisme, som altso er slik imperialismen vert halde ved like qua det Kwame Nkrumah kalla nykolonialisme.23

Denne påverknaden leier til gunstige handelsavtalar, tilgang til ressursar og andre økonomiske fordelar, som altso sikrar stabiliteten og velstanden til velferdsstaten, som vi har sett. Vi er avhengige av imperialisme på eit handgripeleg nivå – vi har t.d. billege bananar i butikken året rundt, sjølv om vi ikkje er i stand til å dyrke desse sjølv.24

Eg skal ikkje ta dette for langt, då dette trass alt er ein bokomtale om Hegel. Om det er noko naivt over Hverven sine analyse, er det noko som kanskje kjenneteiknar norsk politikk som soleis: Ein grunnleggande idé om at vår modell er best og at den ikkje rammar nokon andre. Men då ser ein altso bort frå korleis denne modellen berre er mogleg gjennom at brorparten av verda svelt. Og om dét ikkje er framandgjerande, so veit ikkje eg. Eg er i alle høve framandgjort, om det skulle herske nokon tvil.

Krig og imperialisme

Eg skulle altso ynskjer Hverven var meir kritisk innstilt og oppteken av å gripe heilskapen av det globale politiske systemet enn han er. I kapittelet om krig gjer Hverven ein god jobb med å dementere forenklingar av Hegel sitt syn på krig, der han syner at Hegel ikkje herleggjer krig. Kapittelet om galskap har ein interessant debatt om korleis Hegel forstår galskap og det å vere tilrekneleg. Men Hverven sviktar då han diskuterer krigen i Ukraina. For det fyrste er det feil å hevde at dette er den fyrste krigen i Europa i hans levealder, då det jo var ein krig i det som tidlegare var Jugoslavia på nitti-talet.25

Han byrjar forsovidt greitt, sidan han i det minste vurderer om Putin kan ha hatt legitime grunnar til å kjenne seg truga av Nato si utviding. Men dinest avfeiar han desse høva med å hevde at Putin berre lyg om at nazistar har makt i Ukraina – trass i at ein veit at Zelenskyj har vorte pressa av desse, og at dei var utslagsgjevande under det USA-påverka kuppet i 2014.26

Hverven hoppar ogso bukk over korleis U.S.-amerikanske politikarar, heilt attende til George Kennan, meinte at å ville innlemme Ukraina i Nato var noko Russland aldri ville godta. Han ignorerer vidare korleis Putin ville forhandle heilt fram til han sette inn troppar, og i dagane etter ivra etter forhandlingar; og han gløymer korleis Zelenskyj på eit punkt var viljug til å akseptere nøytralitet, men blei overtalt av blant anna Boris Johnson til å halde fram, noko som understøttar synet om at dette hovudsakleg er ein krig mellom Nato og Russland.

Eg seier ikkje dette er heile soga, eller at legitimerer invasjonen. Men eg tek ikkje nokon som nektar for dette på alvor.27 Og for å ta dette attende til spørsmålet om imperialisme: Krig er ikkje det same som imperialisme, om ein då ikkje går inn for ein generisk teikneserieversjon. Denne versjonen har ein retorisk funksjon, men den dekkjer over faktisk tilhøve. Som eg no har repetert nok gonger: Kapitalistisk imperialisme er ein strukturell og naudsynt del av kapitalismen – og hovudsakleg eit økonomisk fenomen der ein underutviklar nokre land til eigen fordel (sjølv om militærmakt alltid ligg bak og er ein del av korleis ein held ved like denne dominansen, ogso indirekte gjennom at militærproduksjon bidreg til å styrke den produktive delen av økonomien til imperialistane).28

Det tyder ikkje at Russland ikkje agerer aggressivt i Ukraina, men det tyder at deira mål ikkje er anneksjon av Ukraina. Og det er ein vesensskilnad på denne aggresjonen og det grepet som USA/Nato har om verda, ettersom sistnemnde står for 74.3% av globale militærutgifter. Teknisk sett er Russland ikkje del av den imperialistiske kjernen, men heller ein del av det som heiter semi-periferien.29 Utan å forsvare Russland, er det innlysande at deira økonomi fungerer ganske annleis enn t.d. USA sin, og at dei i mindre grad er avhengige av å utnytte andre land økonomisk, gjeve dei enorme ressursane dei sjølv har tilgang på. Elles kan ein jo sjå på kor mange utanlandske militærbasar Russland har samanlikna med USA, som har 902.30

Dette har konsekvensar for korleis ein fordelar skuld. Russland er ansvarlege for invasjonen. Men dei har ikkje eineansvar for den underliggande konflikten. Her må USA/Nato ta ein del av skulda, sidan USA har vore inne i Ukraina lenge for 2022, ja, lenge før 2014, og utan tvil påverka kuppet i 2014. Her kan eg berre nemne Victoria Nuland sin velkjente telefonsamtale, der ho dikterer kven som skal verte president etter Poroshenko.31, 32

Dette tek oss attende til spørsmålet om pøbelen: Det kan oppstå ein rik pøbel som opptrer som om dei fortener alt og ingen har rett til å hindre dei. Her kan ein tenkje på rike individ som har flytta til Sveits. Men dette kan ein ogso nytte på nasjonar. I dette ljoset er Nato-land, med USA i føringa, rike pøblar som meiner dei har rett på alt. Dei seier til og med eksplisitt at dei berre jobbar for den éine milliarden menneskje som dei representerer – og impliserer dimed at brorparten av verda må føye seg etter mindretalet.33

Då Russland gjekk inn i Ukraina, var de mange av desse pøblane som var forarga på fattige land som ikkje støtta dei. Men dei som er offer for vestleg imperialisme har då vel objektive grunnar til å ikkje støtte Nato sitt syn? Det er vel ein ‘korrekt forståelse av objektive omstendigheter’, er det ikkje? Likevel kan ein hevde at den rike pøbelen i dette høve ville late som om landa som var mot dei var dei verkelege pøblane.

Men motstanden mot Nato sitt narrativ er då vel meir rettmessig enn dei rike pøblane sin sjølvrettferdige mine, der dei liksom er utan skuld…? Ein kan sjølvsagt meine at dei burde stå med Ukraina mot Russland, men ein burde kanskje sjølv forsøkje å forstå kvifor dei ikkje ganske enkelt føyer seg etter Nato sitt syn – og/eller i det minste anerkjenne at det er deira fordømte rett som suverene nasjonar.

Det er i alle høve ganske ironisk, nærast søtt, å sjå land som har bygd eit system på utnytting av andre, late som om dei likevel har det moralske overtaket. Litt som då dei klagar over at u-land er korrupte, samstundes som dei ikkje går av vegen for å avsetje demokratisk leiarar dei ikkje likar for å sikre interessene til sin nasjonale kapitalistklasse.

Ein har faktisk ikkje rett til å klage over korrupsjon samstundes som ein avsett demokratisk valde leiarar, eller grip inn i deira ‘frie’ val dersom ein ikkje likar vala dei tek.

Speler imperialistane dumme, eller har dei kanskje falsk medvit? Same kva som er høvet: Imperialistar har ikkje rett til å tale om demokrati eller skulde andre for korrupsjon. Dei er berre for demokrati og mot korrupsjon dersom det tener dei sjølve. Deira sokalla ‘regelbaserte orden’ er rigga i deira favør; den sikrar deira dominans.

Sånn, då skal eg leggje desse politiske kjepphestane til sida.

Naturfilosofi og miljø

Etter nokre kapittel som ikkje framstår gjennomarbeida som dei som innleiar boka, er avslutninga – om Hegel sin naturfilosofi – blant dei sterkaste. Her er det tydeleg at Hverven er på heimebane. Han maktar å få fram korleis Hegel sitt natursyn ikkje berre er relevant for notida sine spørsmål, men og kvifor det er attraktivt for alle som ynskjer å formulere eit natursyn der ein ikkje ignorere naturvitskapen eller naturen; der ein ikkje går i den reduksjonistiske fella, og syner korleis våre omgrep har ein strukturell likskap med omgjevnadane som ein vil skildre.

Slik kan Hegel unngå skeptisisme, samstundes som han ikkje seier at våre omgrepsapparat kan gje ein fullstendig skildring av naturen, sidan den jo er avmektig. Dette, seier Hegel, tyder at naturen set grenser for filosofien. Dette gjev eit heilt anna inntrykk av Hegel sin idealisme enn det ein ofte får servert i innføringsbøker. – Borte er den megalomane tenkaren som vil redusere heile røynda til sin logikk – som trur ein liksom kan ha ein teori som forklarar alt. Attende står ein audmjuk tenkar, som er merksam at naturen er for kontingent – har for mykje tilfeldigheit til å verte fatta på ein fullstendig måte gjennom våre omgrep.

Men omgrepa våre er likevel ikkje heilt makteslause i møte med omverda. Soleis unngår Hegel å seie at naturen er ein ting i seg sjølv, fullstendig utanfor våre fatteevne, slik Kant gjorde. Dette er Hegel og Hverven på sitt beste. Her er det verdt å sitere sistnemnde:

«Dette er bemerkelsesverdige formuleringer fra en filosof som gjerne blir beskyldt for å mene at fornuften kan tenke i stykker enhver motsigelse og hegne alt fremmed inn i en forestilling om «det absolutte». Naturens «maktesløshet» fremstår som en paradoksal makt: makte til å sette grenser for filosofien. Det ansporer til ydmykhet overfor naturen. Det er «uhørt» å «forlange» at mennesker skal kunne begripe naturens uendelige rikdom og mangfold av former. (s. 369)34»

Hverven seier at måta naturen legg føringar for tenkinga ogso utgjer sjølve livsnerva i Hegel si tenking. Det er det ein kallar ein produktiv kontradiksjon, ‘denne pulserende spenningen mellom etablerte forforståelse og faktiske erfaringer’ (s. 370).35 Her kjem Hverven ogso inn på korleis dialektikk ikkje er ein forsteina teori, men ein metode som stadig må verte utvikla gjennom interaksjonen mellom teori og praksis.

Eg kan leggje til at naturen sin mangel på fornuft ogso set grenser for vitskapen. Dette liknar på systemteori, som Stuart Kauffman sin teori, der ein aldri kan gje ein fullstendig forklaring av kva moglegheiter som eksisterer innanfor eit gjeve system, sidan moglegheitsrommet stadig endrar seg. Dette opnar for radikal uvisse, noko ein ogso finn hjå Hegel.

Hegel presenterer altso ein unik modell for korleis filosofien etablere sitt tilhøve til vitskapen, ein modell som byggjer på filosof og vitskap – som ikkje meiner at filosofien står i eit ytre tilhøve til vitskapen. Sjølv om vitskapen sine resultat er naudsynte for filosofien, er det ikkje slik at ein burde akseptere desse ukritisk. Ein burde helle rekne filosofien som noko som er ein ibuande del av einkvar vitskap, og i seg sjølv ein vitskap, nemleg vitskapen som omfattar heilskapen – ein korreks til dei partikulære vitskapane, ein immanent kritikk.

Hegel sitt syn kan altso bane veg for eit anna tilhøve mellom filosofi og vitskap, eit tilhøve der filosofien korkje ignorerer vitskapen, etterapar den, eller nyttar den på ein opportunistisk eller ytre måte. I staden fortel Hegel at filosofi i seg sjølv er ein vitskap, og at vitskapen er filosofisk, i og med at den byrjar på det same prosjektet som filosofien, nemleg å gjere naturen konkret i den særskilde tydinga som Hegel gjev dette omgrepet, og som Hverven skildrar på ein presis måte, ved ‘å trekke en allmenn eigenskap ut frå et individuelt fenomen’ (s. 27).

Hverven får ogso fram eit heilt avgjerande poeng: at logikken berre kan verte realisert i sin motsetnad (s. 372). Det forklarar kvifor det Hegel kallar ideen ikkje er noko reint logisk, men ein samanbinding av omgrepet og røynda. Dette, seier Hegel, er ikkje ein overgang, som om ein overfører logiske kategoriar på naturen utanfrå. I staten er det ei frigjering, der ein ser korleis logikken og naturen alltid allereie er bunde saman, korleis logikken sine kategoriar er avleia frå naturen, samstundes som dei er i stand til å påverke den. Tilhøvet mellom logikk og natur er difor ikkje eksternt.

Dette er uttrykt i det siste avsnittet i Logikken, der Hegel fortel at omgrepet ikkje står i eit ytre tilhøve til røynda, som om ein berre klistrar omgrepa på røynda. Snarare er det slik at røynda sjølv inkarnerer omgrepet, men på ein ikkje-perfekt måte. På dette nivået er det ein absolutt frigjering av ideen, der den er transparent for seg sjølv som aktiv del av røynda. Dette er ikkje ein kunnskap som omhandlar alt – som om ein på dette punktet liksom har ein ‘teori om alt’ ein avleie alt anna frå. Hegel dementerer soleis fysikken sin våte draum.

Ein misforstår altso Hegel om ein trur han vil etablere ein teori om alt, og ein må eigentleg lese logikken ganske vrangt for å hevde noko slik – då den jo ikkje er eit forsøk på å ramse opp alle fakta om røynda, men heller på å forstå korleis logiske kategoriar utviklar seg i samspel med røynda. Det ein oppnår, er ein praktisk innsikt i korleis logikken og røynda er uløyseleg bunde saman, utan å vere identiske. Det er dette Hegel meiner med å seie at ein har med ein objektiv logikk å gjere, at idear ‘eksisterer i levende natur, uavhengig av mennesker’ (s. 356).

Samstundes som han syner korleis det er strukturell likskap mellom menneskje og andre levande organismar i måta båe er ‘utøvende idealister’, klarar Hverven å framheve korleis dette natursyn underminerer tanken om at alt ‘går opp’ i Hegel sin tenking. Denne myten, som vi omtala ovanfor, samsvarar nemleg ikkje med korleis naturen vert verande annleis – ein sfære som logikken aldri kan herske over fullt ut. Her kan vi kanskje tenkje på det Hverven seier om kjærleik og at logikken sitt tilhøve til omverda liknar dette tilhøvet, nemleg å vere heime hjå den andre.

Hverven syner ogso at det er feilaktig å hevde at Hegel avviste sin tid sine evolusjonsteoriar, då desse ikkje var evolusjonsteoriar i retteleg forstand. Evolusjonsteorien er i ein visst forstand implisitt – eller i det minste kompatibel med – i ideen om naturen sin avmakt. Ein kan til og med gå lenger, å syne korleis den dialektiske forståing av tilhøvet mellom organisme og miljø som ein finn hjå Hegel – og som seinare blei utvikla av Engels – dannar basisen for vendinga som skjer innanfor biologien, der ein plasserer organismen i sentrum av evolusjonsteorien att. Soleis hadde Hegel kanskje meir rett enn ein skulle tru då det gjeld dette med evolusjon.

Konklusjon

Den kanskje beste definisjonen av dialektikk kjem i delen om and. Det skjer i det Hverven (på side 56) talar om korleis tilhøva mellom menneskje som anerkjenner kvarandre ogso er interne. Altso dialektikk handlar om interne relasjonar mellom subjekt. For å parafrasere Hegel: Ikkje berre som intersubjektivitet, men samstundes om intrasubjektivitet. Det skjer ein fordobling: Eksterne tilhøve er alltid ogso interne (noko som forklarar kvifor Hegel kallar teleologi for sanninga om mekanistiske tilhøve!). Dette er dialektikk i eit nøtteskal, og det er tydeleg om ein ser på levande organismar, som er i ein intern relasjon til miljøet, ettersom dei ikkje kan overleve og ivareta sin organisering utan å ha eit konstitutivt tilhøve til dette miljøet. Økosystemet eksisterer altso både utanfor og innanfor organismen. Kort sagt: Det er ein identitet-i-skilnad mellom dei.

Kapitla om feminisme, rasisme og identitet har Hverven taktisk plassert eit stykkje ut i boka, då det er her ein kjem til nokre av dei mest problematisk sidene av Hegel sin filosofi – dei som ein nok ikkje burde forsøkje å redde. Hverven gjer likevel ein god jobb i å syne at sjølv om Hegel sa nokre særs problematisk ting om kvinner og afrikanarar, so er det ikkje med naudsynt slik at dei er so ille som ein ofte har gjort det til, gjeve konteksten, og at ein ogso finn ressursar innåt i Hegel sin tenking som kan nyttast mot rasisme og kvinnehat samt diskriminering av minoritetar.

Hverven syner t.d. at anti-kolonialistiske tenkarar som Fanon nytta seg av Hegel sin tenking for å formulere sin teori. Men då Hverven kjem til dette med vald, som Fanon meinte var ein legitim form for motstand mot den valda som kolonialismen inkarnerer, skortar det på presisjon.

Fanon hevda at den koloniserte personen måtte nytte seg av vald for å bryte fri frå den koloniale strukturen. Denne valden var ikkje berre ein fysisk kamp, men også ein psykologisk og eksistensiell kamp for å vinne attende sin eigen identitet. Fanon la vekt på at vald ikkje var eit mål i seg sjølv, men heller eit middel for å oppnå fridom og rettferd. Han åtvara samstundes mot at vald kunne føre til nye former for undertrykking og vald, og understreka at frigjering måtte vere basert på humanistiske verdiar som solidaritet, rettferd og gjensidig respekt.

Alt dette er fråverande hjå Hverven, som kjapt ytrar si støtte til Gandhi si pasifistiske løysing. Men her ignorerer han korleis Gandhi blei kritisert i sin samtid, av folk som Baghat Singh, som meinte Gandhi var for kompromissviljug andsynes britiske styremakter.

Ettertida har i stor grad gjeve Singh rett i denne vurderinga. Sjølv om Gandhi si framgangsmåte var viktig for å mobilisere store folkemengder og skape moralsk legitimitet for frigjeringskampen, var det væpna kamp som til slutt tvang britane til å trekkje seg ut av India. Dette er Hverven taus om.

---

Trass mine kritiske punkt: Hverven har skrive ein viktig bok, som rettar opp mange feilaktige oppfatningar om Hegel sin filosof, og samstundes syner hans relevans for noverande spørsmål på ein stort sett framifrå måte. Men på dei punkta der Hverven går utover filosofien, er diverre for overflatisk eller upresis til at det han seier har særleg verdi.

Hverven kunne nok forsøkt å famne om mindre, eller gått meir i djupna i desse spørsmåla, som han trass alt ynskjer å adressere. Ikkje berre av di hans behandling av politiske spørsmål er overflatiske, men ogso av di Hegel sin posisjon – og korleis dei ulike delane av hans tenking heng saman – ikkje kjem fram like tydeleg i desse delane. Dette er blant grunnen til at eg tykkjer det siste kapittelet, om natur, er boka sitt sterkaste og truleg det mest relevante.

I alle høve: Hverven si bok ein studie i god formidling, og eg vonar at boka sin breie appell kan markere starten på liknande bøker, om Hegel og andre filosofar på norsk. Det er sårt trengt i ei tid der filosofien, og humanvitskapane som soleis sin, burde kjenne si vitjingstid, då stadig fleire søkjer seg til filosofien i von om å finne haldepunkt.

Diverre er det slik at universitetssystemet ikkje i særleg grad legg vekt på formidling til ei større publikum, og at vi kanskje manglar litt sjølvtillit på vegne av eigne fag. Med ei slik utgjeving syner Hverven at det ikkje berre er mogleg å formidle krevjande teori til eit breitt publikum, men at det ogso er viktig, då det kan gje oss nye forankringspunkt i ein stadig meir usikker tid.

Kanskje har Hverven satt i gang noko større? Ein kan berre vone.

Noter

  1. Dette er noko Friedrich Beiser ogso legg vekt på. Sjå Friedrick Beiser: Hegel, New York: Routledge (2002).
  2. Eg talar her i særskild om evolusjonsbiologi, der Richard Levins og Richard Lewontin sitt perspektiv, dialektisk biologi, dannar bakgrunnen for det som heiter nisjekonstruksjonsteori, som handlar om det tette samspelet mellom organisme og miljø, og som legg vekt på at organismen ikkje berre er eit passivt objekt, men eit subjekt – ein aktør som kan påverke si eiga utvikling og dinest ogso påverke evolusjonshistoria. Richard Levins og Richard Lewontin: The Dialectical Biologist, Cambridge, MA: Harvard University Press (1985). Ein finn liknande tendensar innanfor sinnsfilosofi, der ein ogso har teke opp det dialektiske perspektivet. Her kan berre eg syne til Ezequiel di Paolo sitt arbeid, noko av det er referert nedanfor.
  3. Dette med at Hegel sin filosofi ikkje er lineær kunne Hverven forsovidt fått betre fram om han tala om Hegel sitt syn på uendelegheit – noko som er sentralt i hans forklaring av liv som sjølvrefererande og syklisk – men det er noko han omfattar seg med i Logikken, som altso ikkje er Hverven sitt hovudfokus.
  4. Dette er Theodor Adorno si lesing, som meinte at Hegel sin filosofi er ein identitetsfilosofi der alt i siste instans ‘går opp’ i ein høgare syntese, noko som tyder at Hegel sin tenking manglar kritisk potensial. Men ein finn den ogso hjå Gillez Deleuze, Jacques Derrida, ja, nærast heile den franske etterkrigs-generasjonen, som lærte om Hegel gjennom Alexandre Kojéve sine førelesingar. Det er ofte noko slapt over desse kritikkane, som baserer seg på selektive lesingar av Hegel sine verk. Hverven imøtegår dette synet, i det han nyttar noko tid på å syne at Hegel er nærare Adorno enn sistnemnde trur, då Hegel seier at det faktisk ikkje er slik at det finst perfekt samsvar mellom logikken sine kategoriar og røynda. Det han kallar naturen si avmakt tyder at den ikkje kan leve opp til våre logiske kategoriar, noko som på den andre sida tyder at våre omgrep alltid feilar, at ein ikkje kan avleie konkrete individ frå logiske kategoriar. Soleis er det alltid ein mangel på fullstendig samsvar, dvs. ikkje-identitet, mellom logikk og natur. Naturen si avmakt er difor spegla i logikken sin ufullstendigheit. Her tek Hverven ein del frå Wes Forlutte si bok om Hegel sin naturfilosofi, sjå siste sluttnote. Eg kjem attende til dette nedanfor.
  5. Her kunne ein t.d. sett på Engels sin tolking av Hegel sin naturfilosofi, formulert i tre prinsipp: 1) lova om omdanning av kvantitet til kvalitet og omvendt; 2) lova om gjensidig gjennomtrenging av motsetnader; og 3) lova om negasjonen av negasjonen. Desse vart formulert frå eit engasjement med vitskapen, og har difor vitskaplege motstykke, som Hegel sjølv peika på. Ilya Prigogine, Nobelprisvinnar i kjemi i 1977, samanlikna desse med dei vitskaplege oppdagingane av cella, termodynamikken og darwinistisk evolusjon. John Bellamy Foster: The Return of Nature: Socialism and Ecology, New York: Monthly Review Press (2020). Sjå elles Hub Zwart si bok Continental Philosophy of Technoscience, Cham: Springer Verlag (2021).
  6. Eg kan ikkje her gje ei skikkeleg forklaring på kvifor Lacan meiner det er slik, men ein del av forklaringa er at vi er – som Hegel ogso meiner – ufullstendige vesen, som alltid må søkje utover oss sjølve for å overleve. Begjæret er forankra i denne grunnleggande trongen, men vert sublimert og forma av sosiale tilhøve. Altso er begjær noko ein lærer – ikkje noko ein kan redusere til naturlege prosessar som reproduksjon; men samstundes er begjæret forma av slike prosessar.
  7. Meir presist: I denne kjensla av vonbrot kan ein avleie det Lacan kallar jouissance, direkte omsett til nyting (annleis enn fornøyelse eller glede), som kjem frå det at ein mislukkast i å oppnå fullstendig glede ved objektet ein kjenner begjær for. Jouissance har altso noko overskridande ved seg – det ligg utanfor lystprinsippet, som berre søkjer direkte glede. Jouissance omhandlar drift, som altso er den obskøne nytinga ein oppnår gjennom å halde rørsla ved like.
  8. Som Žižek seier i The Sublime Object of Ideology: ‘We must remember that there is nothing intrinsically sublime in a sublime object according to Lacan, a sublime object is an ordinary, everyday object which, quite by chance, finds itself occupying the place of what he calls das Ding, the impossible-real object of desire’. Her kan ein leggje til at individet på ein kynisk måte og på eit medvite nivå ‘veit’ at dette ikkje er mogleg. Det hindrar ikkje individet i å umedvite tru at det faktisk er mogleg. Dette er det som i psykoanalysen heiter avvisning, som har formelen ‘eg veit veldig godt, men…’. Slavoj Žižek: The Sublime Object of Ideology, London: Verso (1989), s. 194.
  9. Det er ein parallell mellom korleis ein skildrar and og drift, då drift som sagt handlar om rørsle, om struktur. Det same gjeld and, som på mange måtar er Hegel sitt ord for system, for organisasjon – for rørsla som går frå den eine skikkelsen til den andre og vert forma av deira innhald, utan å vere identisk med dette innhaldet, då anda er forma, det er negativitet som prosess som stadig går vidare, som ikkje står stille. Her kan ein ogso seie at anda er totaliteten, ikkje som noko statisk, men som noko flyktig. Vidare kan ein seie at Hegel sin filosofi ikkje er holisme (kontra Hverven) sidan holisme impliserer at totaliteten kan bestemme over delande, medan Hegel sitt poeng er at delane ogso påverkar totaliteten (her kunne eg ogso kome inn på omgrepet konkret universalitet, som handlar om det same, men eg skal halde meg unna). I den grad der er holisme, er det relasjonell holisme. Her kjem ein ogso inn på kvifor levande organismar ogso er andelege vesen, i den grad dei syner ein struktur og rørsle driven av mangel. Dei er difor subjekt, qua sjølvbestemmande vesen, utan at dette tyder at dei har sjølvmedvit eller impliserer nokon som helst form for panpsykisme, då dette ikkje gjeld naturen som soleis, berre den organiske delen av den. Her ligg Hegel tettare det som heiter biopsykisme, jamfør Fermín C. Fulda (2020) ‘Biopsychism: life between computation and cognition’, Interdisciplinary Science Reviews, 45:3, 315-330, DOI: 10.1080/03080188.2020.1794381
  10. Eg kan leggje til at dette liknar Hans Jonas og Ezequiel Di Paolo, som talar om mangel på likevekt eller prekaritet som noko som ligg til grunn for organismen sin aktivitet, og sidan handling og sinn er bunde saman, til grunn for utviklinga av sinnet. Hverven er inne på dette, men kunne gjerne fått det betre fram. Ezequiel Di Paolo: ‘The enactive conception of life’, i A. Newen, S. Gallagher, L. de Bruin (red.), The Oxford Handbook of Cognition: Embodied, Embedded, Enactive and Extended, Oxford: Oxford University Press (2018). Sjå ogso sluttnote 5.
  11. Det ligg ein premiss til grunn for det kapitalistiske systemet som ein ofte ikkje omtalar. Dette forklarar ogso tendensen mot imperialisme. Dette er det som heiter Say si lov, oppkalla etter Jean-Baptiste Say. Denne lova fortel at produksjonen av eit produkt skapar sin eigen etterspurnad, altso at tilbod skapar etterspurnad. Det einaste problemet er at denne lova ikkje stemmer. Dersom den var korrekt ville ein aldri hatt overproduksjon, men overproduksjon er ein ibuande tendens i kapitalismen, noko Patnaikane syner. Alle argument for frihandel tek for at alle økonomiar opplever full sysselsetjing både før og etter handel, noko som sikrar etterspurnad. Men sidan dette ikkje er høvet, sidan ein har avgrensa etterspurnad, er verdsøkonomien eit nullsumspel. Dersom eitt land aukar sitt produksjons- og sysselsetjingsnivå gjennom handel, så må eit anna land oppleve ei reduksjon i si produksjon og sysselsetjing som ei motvekt til auka i det fyrste landet. Soleis får ein eit rotterace mot botnen. Altso tvingar kapitalismen sitt ibuande vekstimperativ fattige land til å kjempe mot kvarandre. Og sidan ein ibuande del av nyliberalisme er å tvinge land til å opne økonomien for internasjonal finanskapital – og å fylgje IMF sine krav dersom dei vil ha lån – er fattige land hindra i å intervenere for å auke sysselsetjing og produksjonsnivå.
  12. Sjå Hickel, J., Hanbury Lemos, M. & Barbour, F: ‘Unequal exchange of labour in the world economy’, Nature Communications 15, 6298 (2024). https://doi.org/10.1038/s41467-024-49687-y
  13. Eit nærliggande døme er sjølvsagt IMF sine strukturelle reformar, der ein kjem med strenge krav om innsparingspolitikk og opning for at utanlandsk kapital kan investere for at ein skal få lån. Soleis er fattige land, som har vorte fattige på grunn av ein land historie med kolonialisme ikkje gjeve reperasjonar, men heller straffa att, for noko dei ikkje sjølv er skuld i. Dette er ikkje å seie at dei ikkje har agens, då det alltid finst ein elite, ein klasse av borgarlege kompradorar (mellommenn) som er (akkurat som dei var på tida då ein hadde formelle kolonialar) allierte med dei utanlandske investorane, og som tener seg rike på denne imperialismen, medan befolkninga deira må lide. Ifylgje Patnaik og Patnaik er det globale økonomiske systemet framleis strukturert på ein måte som gagnar rike land på kostnad av fattigare land. Ujamn bytehandel tyder at i det globale sør er tvinga til å selje råvarene sine til kunstig låge prisar, medan dei importerer produserte varer frå det globale nord til kunstig høge prisar. Dette skapar ein situasjon der det globale nord er i stand til å akkumulere rikdom og ressursar på kostnad av det globale sør. Den historiske utviklinga av vestlege velferdsstatar blei delvis finansiert av utnyttinga av koloniane og utvinninga av ressursar frå det globale sør. Dette tilhøvet har halde fram i endra form sjølv etter slutten på formalisert kolonialisme. Prabhat og Utsa Patnaik: Capital and imperialism: theory, history, and the present, New York: Monthly Review Press (2021).
  14. Og nei, Noreg var ikkje blant Europa sine fattigaste land før vi fann olje og bygde opp velferdsstaten vår. Det er ein myte som Hverven implisitt held ved like gjennom å utelate å nemne denne bakgrunnen for sosialdemokratiet. ‘In Norway, a die-hard myth said (and still says) that Norway was one of Europe’s poorest countries before oil and gas was discovered a stone’s throw off the coast in the late 1960s. To this very day the narrative of historical Norwegian poverty is repeated, in particular by Norwegian politicians embroiled in rhetoric linking prosperity to the emergence of the welfare state aft er the Second World War. Such an account problematically skews other facets of the Norwegian past, such as, for example, the successful Norwegian history of shipping. The mere fact that Norway had the world’s third-largest merchant fleet around 1890 more than indicates that Norwegian capitalists took an active part in world business and thrived economically in the period when world trade expanded by 400 per cent between 1860 and 1914 (Johnsen 1998: 13, 35–36). Further, such an account also obscures the fact that this very merchant fleet was a major factor in Norway’s withdrawal from the union with Sweden’. Kirsten Alsaker Kjerland: ‘Preface’ i Navigating Colonial Orders: Norwegian Entrepreneurship in Africa and Oceania, New York and Oxford: Berghahn Books (2014), s. xv-xvi.
  15. Dette har sjølvsagt ogso ei bakside, sidan vår velferdsstat vert uthola av internasjonal finanskapital, og vår suverenitet vert ytterlegare truga av ting som USA sine militærbasar, noko som aukar konfliktnivået med Russland.
  16. Her kan interesserte lesarar sjekke Søren Mau si bok Stum Tvang, som handlar om korleis kapitalen sin logikk breier om seg i stadig større grad, noko som leier til ein tvang som er strukturell, ein maktdimensjon som i stor grad erstattar vald og ideologi, utan at dette tyder at desse to midla forsvinn. Denne maktdimensjonen er meir subtil enn dei to andre formane for makt. I motsetnad til ideologi, som forsøker å overtyde menneske om bestemte verdiar og haldningar, eller vald, som direkte tvingar folk til å handle på ein bestemt måte, opererer den stumme tvangen på eit meir underliggjande plan. Den utnyttar og forsterkar allereie eksisterande normer, forventningar og maktstrukturar i samfunnet. På denne måta held ein ved like og reproduserer den eksisterande makttilhøve, utan at dei som er underlagt denne makta alltid er seg medviten dette. Søren Mau: Stum Tvang. En marxistisk undersøgelse af kapitalismens økonomiske magt, Aarhus: Forlaget Klim (2021). Ein kan ogso sjekke det Patnaikane skriv om internasjonal finanskapital sitt inntog i ulike land som eit trugsmål mot nasjonal suverenitet og difor ogso mot demokratiske prosessar.
  17. Eg har heller ikkje sagt noko om den sokalla frie pressa sin stakkarslege tilstand, der nærast alle avisar er eigd av store konsern (monopolisering), noko som leier til ein stadig meir einsretta offentlegheit, men innskrenka ytringsrom. Ikkje berre det, den offentlege samtala går stadig lengre til høgre, då avisar tener godt på publisere ‘kontroversielle’ meiningar. Opplysaransvaret er fråverande og samrøret med eliten påfallande. Kanskje kunne det vore verre, men det er eigentleg litt pinleg at vi, som er ‘verda sitt rikaste’ land ikkje får til noko betre. Og her har eg ikkje sagt noko om boligsektoren, helsevesenet, arbeidslivet etc., som alle har sine problem som sosialdemokratiet er ute av stand til å løyse utan å bryte med kapitalismen, men då ville det ikkje lenger vore sosialdemokrati; det ville vore sosialisme.
  18. Dette blei påpeikt allereie i 1971 av Nicholas Georgescu-Roegen i The Entropy Law and the Economic Process, Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press (1971), ei bok som danna basisen for økologisk økonomi. Det er ogso ein viktig del av økososialisme, jamfør John Bellamy Foster sine arbeid.
  19. Her spelet ogso imperialisme ei rolle, då det oppstår eit arbeidararistokrati i rike land, arbeidarar som er relativt rike, og som vil kjenne seg truga av arbeidarar som kjem frå fattigare land, eller innvandrar som liksom tek jobbane deira. Dette er grobotn for sosialsjåvinisme, og forklarar kvifor arbeidarar kan falle for lovnader frå parti som ikkje er på deira side, som representerer storkapitalen, men samstundes latar som om dei kjempar for arbeidarar, sidan dei seier at dei kan verne arbeidarar innåt i nasjonen frå framandarbeidarar og innvandrarar. Dette er tydelege i Trump sin retorikk, og ein viktig del av høgresida sin tilnærming som soleis, sidan dei jo veit at dei må appellerer til arbeidarar for å vinne val, samstundes som deira hovudsaklege prioritet er å halde kapitalistklassa ved makta – og gjerne tene litt peng på dette sjølv. Nok ein gong, her er ikkje Noreg verst, men tendensen er likevel klår, ogso i Noreg: Kapitalen grip stadig meir om seg.
  20. Og sidan Minerva si ugle fyrst flyr med daggry, kan det at Hegel omtalar pøbelen tolkast som at det samfunnet han skildrar, der det med naudsyn oppstår ein pøbel, syng på siste verset.
  21. Her kan lesaren sjekke Torkil Lauesen si forsking. Sjølv om han fokuserer på Sverige i sin nyaste bok, Riding the wave: Sweden’s Integration into the Imperialist World System, Montreal: Kersplebedeb Publishing (2021), er han tydeleg på at den same analysen ogso treff Noreg og Danmark. Her dokumenterer han t.d. korleis Noreg, trass i at vi formelt sett var underkaste Sveriga, bidrog sterkt til kolonial utnytting, gjennom vår flåte: ‘In 1878, Norway was still the third largest nation globally in terms of shipping tonnage, behind only Great Britain and the United States.’ Vi er altso mindre uskuldige enn vi nok ynskjer å innrømme.
  22. Imperialisme hindrar internasjonal solidaritet blant arbeidarar, og leier dei til å støtte sin nasjonale kapitalistklasse, i særskild i krisetider. Det er slike haldningar som gjer at høgresida kan appellere til arbeidarar, sjølv om dei innfører politiske tiltak som sikrar kapitalistklassen si makt.
  23. Kwame Nkrumah: Neo-Colonialism: The Last Stage of Imperialism, New York: International Publishers (1966).
  24. I alle høve ikkje på ein rimeleg måte. Alt dette tyder sjølvsagt ikkje at arbeidarar i Noreg ikkje ogso er utnytta. Som Kai Heron skriv: ‘None of this is to say that workers in the core are not exploited; it is merely to point out that they benefit from a capitalist system that pits them against their peripheral counterparts. If you drink coffee in the United States or Europe, eat chocolate, own a phone or wear clothes, you are in all likelihood a participant in the super-exploitation of the periphery’s lands and labour. To recognize this is a precondition for meaningful internationalism. Since the Global North’s energy and resource use cannot be extended to the rest of the world without exceeding the planet’s biophysical limits, anti-imperialist politics requires that those in the core – including many workers – reduce their overall consumption.’ Kai Heron: ‘The Great Unfettering’, i New Left Review, London: Routledge (2022).
  25. Desse krigane er heller ikkje so ulike, formelt sett. Hovudskilnaden er vel at Kosovo blei støtta av Nato medan Donbass-republikkane er støtta av Russland. Dette argumentet er gjort av sosiolog Boaventura de Sousa Santos (2025) El Fin de Europa Tal y Como la Conocemos. Entre la Paz y la Guerra, upublisert manuskript, sitert her: https://sublationmedia.com/proxy-wars-the-end-of-europe-and-psychic-colonization-as-a-new-normality/?fbclid=IwY2xjawE6W-9leHRuA2FlbQIxMAABHYz6GKMlKLiDf5f2TqYe7yrOIa1EF8fRIomH3GjDB6oEnD3GHSiBO022uA_aem_S0mHUR8I1SK234_MkIGmQw
  26. Eg meiner ikkje med dette å seie at det er rett, som Putin hevdar, at Ukraina er eit nazistisk land per se. Men det var då nok av sakar i vestlege media om korleis Ukraina var ein årestad for fascisme i Europa, i tida før opptrappinga i 2022. Dette vil ein sjølvsagt ikkje høyre tale om no, men eg kan syne til sakar frå ein hovudstraumsnyhendekjelde som the Guardian, her ein frå 2019: https://www.theguardian.com/world/2019/apr/11/ultranationalism-in-ukraine-a-photo-essay
  27. Å hevde at Russland er imperialisten her, er å overvurdere Russland sin styrke i verdsøkonomien samt deira militærmakt. Det finst berre éin imperialisme i verda. Det finst ikkje nokon inter-imperialistisk konflikt, korkje mellom Vesten og Russland eller mellom Vesten og Kina. Russland (og Kina) sitt militære er hovudsakleg innretta etter forsvar. Det er enkelt å syne gjennom å samanlikne størrelsen til deira militære med USA/Nato. Dei nyttar mykje mindre på forsvaret sitt per capita enn t.d. Noreg, som er på andreplass i verda. Her syner eg til Tricontinental: Institute for Social Research sin nyaste studie av det dei kallar hyperimperialisme, som alle burde lese før dei eventuelt vil kritisere min analyse. Hyper-Imperialism: A Dangerous Decadent New Stage (2024), https://thetricontinental.org/studies-on-contemporary-dilemmas-4-hyper-imperialism/
  28. Walter Rodney: How Europe Underdeveloped Africa, London: Bogle-L’Ouverture Publications (1972).
  29. Vi veit ogso at det lenge har førelagt konkrete planar om å dele opp Russland i mindre republikkar. For nokre U.S.-amerikanske politikarar, er dette det langsiktige målet, for å svekkje Russland permanent. Soleis er det vel slik at Russland sin posisjon er meir utsett enn det ein ofte er viljug til å innrømme, i alle høve at dei har ein viss grunn til å kjenne seg utsett. Men i staden demoniserer ein Russland, og latar heller som om dei liksom vil ta over heile verda, slik at Nato kan verke som ein forsvarsallianse.
  30. Hyper-Imperialism: A Dangerous Decadent New Stage.
  31. Dette er ikkje det same som å hevde at USA liksom hadde full kontroll over alt som hende, eller at det ikkje ogso var spontane protestar, sjølvsagt. Verda er for komplekst til slike enkle analysar. Faktisk kan ein nytte seg av Hegel her, og gjere ei oppheving av skilnaden mellom folkerevolusjon og fargerevolusjon. Det var ein blanding, og det var ogso store protestar andre stader i Ukraina, mot EU. Men i siste instans var det som hende eit kupp, ikkje ein revolusjon, då ein jo ikkje fekk bukt med korrupsjon eller innsette ein liberal rettsstat.
  32. Vi må heller ikkje ta frå Ukraina all agens, som om dei berre er offer for stormaktspolitikk. Dei må sjølv ta sin del av skulda, då dei bomba Donbass, med store sivile tap, i åra før 2022, og gjennomførte attentat på folk som blei rekna som russiske sympatisørar. Det siste blei avslørt av New York Times i ein artikkel om CIA sin rolle innåt i Ukraina: https://www.nytimes.com/2024/02/25/world/europe/cia-ukraine-intelligence-russia-war.html
  33. ‘I fjor lova EU og NATO – institusjonane i hjartet av det globale nord – i fellesskap å ‘mobilisera det kombinerte settet av instrument til disposisjonen vår, anten dei er politiske, økonomiske eller militære, for å forfølgja dei felles måla våre til fordel av våre éin milliard innbyggjarar’. I høve du ikkje fekk det med deg, er den makta – for det meste militærmakt og militært diplomati – ikkje meint å tene menneskja, men berre å tene borgarane ‘deira’.’ Frå https://www.moldbeta.no/p/vi-veit-at-ei-annleis-verd-vil-oppsta
  34. Ifylgje Padui kan ein likevel undre seg om ikkje Hegel i siste instans meiner at dette vilkårlege aspektet ved naturen er mindre viktig enn logikken sin kraft, men det tek ikkje noko bort frå Hverven sin analyse. Raoni Padui: Hegel and Heidegger on Nature and World, London: Rowman and Littlefield (2024).
  35. Her kjem ein av Hverven sine kjepphestar ogso til syne, då han nyttar det naturen sin avmektigheit som eit argument mot Adorno, som meiner at Hegel trur at alt som ikkje passar inn (det ikkje-identiske) kan verte redusert til det identiske, altso at logiske kategoriar utraderer alt som ikkje passar inn. Men Hegel ligg altso tettare på Adorno enn sistnemnde er klår over. Her byggjer Hverven på Slavoj Žižek: Less Than Nothing: Hegel and The Shadow Of Dialectical Materialism, London: Verso (2012), Wes Furlotte: The Problem of Nature in Hegel’s Final System, Edinburgh: Edinburgh University Press (2018).
Powered by Labrador CMS